Sognejekt fotografert av Knud Knudsen

Jektekarane fortel

Bilete henta frå marcusbasen ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Fotograf Knud Knudsen.

Arbeidsliv og truer knytte til jekteferdsla i Sogn på 1800-talet.

Av Johs. B. Thue.

I. Innleiing.

Sognefjorden knytte bygdene i Sogn i hop. Sogningane laut læra seg å kjenna fjorden frå dei var ungar. Mange blei rodde til dåp og gravferd. For dei gamle i Sogn var fjorden ein lekk som gjorde samkvemmet med andre grender og bygdelag lettare. Det nære sambandet med fjord og sjø måtte setja merke etter seg i forteljingar knytte til arbeidslivet, i ordtak, i herme og i supranormale førestellingar. Forteljingar av dette slaget utgjer hovudtyngdi av denne utgreiingi.
Folkeminne- og folkelivsgranskarar som har arbeidd i Sogn, har i forunderleg liten grad vore opptekne av dei institusjonane og truene som batt seg til sjøen og sjølivet. Dei har i stor mon konsentrert innsamlingsarbeidet sitt om tilhøvi i jordbruket.
Men fjorden gav også mat. Laks og aure kom feiande inn fjorden i hafto.

På somme gardar i Sogn tok tenarane atterhald om at dei berre ville ha laks til middag 4 gonger i veka i sommartidi. Sei og lyr leika og slapsa langs nesi i vårkveldane, makrell og spir pilte frametter strendene på haustparten. Hysa stod på sandgrunnen, der og flyndra breidde seg spettut og brun i marssoli på vakt mot kvasse staketindar. Sommarsildi lyste i garni og solhovetorsken søkte under land i juleveka. Brosma stod på julebordet i kyststroki, søtsmakande og skinande kvit.

Eg ville ikkje bytt stabbur med Horpedalen, hermer dei etter ein husmann og strandsitjar på Homraneset i Fjærland, han hadde fjorden å ausa av. Liknande herme finn ein også frå andre stader i Sogn. Frå gammalt bytte sogningane varene sine i Bergen, og alt i Sverre-soga er det fortalt om stemneskuter på veg inn fjorden. Sjøen var farvegen. Jektene for til Bergen haust og vår.
Budrått og ved var dei vanlegaste varene, og jekteferdsla eller tilgangen på rikeleg lasteplass — sette utan tvil merke på lproduksjonslivet i bygdene i Sogn. Me har ofte Vilja sjå på det gamle samfunnet som ein statisk skipnad — utan rørsler og elastisitet, men dette er knapt rett: produksjon og levemåte var ikkje eins i heile Sogn — den var tvert om særs ulik også innafor kyrkjesoknene i same prestegjeldet.

Og jekteferdsla var berre ein faktor som verka inn på arbeidsliv og produksjon. Vår- og haustferdene til Bergen var ein rutine, men denne rutinen braut likevel sterkt med kvardagen. Det var noko ekstra med byferdi som gjorde at minnet om ho beit seg fast og vart hugsa.
Jekteferdsla på Bergen har rik tradisjon i mange landslutar, slik at det me her legg fram, ikkje er noko særeige for Sognebygdene. Sidan Bergen var målet, vart viktigaste tumleplassen for sognejekti fjorden utover — frå dei inste øyrane og så ut til havkanten og leii søretter til Bergen.
Berre sporadisk var turane utanom denne ruta, men stundom kunne ein nok møta på denne farkosten i Sunnfjord, i Nordfjord, på fiskestadene langs kysten nordetter, ja, sistpå vart det gjort turar heilt til Vardø.

I dette arbeidet vil me syna at institusjonar og truer knytte til sjøen og sjøferdsla stod nokså sentralt i folkeliv og folkeminne i det gamle samfunnet i Sogn. På det viset vil me også få fram at etno-folkloristiske kjeldetilfang avspeglar næringsstrukturelle tilhøve i ein region. Samstundes vil me også freista å få fram at medlemmene i lokalsamfunni langt på veg løyste reiskapsbehovi sine når det galdt sjøferdsla.
Sameleis vil me sjå i kva mon handverkstradisjonen knytt til jektebyggjingi, ein tradisjon og ein ekspertise som var vunnen gjennom røynsler i ættledar — også kunne tilmåtast dei nye kravi som auka produksjon i gards- og skogbruksnæringane sette.

Ein annan viktig del av denne utgreiingi vil bli å understreka kor sterkt samhald og sameige var innvove i arbeidslivet. Dei tyngste taki på garden og i grendi var tufta på grannehjelp. Tilfanget som her vert nytta, byggjer i stor mon på Anders Skåsheims innsamlingsarbeid. Dei 34 samlebøkene hans er i
dag på Sogn Folkemuseum, Amla. Også arkivet hans er der.

