Kulturlandskapet på museumsgarden

Kulturlandskapet på museumsgarden

Kven tek vare på kulturlandskapet og kven tek vare på kunnskapen om det?

Dette er viktige spørsmål som det ikkje er eit enkelt svar på, anna enn at dette er eit svært viktig tema..

Mykje av kulturlandskapet i landet har fått ubotelege skader og er borte for alltid. Det gjer det ekstra viktig at vi som i dag kan ta vare på det kulturlandskapet som er att, gjer det på rette måten og med samvit.
Her på museet er vi tett på naturen og steller kulturlandskapet på museumsgarden godt. Dette er godt kjent i miljøet rundt om i landet.

I ein artikkel i Lommen, Norges Kulturlandskapsforbund, om skjøtsel av kulturlandskapet skriv Stig Horsberg mellom anna:

«Enkelte friluftsmuseer arbeider med kulturlandskapsskjøtsel. Mest kjent er nok De Heibergske samlinger/Sogn folkemuseum, som siden 1990-tallet har drevet med både reetablering og skjøtsel av tradisjonelle slåttemarker som del av museumsmiljøet. De har faktisk oppnådd å gjenskape ei slåtteeng som nå er blant de aller mest artsrike i fylket!»

Heile artikkelen til Stig Horsberg frå Fylkesmannen i Oppland om skjøtsel av kulturlandskapet, ligg ved her som PDF.

Nokre bilete frå friluftmuseet og kulturlandskapet på vårt museum kan du sjå her

Emneord: