Museet si historie

Museet si historie

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

Museet har opphavet sitt i samlarverksemda til Gert Falch Heiberg, ein av dei store museumspionerane i Noreg. Han etablerte museet i 1909, då han gav si private samling av "sognske antikviteter" til det nyskipa Historielaget for Sogn.
I dag vert museet eigd av ei stifting, med same namn som museet.
Denne stiftinga eig og Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. Begge musea vert drifta av Musea i Sogn og Fjordane, eit konsolidert museum som også omfattar Sunnfjord Museum. Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Museet voks fram på ein utskilt del av Heiberg sin eigedom i Amla. I tillegg til dei mange antikvariske bygningane som vart gjenreist vart her bygd to store utstillingsbygningar, og museet fekk status som Noregs største reiskapsmuseum.

I 1970-åra starta ein flyttinga av museet til Kaupangerskogen, mellom Sogndal og Kaupanger. Ny utstillingsbygning vart teken i bruk i 1980, og i dag er bygningane og gjenstandsmassen flytta til det nye museet.
Her det bygd opp eit nytt kulturlandskap som vert skjøtta gjennom tradisjonell gardsdrift.

Samlinga av båtar, fiskereiskap og anna knytt til fjordkulturen vart skilt ut og samla i ei eiga avdeling, Sogn Fjordmuseum, ved den gamle ferjekaien i Kaupanger i 1990.

Utanom museumsområdet eig museet Stedje Mølle, einebustaden Elvhaug, eit småbruk i Eidet med båtbyggarverkstad, og ei gamal oppgangssag på Tingastad, alt i Sogndal kommune.

I 2007 vart Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand ein del av De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, og frå 2009 er De Heibergske Samlinger vorte ei avdeling i organisasjonen Musea i Sogn og Fjordane.