Utdrag frå Skåsheims samlebøker.

Kvar samlebok er datert etter påbyrgjingsdagen, og sjølv kalla han desse bøkene for «Segner og Sogor». Arkivet hans er ordna i samlemapper — alfabetisk etter namni på dei han korresponderte med.

På dei punkti i framstillingi der eg dreg inn stoff frå anna innsamlingsarbeid, vil eg gjera merksam på det. Elles viser eg til oversynet over samlebøkene og arkivet til Skåsheim bak i denne utgreiingi. Der er det også sett opp ei liste over informantane.

Framgangsmåten til Skåsheim i feltarbeidet har vore denne: først tok han nærmast eit journalistisk referat av opplysningane frå informanten. Seinare reinskreiv han så desse referati og førte dei inn i samlebøkene sine. Han gav jamt opp nedteikningsstad, namn og alder på informanten. Av sjølve referatet får ein eit godt inntrykk av dei tilknytningspunkti som informanten har hatt til jektebruket. Dei opplysningane som me snart skal gjera oss kjende med, må mest alle kunna katalogiserast som kronikat, av di dei byggjer på informantens eigne opplevingar og vurderingar.

Skåsheims framgangsmåte i handsamingi av munnleg tilfang gjer at alt stoffet har nokså klare avgrensingar både som historiske og etno-folkloristiske kjelder. Me har alt nemnt sjølve nedskrivingsteknikken hans som automatisk fører til at detaljar må bli borte på vegen. Historiesynet til Skåsheim var sterkt nasjonalt farga, noko som sjølvsagt i høg grad sette sitt merke på den lokalhistoriske granskingi hans. Han ofra stor tid på å få stadfest Gulatingstaden — og han la ned eit stort arbeid som formann i Grønlandsnemndi i Bjørgvin.
Han såg på jekteferdsla i Sogn meir som ei direkte vidareføring av vikingskip- og leidangsskipsferdsla i mellomalderen enn som ein viktig lekk i gardsproduksjonen. Skåsheim hadde visst heller ikkje noko klårt avgrensa mål med arbeidet sitt; bortsett frå at han på mange vis førte vidare Olav Sandes innsamlingsprogram.

Det programmet gikk stutt ut på å «skriva upp kvar granden som finst av det (folkeminne) her i Sogn». Ein konsekvens av dette blei at Skåsheims samlebøker inneheld opplysningar av svært skiftande karakter.
Anders Skåsheim emna sjølv på å gje ut «Soga um Sognejektene». «Kravet veks», skreiv han i 1956 til Nils Vangsnes, «um at eg må skriva soga um Sognejektene. Før eg endeleg tek fat vil eg koma til Fresvik og tala med deg. Det vert vel eit stort arbeid. Men eg vonar at det største arbeidet er gjort med innsamling av alle upplysningar. Det hev eg arbeidt med sidan 1908».

Anders Skåsheim skreiv ikkje «Soga um Sognejektene». Eg har derfor teke på meg å gjera eit utval av det tilfanget han samla om jekteferdsla. Med hensikt har eg halde alt slikt stoff utanom som ein betre kan få greie på gjennom skrivne kjelder. Eg tenkjer i denne samanhengen særleg på kjelder som fortel
om jektestorleik, eigartilhøve, kostnad, geografisk spreiing, lasteeiningar og lastemengd, talet på jektene og jaktene i Sogn o.s.b. Det er grunn til å understreka at slike kjelder finst, endå om dei i stor mon må ha vore ukjende for lokalhistorikarane i Sogn til no.
Eg har også intervjua 6 informantar med tilknyting til jektebruket, anten hadde dei sjølve vore jektesiglarar eller så var dei born åt slike. Intervjua har vore systematiske fordi dei berre hadde som mål å tena som supplement til Skåsheims arbeid.

II a. Fartøyet.

Det vart skilt mellom storebåt og jekt. Storebåten var båttypen større enn åttring og kunne lastast med opp til 20 mål bjørkeved.

