Kulturminne og Kulturarv

Kulturminne og Kulturarv

DAGSKONFERANSE:

Kulturminne og Kulturarv som ressurs for reiselivet i Sogn

Kulturminne er ein ikkje fornybar ressurs, og kvart år går mykje tapt, særleg bygningar og kulturlandskap frå det gamle landbruket. Det er dårleg nytt for reiselivet.
Høgdegarden Fuglesteg i Fortun og Kongevegen over Filefjell er døme på at kulturminne i forfall kan forvandlast til reiselivsmagnetar og smykke i landskapet.

Målet med denne konferansen er auka medvit og kunnskap om kulturminna si rolle i reiselivet, formidla og utveksla erfaringar frå aktørar i reiselivet, og inspirera fleire eigarar av kulturminne til å la betalande gjestar bidra til restaurering og vedlikehald.

Hovudinnleiarane stiller med det fremste av fagkunnskap innan reiseliv og kulturminne:
- Ola Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen:
Om kulturminne som ressurs. Erfaringar frå drift av FMF sine eigedomar Om bruk og vern.

-Ståle Brandshaug, direktør i Visit Sognefjord og prosjektleiar for «Masterplan for reisemålet Sognefjorden»:

-Om kultur og kulturminne i Masterplan for reisemålet Sognefjorden
-Kva/kor mykje betyr kulturminne for reiselivet i Sogn. Kva er potensialet? Kultur som naturforsterkar.

-Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet:
Om Kulturminnefondet sin rolle i kulturminnevernet.
Om finansieringsordningar og døme på KMF-støtta prosjekt med ein fot eller to i reiselivet.

I tillegg ei økt med kortare bidrag frå aktørar i reiselivet, m.a.:

• Tanna Gjeraker, Borgund stavkyrkje, Lærdal
• Marit Henjum Halsnes, Henjatunet , Leikanger
• Geir Johansen Sylvringen i Vik
• Eli Grete Høyvik Ciderhuset og Balestrand.

Rom for spørsmål, diskusjon og kommentarar frå salen.

Påmelding innan 15.2.2020 til:
FMF Indre sogn lokallag v. O.Wiik : ottar.wiik@sogn.no.

Deltakaravgift : 400kr. (300 for medlemer i FMF)
Betaling ved påmelding til:

Indre Sogn lokallag av FMF bankkonto: 3730 06 05991
- eller ved frammøte.

Enkel lunch og kaffi/forfriskningar inngår i prisen.

Spørsmål kan rettast til:

Ottar Wiik, tlf.: 93430069, eller Anna Avdem tlf.: 47642532

Det er kombinasjonen av storslegen natur og spor etter tusenårig busetting og bygging som gjer Sogn til eit av verdas mest omtykte reisemål.
Kulturminne er spor etter folk før oss: gravhaugar og fangstanlegg, steingjerde, styvingstre og slåttemarker, gardstun med stover og stabbur og eldhus, stølar og stølsvegar,
gamle naust og strandsitjarmiljø, sveitservillaer og sveitsarhotell, stavkyrkjer og steinkyrkjer. Men og tekniske og industrielle kulturminne som kraftverk, vegar og bruer, kaianlegg og veteranbåtar.
Legg så til immateriell kulturarv som segner, songar og eventyr.

Mange kulturminne er viktige attraksjonar og fyrtårn i reiselivet i Sogn, m.a. stavkyrkjene, Sogn Folkemuseum, Nærøyfjorden med sitt kulturmiljø, kunstbygda Balestrand med sin sveitser- og dragestil, Lærdalsøyri og Flåmsbana.

Kulturminne er ein ikkje fornybar ressurs, og kvart år går mykje tapt, særleg bygningar og kulturlandskap frå det gamle landbruket. Det er dårleg nytt for reiselivet.
Høgdegarden Fuglesteg i Fortun og Kongevegen over Filefjell er døme på at kulturminne i forfall kan forvandlast til reiselivsmagnetar og smykke i landskapet.

Målet med denne konferansen er auka medvit og kunnskap om kulturminna si rolle i reiselivet, formidla og utveksla erfaringar frå aktørar i reiselivet, og inspirera fleire eigarar av kulturminne til å la betalande gjestar bidra til restaurering og vedlikehald.

Spørsmål som konferansen skal gje svar på:

- Kor mykje betyr kulturminne som attraksjon og ressurs
i reiselivet i Sogn i dag?
Kva finst av ubrukte ressursar? Kva er potensialet.?
Kva hindringar finst?
- Kva trengst for å gjera eit kulturminne til næring?
Kva finst av finansierings- og støtteordningar?
- Kan reiselivet berga kulturminne - og tena på det?

Målgruppe :

- Aktørar i reiselivet med og utan kulturminne som attraksjon
- Eigarar av verneverdige kulturminne
- Politikarar og tilsette i offentleg verksemd med reiseliv og/eller
kulturminne som interessefelt.
- Medlemer i Fmf - og andre med hjarte for kulturminnevern.

Arrangør er: Indre Sogn Lokallag av Fortidsminneforeningen, i samarbeid med Visit Sognefjord og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.