GAMLE JULESKIKKAR I SOGN- DEIRA OPPHAV OG UTVIKLING

Gamle juleskikkar i Sogn

Artikkel henta frå Årbok for Sogn 1999:

Av Aud Ross Solberg

Den eldste julefeiringa vi kjenner til her i landet, er eit julelag på Kvåle i Sogndal i 1244.
Sturlungesoga fortel at Brynjulv Jonsson, mektigaste mannen i Sogn og av dei gjævaste i Norge, bad grannar og frendar til julelag. På Kvåle hadde dei mange hus og ofte mange folk samla til drikkelag.
Etter fleire dagar med øldrikking, byggjer det seg opp til usemje og tretting mellom nokre av mennene i laget. Åttande julekvelden drakk dei tett og utpå kvelden gjekk dei over til vin. Først drakk dei omgangsskåla og sidan tømde dei kvar sitt horn. Mest alle var drukne.
Ein med namn Geirmund, klaga fleire gonger over at drikken var lumsk og iblanda sterkt. Då Bjørn, bryggjaren og kjellarmannen til Brynjulv, bar enda ei skål til Geirmund, støytte han frå med handa så skåla for i bringa på Bjørn, og drikken i halmen. Bjørn vart sinna og slo han i ansiktet så blodet rann. Då sprang islandske Torgild opp, han var på vitjing i Sogn og budde hjå Brynjulv. Han tykte Bjørn til vanleg var gjerrig med ølet og mistenkte han for å slarve til Brynjulv. Han treiv eit sølvslege drikkehorn, klemte det i herdene på Bjørn, som stupte med skallen i golvet.
Torgild vart hindra frå å utføre ytterlegare slag og Brynjulv sa: ”Inkje har det vore vis at folk vart slegne i mitt hus”. Torgild svara: ”Hugs på kven som slo først, De Sygner hev til skikk å drikka til ingen lenger kan styra seg”. Bjørn kunne ikkje venta seg det betre. Fleire prøvde å få til ei semje og etterkvart roa det seg.
Morgonen etter gjekk Brynjulv først til kyrkje, sidan sette alle seg til drikkebordet og snakka om det som hadde skjedd kvelden før. Det endte med at julefreden vart gjenoppretta og dei sette seg sidan til å drikke. Husbonden var i godt lag og dei andre med og dei drakk då jula ut.

Skildringa gir oss eit bilete av ei julefeiring, med drikk og festing som det sentrale, i alle fall for mennene. Det ser til og med ut til at drikkinga ikkje berre var ei forlysting, men nærast ei plikt, som ein måtte ha gode grunnar for å sleppe fri: Det høyrer med til historia at ”Berge drakk lite, han var sjukeleg og fekk difor drikka som han vilde og slapp drikkebøter (tøma umframthorn)”.

Lat oss sjå nærare på dei gamle juleskikkane våre, korleis har dei oppstått, kvar har dei opphavet sitt og korleis har dei endra seg gjennom tidene? Kanskje vi og kan finne ei forklaring på den mellomalderske juledrikkinga.

I dei gamle sagaene finn vi fleire stader omtala ein heidensk midtvintersfest kalla jul. Namnet har truleg samanheng med Jolnir, som var eit namn ein brukte på Odin og det kan difor tyde på at festen var tileigna han.Vi veit ikkje mykje om denne festperioden, verken det eksakte tidspunktet eller kva slags fest dette eigentleg var. Den vanlegaste forklaringa er at dette var feiring av vintersolkverv, som i mellomalderen var datofest til den 13. desember (seinare vart solsnu lagt til 21. desember, på St. Tomasmesse).

Blot og blotdrikkelag var sentrale element i den heidenske midtvintersfesten, og i dei andre heidenske årsfestane, som vart halde vår, sommar og haust. Det var viktig å halde seg inne med dei gamle gudane, for m.a. å sikre god avling og grøde. Mat og øl vart ofra, og buskapen med. Ja, til og med sine eigne søner og døtre brende dei på bålet, medan dei skåla og drakk til minne og ære for Odin, Njord, Frøy og døde frendar.
Bålbrenning var og ei viktig handling på årsfestane. Føremålet med bålbrenninga var opphavleg å gi sola ny kraft. Restar av bålbrenningsskikken heng enno att i vår tid, med jonsokbålet, og det lever enno folk som kan minnast at ein brende bål pinseafta

Nokre meiner vinterfesten var ein fest for fruktbarheit i det kommande året og andre har vilja forlare den som ein dødsfest, ”ein allesjelsfest”. Muligens har dei alle rett, i alle fall finn vi og element frå desse forklaringane i festen.