Nolevande jektekarar meiner at skiljet mellom storebåt og jekt var uklart; dei minste jektene vart seinare kalla storebåtar, seier dei. Men på jamnen var nok storebåten breiare og meir flatbotna enn jekti. På det viset vart segleigenskapane hans reduserte. Storebåtane heldt seg jamsides jektene framover, og oftast var det nok næringsgrunnlaget og lægjet på garden eller bruket som avgjorde om ein burde kosta seg jekt eller storebåt. Såleis var det storebåtar som skyssa fedriftene nordafrå Sunnfjord over Sognefjorden frå Farnes til Hella. Storebåten batt teigane langs fjorden i hop. Han var ein særmerkt gardsreiskap.
Storebåten hadde veng bak som var om lag 1,80 m brei, så pass ein kunne få sengebreiddi. I seinare tid hadde storebåten to vindaugo i gavlen. Desse nemnde dei for vengglas. Under desse var venghylla der det var rom for koppar og kjerald. På veggen over denne hylla fann ein hol for knivar og skeier. I nyare tid hadde storebåten køyer, før reidde dei seg flatseng. Skåsheimbåten på Amla er ein slik storebåt.

teikna sognebåtar

Dei gamle jektene var subygde og utan dekk, som storebåten. På alle dei opne jektene låg ein stokk på innsida frå halvdekk til plitt, framdekket. Stokken nemnde dei kufortbenkjen. Han nytta dei til å gå på. Det var tre store betar eller bekkar som gjekk på tvers av jekti: frambeten, seglbeten og bakbeten. Sidelengs var det fest kne av krokvakse tre til spanti og betane så jekti ikkje skulle vinda seg for mykje.

Tvers over jekti låg også to andre stokkar, plittrenna framme og vengrenna bak. Desse to var bolta fast til spanti. Sjølve båtbordi var og fastnagla til spanti. Kjølen var oftast av heil stokk, men laga det seg slik at dei blei nøydde å skøyta, bolta dei ein annan stokk opp på han ulvendes. På kjølen var skøytt lotet. Stamnen var høgreist og rakk 3-4 m opp i veret. Til kjølen var og kjølbordi bolta; svillbordi var så klinka til kjølbordi med saum. Det var om lag 90 cm. mellom kvart band eller spant, som gikk like opp til vaterbordet. Bandi var skøytte på midten. Oppe på bandi låg kjølsvinet med spor for mastri. Kjølsvinet eller mastersvilli var innfelt og fastnagla til 5-6 band. Mastri stod på eit spor på kjølsvinet; ein smal stokk som smalna av mot begge endar. Mastersvilli var felt ned på spanti i botnen og bolta fast. På mastertoppen sette dei fast ei jernråme med eit smalt stykke tøy av ymse fargar, oftast krossmerke.

Dei siglde etter denne under beiting. Denne jernråma var nok farleg i torever. Jekti «Anna Målsnes» blei såleis skadd av lynnedslag på første turen til Bergen. Mastri var avstødd med stag og vant. Desse laut vera sterke, skulle dei tola presset i hard vind. I regelen finn ein oftast fire eller fem vant på kvar side av jekti. Det sit eitt doshove i russjernet og eitt i enden av vantet, med lissingtog mellom.

Staget gjekk frå salingi av mastri og framover, også dette var påspleisa eit doshove og fest til stamnen. Staget var berre eitt tog for det røynte ikkje så mykje på dette under sigling. Vant og stag var frå først av tjørebredde tog, men seinare( frå om lag 1870) brukte dei ståltråd. Dette var eit stort framsteg med di strekket då vart jamnare både i sol og regn. Til riggen rekna dei all seglduk og så ståande og løpande tog. Dei kledde mastri, sa dei. Det var å setja opp alle ståande og løpande tog, og å gjera seglet i stand til sigling. Når dei skulle rigga ei jekt, var det ofte godt å ha ei opprigga jekt att åt som dei kunne ha til hjelp når mastri skulle reisast.
I Offerdalen brukte dei sjøbuvinda til å reisa mastri med. I Kvamsøy førte dei jektene inn til ein hamar og reiste mastri slik. Dette var dugnad der.

I nyare tid førte jektene to segl, storseglet og toppseglet. Bruken av toppsegl på jektene var elles eit seint fenomen. Storseglet var av fleire deler: skumfaren og frå eitt til tre bonnett. Siglde dei i strid vind, var det berre skumfaren dei nytta. «Å gå for berre skumfaren», var eit mykje brukt bilete for makelaus god bør.

På dei gamle småe jektene drog dei opp seglet med handamakt. Når jektene kom opp kring 40 mål, fekk dei seg spel til å heisa seglet med. Dette systemet utvikla seg slik at til sist hadde dei både krybbespel og patenthjul.
Siddi på skumfaren var 12-13 alner på dei største jektene og rakk om lag midt ned på mastri. Kvart bonnett var 4-5 alner i siddi og var ein grann breiare oppe enn nede. Dei var festa under skumfaren med hemper som dei smatt inn i kvarandre. Bonnetti var festa til kvarandre med same systelnet.

