Vinter på DHS-SF

MORO PÅ MUSEET I VINTERFERIEN

tysdag 20, onsdag 21 og torsdag 22. februar kl. 11-14:

Med ei heil veke vinterferie er det mykje morosamt ein kan finna på. Tysdag, onsdag og torsdag er det vinterferieaktivitetar for små og store på museet: I Helgheimsstova kan du snikra di eiga fuglekasse, og kjem du til Leirmostova får du laga din eigen draumefangar og høyra soger og segner attåt. Det blir oppgåver, spel og andre aktivitetar både ute på friluftsmuseet og inne i barneutstillinga. Og når ein blir svolten, kan ein kosa seg med bollar og kakao i museumskafeen. Museumsbutikken er også open, og det ein butikk utanom det vanlege.

Ungar må ha følgje av vaksne. Det er vanlege billettar, men dei som har årskort går gratis inn.

SMÅ OG STORE ER HJARTELEG VELKOMNE!