Leirmostova på DHS-SF

Leirmostova

Den store stova vart bygd i 1793 på garden Leirmo, nedst i Jostedalen i Luster kommune. Ho er tømra i tre etasjar, og på den eine gavlveggen er det bordkledning som er festa med trenaglar. Golvborda mellom fyrste og andre høgda stikk utom stokkane på langveggene. Der er dei strekte ved hjelp av kilar som er drivne ned i bjelkane, noko som skulle hjelpa mot knirk i golvet. Tre av dei opphavlege, blyinnfatta vindauga er også med og gjev den staselege stova sitt særpreg.

I fyrste høgda er det gang, kjøken, stove og eit smalt kammers. Den romslege stova har ein stor peis med ein kisteomn framfor. Dei to store skåpa her har følgt huset.

Om sommaren kokte og åt Leirmo-folket i kjøkenet, men om vinteren nytta dei berre stova. I andre høgda er det tre rom. Her oppe var omgangsskulen, og her hadde dei både soverom og lager. I tredje høgda reparerte dei gardsreiskapar, og her stod også høvelbenken.

Det var ofte store familiar på Leirmo. Tidleg på 1900- talet budde det ei tid 23 menneske på garden.

Ei segn fortel at bonden på Leirmo fekk problem med nattesøvnen då stova var ny. Dei meinte det var dei underjordiske som plaga han, og måtte derfor finna ei motkraft mot trolldommen. Dei fekk då tak i materialar som var skifta ut i Joranger kyrkje og la desse i taket over senga hans.
Bonden fekk att nattesøvnen, og vi kan den dag i dag få syn for segn: Nokre av borda i kammerstaket er vakkert rosemåla og annleis enn dei andre. Dette er nok kyrkjematerialane som jaga vekk trollkreftene !

Leirmostova

Frå audioguiden