På denne måten vart det lett å minka segl; dei løyste siste hempa i kanten så rakna det nedanfrå og opp over av seg sjølv. Når dei minka segl, måtte dei og sleppa ned draget, som hadde til oppgåve å regulera høgdi på seglet. Deretter hala dei inn skautet. Skautet var ein skøyt på råseglet (skumfaren),
hjørnet på dette og dessutan toget som blei festa til det. Storebåten og dei mindre jektene hadde berre skumfarsegl og eitt bonnett.

Når dei siglde i makeleg bør, brukte dei og toppsegl som var eit mindre råsegl over storseglet eller skumfaren. Toppseglskautet tredde dei gjennom rånokkane på storseglet. Når det var hardt press på seglet, glei det ikkje ned utan ein drog i rakketaljen, ei line festa til rakken. Dei eldste segli var av ull. Ein av forteljarane, Ingebrigt Vangsnes, f. 1852, seier at dei minste jektene hadde vadmålsegl. Dette heng sjølvsagt saman med at dei minste jektene også var dei eldste. På Sogn Folkemuseum kan ein i dag sjå eitt av dei få bevarte ullsegli i heile landet.

Men segli vart barka eller lagde i saltlake. Gjorde dei ikkje dette, rotna dei snart. Dei salta segli vart også mjukare enn dei barka. Eit segl varte om lag 15 år. Då sydde dei gjerne skumfarseglet om til bonett og kjøpte nytt skumfarsegl. Vengen i jektene var romslegare enn i storebåten. Ei liti trapp førte frå styrerommet og opp i vengen. Dei hadde venggrindar på sidene, så dei ikkje skulle falla utabords når dei styrte. Rorhovudet på dei eldre jektene var gjerne utskore og måla.

På Østerbø kosta dei seg jekt som bar 20 mål. Dette var mellom største jektene i Sogn på første luten av 1800-talet. Bendik Østerbø skulle vera skipper på første byturen. Då han kom om bord, så sa han: «Eg skremmest radt over kor stort ho er».
Dette er eit herme som har fest seg, og som har vorte hugsa for di det var å le av seinare. Så småe jekter som på 20 mål ville dei helst kalla for storebåtar rundt 1890. Frametter 1800-talet tok dei til å byggja jektene større storleiken ymsa ein del, men kring 1890 bar dei fleste jektene i Sogn mellom 50 og 100 mål ved. Likevel nådde ikkje Sognejektene same storleiken som Nordfjordjektene, som kunne lasta 130 mål. Det var eit særsyn når «Sognegjenten» kosta av enkja etter bonde og jekteskippar Ole Eriksen Vangsnes lasta 160 mål. Elles likte nok sogningane lite på at nordfjordingane hadde større jekter enn dei sjølve.

«Nordfjordingane bygde så store jekter at dei var redde for at dei ikkje skulle få vind nok til dei» var eit herme frå Sogn. Dei jektene som framles lever i minnet hos somme, er desse største jektene. Så lenge jektene var sua eller klinka, var det ikkje så store skilnaden i byggjemålen mellom dei små og større jektene. Kravellbyggjingi, som truleg vart introdusert i Sogn av hardingen Knut Hjortland, braut radikalt med den gamle klinkteknikken.

Det er tydeleg at det kom til eit motsetningstilhøve mellom jektebyggjarane frå Sogn og hardingane. Det var to handverksteknikkar som støytte i hop. «Hardingane lærde ikkje sogningane noko» sa Isak Aven, «og dei var heilt tagale når dei kom i lag med jektebyggjarar frå Sogn».

«Treskoen» kalla dei ei jekt frå Kvamme nokre hardingar hadde bygd. Jekti var noko av ein vanskapning. Ho var for smal og for laus under segl». Med kravelljektene kom også dekket, og det var eit stort framsteg av di ferdsla då blei tryggare på alle vis, for då siglde ikkje jektene seg fulle utan når dei gjekk heilt rundt.
Dei gamle opne jektene hadde eit stygt lag til å ta inn vatn. Såleis fortel dei om to karar som siglde heim til Fjærland frå Vik der dei hadde handla seg fisk. Når jekti tok inn vatn på Vangsnesfjorden, så sa den eine:
«Me skulde visst ikkje lurt dei på dan sista skjeppao». «Å», svara den andre, «han ska fao da atte», og dermed siglde han jekti si tom att.

