Ledig stilling ved museet

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med kontor på Sandane, har følgjande avdelingar:

De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum,
Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Stiftinga har omlag 50 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane

DHS - Sogn Folkemuseum

LEDIG FAST STILLING SOM MUSEUMSVERT

Arbeidsoppgåver

• Førstelinjeoppgåver knytt til avdelinga
• Ansvar for drift og utvikling av museumsbutikk
• Ansvar for drift og innkjøp til kafè
• Oppfølging og utvikling av samarbeid med eksterne aktørar
• Førebu og vere til stades ved arrangement
• Marknadsføring av museet i ulike kanalar
• Formidling
• Ansvarsoppgåver knytt til museumssesongen

Kvalifikasjonar

• Interesse for museums -og kulturarvsarbeid
• God munnleg og skriftlig framstillingsevne
• Gode språkkunnskapar
• Ønskeleg med erfaring frå vertskapsrolle
• Ønskeleg med førarkort for klasse B

Personlege eigenskapar

• Serviceinnstilt
• Målretta og strukturert
• Gode samarbeidsevne

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess, og dette kan føre til endringar i stillinga sitt innhald og arbeidsoppgåver. Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar. Det må påreknast noko reising, samt kvelds- og helgearbeid.
Stilling blir lønna etter avtale, basert på Landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning, og ordningar i tråd med tidligare IA-avtale.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Aud Ross Solberg tlf. 474 52 768.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Søknad med CV sendast innan 10. mars 2020 til stilling@misf.museum.no, eller i post til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane.

Merk søknad «Museumsvert DHS-SF».