Jordbruksutstillinga

VÅRT DAGLEGE BRØD

Gjev oss i dag vårt daglege brød, heiter det i Fadervåret, og forfedrane og formødrene våre måtte bruka det meste av tid og krefter nettopp på å skaffa mat til seg og sine. Frå dei eldste tider sikra forfedrane våre levebrødet gjennom jakt og sanking, fangst og fiske. I yngre steinalder, 3-4000 år f. Kr., byrja dei i tillegg å dyrka jorda, og då vart folk fastbuande, bùandi, som er det gammalnorske ordet for bonde. Jorda gav livsgrunnlag for folk og fe, og jordbruket vart kalla Modernæringa.

Utstillinga viser reiskap og utstyr frå det tradisjonelle jordbruket i bygdene våre, den tid då alle - både kvinner og menn, barn og gamle - måtte delta i dette livsviktige arbeidet. Dette er enkle, men solide og funksjonelle handreiskapar. Mange av dei var uendra frå vikingtida og fram til slutten av 1800-talet. Vi følgjer produksjonen av mat i det gamle sjølvbergingshushaldet, tema for tema: Dyrking av korn, potet og frukt, forsaking og husdyrhald, mjølk- og seterstell, jakt og fangst -- fram til det daglege matstellet når maten kunne setjast på bordet.

Utstillinga vil også utfordra: Kor mykje tid, krefter og pengar brukar DU på å skaffa deg dagleg brød? Kven produserer maten din, og kor langt blir han frakta? Korleis fordeler vi maten på jorda? Eller vatnet? Kvifor kastar vi berg av mat, i ei verd der mange svelt? Og korleis kan Moder Jord i framtida sikra mat nok til alle?

POTETER OG GRØNSAKER

potet

I vikingtida dyrka dei lauk og bønner, i tillegg til korn. Nye matplanter som nepe og kål, erter, kvann og frukt kom i bruk tidlegi mellomalderen. Dei vart dyrka i små, inngjerda hagar - «laukgarar», «kvanngarar». Poteta kom til Europa frå Sør-Amerika midt på 1500-talet. Til Noreg kom poteta i opplysningstida midt på 1700-talet, men ho vart ikkje vanleg før fyrst på 1800-talet. Poteta har og næringsverdi, er meir årviss og gjev betre avkastning enn kornet. Poteta vart ein viktig del av kosthaldet, ikkje minst for småkårsfolk og i tider med matmangel.

FRUKT OG BÆR

epletre

Folk har til alle tider plukka bær og andre ville vokstrar. På 1200-talet vart det dyrka eple,
plommer, pærer, kirsebær og nøtter både i klosterhagar og på somme gardar. I Sogn auka
fruktdyrkinga frå slutten av 1700-talet.

Dette er berre eit lite eksempel på kva du vil finne i jordbruksutstillinga, og som ein vil sjå så er dette ei stor og omfattande utstilling, samansett av gjenstandar, tekst, bilete og levande film. Ei spennande utstilling som er eit flott tilskot til alle dei andre flotte utstillingane våre.

Utstillinga er ei av dei mest besøkte på museet og den har fått mykje god omtale.
Ei av omtalane kan ein lesa i magasinet KILDEN