Lysthuset frå Alværa

Lysthuset frå Alværa

Lysthuset stod opphavleg på futegarden i Alværa i Lavik, der futen Simon Hansen og kona Christine Finden Harberg flytte inn i 1773.

Dei flytte då med seg hovudhuset frå Bjordal, og det det står i Alværa den dag i dag.

Eit stykke vest for tunet og hagen bygde dei også dette lysthuset, truleg noko seinare i 1770-åra. Da dottera Karen Sofie i 1812 gifta seg med kaptein og seinare eidsvollsmann Ole Elias Holck og dei overtok futegarden i Alværa, flytte dei lysthuset inn i hagen, nærare hovudhuset.

Lysthuset kom til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum i lag med mange andre gjenstandar som vart gjeve til museet etter Karen Sofie og Ole Elias Holck. Mange av desse gjenstandane kan no ein sjå i den nye utstillinga på museet, «1814 – det utrulege året, sett frå Sogn».

Som resten av museet stod Lysthuset fyrst i Amla, men vart seinare flytta til Vestreim.
Sidan lysthuset har tilhøyrt Ole Elias Holck, ein av dei fem eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane, er opninga av Lysthuset frå Alværa ein naturleg del av grunnlovsjubileet 1814-2014.