Museumsvert på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Museumsvert på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Ledige stillingar som museumsvert på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum frå 1. juni til 31.august.

De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum er eitt av dei eldste og største folkemusea i landet med utstillingar i hovudbygget, og friluftsmuseum med meir enn 30 hus frå mellomalderen til huset Stella frå 1985. I sommarhalvåret tilbyr vi omvisingar og aktivitetar. Museet driv også eit gardsbruk som på siste del av 1800-talet, kafé og museumsbutikk. Ved kaien i Kaupanger ligg Sogn Fjordmuseum, som er ein avdeling av DHS-SF.

Om stillingane:

Arbeidet som museumsvert på DHS-SF er variert og ansvarsfullt arbeid delt i skiftarbeid med tidleg-og seinvakt. Det er også ein eigen stilling på Sogn Fjordmuseum.

Oppgåver:

  • Mottak av publikum
  • Drift av kafé og butikk
  • Omvising på friluftsområdet
  • Noko vask må også påreknast

    Krav til søkar:

  • Over 18 år
  • Utadvendt, serviceinnstilt, ansvarsbevisst
  • Språk: Norsk og engelsk flytande, gjerne også tysk eller andre språk
  • Gjerne erfaring med formidling og servicearbeid
  • Ha interesse for -og gjerne utdanning i historie- og eller kulturfag

Løn: Stillinga blir løna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke), med kvelds-og helgetillegg.

Søknad: Send søknad og cv på e-post til; aud@misf.no, seinast 15.03.19. Oppgje kva for tidsrom du har høve til å arbeide i perioden 1. juni til 31. august.
Spørsmål kan rettast til Aud Ross Solberg, tlf. 47452768