Frysetenester
Frysing av gjenstandar mot skadedyr
Det er ikkje berre vi menneske som er glade i gamle ting. Skadedyr som mott og møll likar seg godt i både nye og gamle gjenstandar av tre og tekstil. Skadedyr som veggdyr og pelsbiller er også eit veksande problem. Dette er skadedyr som befinn seg i klede, dynetrekk, laken, teppe og liknande. Vårt råd er difor: Ikkje kast dine kjære gamle eignedelar eller arvestykke sjølv om dei er angripne av skadedyr! Vi kan hjelpe til med å sikre gjenstandane mot vidare angrep. Museet har fryseanlegg for nedfrysing av gjenstandar som er angripne, og på den måten kan du hindre ytterlege øydeleggingar og kan trygt ta dei gamle tinga i hus utan å vere redd for blindpassasjerar.
Frysing av mindre gjenstandar: kr. 250,-Døme: Stol eller fleire smågjenstandar for ein og same kunde. Rettesnor: kr. 250,- som minstepris for ein gjenstand pluss kr.50,- for kvar av dei andre gjenstandane.
|
|
Frysing av mellomstore gjenstandar: kr. 400,-Døme: Bord, seng, kommode, kiste
|
|
Frysing av store gjenstandar: kr. 500,-Døme: Større skåp |
|
For meir informasjon og avtale om frysing, ta kontakt med preparant Kristian Systad på tlf. 47452919, eller på e-post: kristian.systad@misf.museum.no
Med årskort til museet får du halv pris på nedfrysing av gjenstandar mot utøy.
Opningstider
Mai og september: Alle dagar 10.00 - 15.00.
Juni, juli, august: Alle dagar 10.00 - 17.00
Oktober til april:
Ope mandag til fredag 10.00 - 15.00
Vaksne kr. 70.-
Born kr. 30.-
Familie kr. 150.-
Born under 7 år gratis
Grupper, pensjonistar og studentar kr. 60.-
KJØP ÅRSKORT TIL MUSEET:
Individuelt årskort kr. 250.-, familiekort kr. 300.-
Sogn Fjordmuseum
Ope juni, juli og august, alle dagar kl. 10 - 17
Gratis inngang




