Melheimshuset

Melheimshuset vart bygt vinteren 1939-40 på garden Melheim på Indre Hafslo i Luster kommune. Det er eit såkalla midtpipehus på om lag 60 m2, bygt i halvannan etasje med ark, på ein kjellar i gråsteinsmur.
Med røyr inn til skorsteinspipa i midten vart huset oppvarma av ein vedomn i kvart rom.
Huset er lafta, med liggjande bordkledning utanpå, og det har ein blandingsstil med trekk frå både sveitser- og jugendstilen.

Huset var opphavleg bygt som kårhus, men vart aldri brukt som det. På museet er det innreidd slik vi kan tenkja oss at ein ung lærarfamilie budde i tida rundt 1940.
Innreiinga byggjer på statistiske opplysningar om buforma til gjennomsnittsfamilien i Sogn og Fjordane på den tida. Huset har såleis fått elektrisitet som i hovudsak vart brukt til lys, men her er ikkje innlagt vatn. På kjøkenet er det derimot kome utslagsvask: No var det nok å bera vatnet inn, så slapp ein å bera det ut att!

I den fyrste etasjen er det stove og kammers, kjøken med spiskammer, og gang med trapp opp til andre høgda. Stova er møblert med solid, mørkbeisa matbord og stolar laga av den lokale møbelsnikkaren. Her er også skjenk, bokhylle, moderne røykjebord, lenestolar, divan og ikkje minst tidstypisk messinglysekrone, stålampe og radio.
På kjøkenet ser vi at husmora har fått kjøkenbenk, og her er det også vaskestol, eit eldre klaffebord og vedkomfyr med bakaromn, der all maten vart kokt og steikt.
På hyllene i spiskammeret står Norgesglas og krukker og viser kor viktig forrådshushaldet var. I kammerset er det senger og kommode. Nattbytta og potta minner oss om kor kaldt det kunne vera å gå på utedoen, særleg om natta.