Men korleis gjekk det så til at den heidenske jula vart ei kristen jul, slik den tydeleg var i 1244, då Brynjulv gjekk til kyrkje ein av juledagane?

DEN KRISTNE JULA

Då kristendommen kom til Norge med Olav Tryggvason i 995, hadde jula lenge vore feira som ei kristen høgtid i andre land.

Dei første kristne i det romerske riket, begynte å feire Jesu fødselsdag alt på 300-talet.
Fødselsdagen var 6. januar og høgtida hadde fått ei førebuingstid (advent) og ei etter-festtid. Seinare på 300-talet, vart Jesu minnedag flytt til 25.desember, dagen for den heidensk-romerske midtvintersfesten med solsnu og solgudens fødsel. Hensikten med flyttinga var å gi dei heidenske festane eit kristeleg innhald, og på denne måten prøve å komme dei heidne i møte. 6. januar vart frå no minnedagen for dei heilage tre kongane.

Etterkvart kom og den heidensk-romerske nyårsfesten 1. januar, til å gli inn i den kristne minnefesten. Nyttårsdagen var dagen for overrekking av gåver, planlegging og lovnader. Varsler for det nye året viste seg og no. Både varseltakinga og gåveutdelinga gjekk smått om senn over til å bli juleskikkar og det same gjorde den gamle nyårsskikken med å la bordet stå duka og dekka over natta. Etterkvart som kristendomen vart vel etablert her i landet, vart dei romerske jule-og nyttårsskikkane tekne opp i den norske julefeiringa.

Også makthavarane sette preg på julefeiringa, med påbod, lover og reglar for korleis jula skulle feirast. Alt det gamle heidenske skulle bort. Gjennom lovvedtak på Gulatinget vart den heidenske julefeiringa forboden og det vart påbode å leggje av all gamal gudsdyrking og heidne skikkar, slik som m.a. å tru på trolldom og finner, hekser og anna overtru.
Det vart vedteke spesielle kristenrettsreglar som greip djupt inn i samfunnslivet. Mellom anna vart det påbode å halde dei nye kristne høgtids-og helgedagane.
I adventstida skulle det vere fastetid og det vart forbod mot bryllaup tre veker før jul og i dei tolv juledagane frå 25. desember til 6. januar. Det vart innført ein heilag fredsperiode i juletida, med vern mot åtak på liv og lemer, dei forfølgde hadde rettsvern og kyrkja stødde oppunder med å nekte gudsdom i denne tida.

Det var sjølvsagt ikkje gjort i ei handvende og utan motstand og kamp å endre mange hundre eller kanskje tusenårs lange skikkar og omvende folket til nye normer og nytt levevis.
Skulle dette late seg gjere måtte ein iallfall inngå nokre kompromiss. Eit av kompromissa var å erstatte blot og blotdrikkelaga ved dei fire årsfestane med høgtidsdrikkelag med skåling til minne om Krist og jomfru Maria, og for godt år og fred.
I soga om Håkon den gode, i Heimskringla, fortel Snorre at kongen bestemte at folk skulle halde jul på same tid som dei kristne og kvar mann skulle halde gjestebod på ein mæle øl, og halde helg så lenge ølet varde.
Kor mykje ein mæle var, varierte. I Sogn var det 16,2 liter og i Fjordane 40,5. Dei som ikkje følgde påboda, måtte betala bøter.

Kong Håkon følgde her den same politikken som Gregor den store gjorde i det romerske riket nær tusen år tidlegare: Han gav dei heidenske festane eit kristeleg innhald for å kome dei heidne i møte. Og dette gir oss ei forklaring på drikkefesten på Kvåle, som vi høyrde om innleiingsvis.

Heile artikkelen ligg ved som ei pdf-fil under her. Der kan du lese meir om:

KRISTEN OG HEIDENSK TRU; SIDE OM SIDE

JULEFØREBUINGA

JULAFTA

ROMJULA

Denne artikkelen er skreven av Aud Ross Solberg og er henta frå Årbok for Sogn 1999.