Lauving og lauvrauk

Økologisk bærekraft i praksis?

Økologi

Det er ein naturleg balanse mellom ei trekrone og rotsystemet. Når trekrona vert lauva, vert noko av rotsystemet tilbakedanna. Næring som er lagra i dette rotsystemet, går attende til jorda. På denne måten vert jorda gjødsla, samtidig som meir lys slepp til.
Forsøk viser at gras- og urteproduksjon aukar kraftig etter at trea er styva.

Fôr

Lauv har vore viktig som dyrefôr heilt fram til i dag. Trea har vorte hausta jamleg. Desse styvingstrea har skapt heilt spesielle kulturlandskap. Det er mest alm, ask, bjørk og rogn som har vorte styva.
Bøndene hausta både trea og graset og fekk såleis mykje større avling. Lauvet gav viktig mineraltilskot til dyra gjennom den lange vinteren.

Lauving

Trea bør styvast om seinsommaren, ca. kvart 5 år. Før brukte dei snidel, men motorsag gjer same nytten. Lauva vart bunta saman til lauvkjerv (sjå døme) eller sett saman i ein lauvrauk. Lauvet skal turkastfør lagring. Før gav dei dyra lauvet på vårparten.

Styvingstre

Styvingstre

Lauving formar trea på ein spesiell måte. Slike tre vert kalla styvingstre.