Etter at dekket kom, fekk også jektekarane lov til å gjera opp varme om bord i vengen medan dei låg i Bergen, og dette var eit stort framsteg. Den dagen dei fekk lov til det, måtte reknast som den største i sognejektene si soge, sa ein gammal jekteskippar. Jektebyggjaren Isak Aven trudde at opptaket til bygg ja dekk vart gjort av di dei la bord langs etter kufortbenken, så det skulle bli lettare å gå. Dette kan vera den utviklingi som gjekk føre seg med dei klinkbygde jektene. Dekket var vel likevel eit lån frå byggjemåten åt hardingane.

b. Jektebyggjing og jektebyggjarar.

Det er ikkje så mykje ein finn av godt kunsthandverk i Sogn. Eit unntak er likevel båt- og jektebyggjingi som representerer noko av det fremste av handverkskulturen i Sognebygdene.
Kunsthistorikaren Robert Kloster framheld då også dette i eit arbeid om Kunstarbeid og håndverk: «I det hele røper den sognske båtbygningen, fra den enkle færingen til den svære jekten, en teknisk fullkommenhet som berettiger oss til å fremheve denne spesialitet som det ypperste utslag av det sognske håndverk i nyere tid».

Jektebyggjaren og skipparen samråddest ofte om korleis jekti skulle vera; røynsle frå ferder på ein fjord med kastevind måtte kombinerast med dei beste eigenskapane til bygdehandverkaren. Etter som kravet om større og meir lastedryge jekter kom, måtte handverkarane ta fram dei aller beste eigenskapane sine og gjerne prøva seg fram frå jekt til jekt.

«Eg visste det var der feilen måtte liggja», hermer dei etter ein jektebyggjar, som fekk den andre jekti han sjøsette, til å flyta beint. Når byggjarane kom til byggjestaden, var gjerne plankane saga. Det var 2 toms plankar til hud og dekk. Det andre var alt saman runde stokkar — til kjøl nytta dei eik, til kjølsvin furu, til stamn furu og til stylk eik. Stylken skulle vera av eik så det vart sterkt ved roren. Fylgjaren var ein stor stokk av furu — like tjukk og brei som kjølen. Det gjekk med mykje material til ei jekt — vanlegvis rekna dei at det vart brukt like mykje material til å byggja ei jekt som denne seinare kunne lasta.

riss av sognebåt

I sjølve byggjeperioden arbeidde fire mann fast — meistaren og så tre arbeidarar. Til vanleg delte dei seg i to lag, med to mann på kvar side av jekti. Meistaren og hans faste mann heldt til på styrbord side, dei to andre på babord. Dei to arbeidslagi skulle fylgjast åt. Meistaren hadde til oppgåve, ved sida av det vanlege arbeidet, å ta ut material til dei alle. Alle fire arbeidde i lag med å leggja kjøl, kjølsvin og stamn og stylk. På dei klinka eller subygde jektene la dei først 7-8 omfar, etter som bordi var breie til. Så reiste dei spanti.

Dei brukte visst berre augnamålet etter kvart som arbeidet skrei fram. Isak Aven, som i alt var og bygde 13 jekter, understreka dette med kor viktig det var å bruka måli rett.
Han fortalde at når byggjaren kom til tuns, sa oppdragsgjevaren fram korleis han ynskte jekti skulle vera, spesielt nemnde han storleiken. Meistaren hadde så alt ansvaret for den vidare utviklingi. Av lang røynsle hadde byggjaren kome fram til dei delmål dei nytta når dei skulle ta til med jekti. Dei tok utgangspunktet sitt i kjøl, stylk, lot, stamn og breidd (på det breiaste).

Ei jekt på 70 mål:

27 alner kjøl.
7 alner stylk.
3 alner lot.
712 alner stamn.
10 alner breidd.

Ei jekt på 80 mål:

28 alner kjøl.
71/2 alner stylk.
3 alner lot.
8 alner stamn.
11 alner breidd.

Grovleiken på tømmeret til jekter på ein 7-80 mål laut vera minst 10" topp. Siglingsbilen var då 9" x 14". Etter kjølen var då dette grøvste stokken. Siglingsbilen og alle dekksbjelkar laut vera såleis tilrudde at dei fekk kryla skap, med ryggen opp. Dei fekk då stor bereevne, og vatnet på dekk rann ut til sidene. Krummingi var gjerne ein tomme for kvar al. Alle bjelkar var tjukkast på midten. Ein seglbete på 9 tommar laut vera om lag 7 tommar høg i endane. Meistaren drog skanten (profilen) på betane før dei vart rudde til.

Stor kunst var det å rydja til ei fin master. Til ei jekt på 70/80 mål kom mastri opp i 29 alner, og med ei slik lengd vart det ofte naudsynt å skøyta ho. I denne skøyten var eit lås av ask eller eik, dette trestykket bar mastri og var ikkje synbert utanfrå. Arbeidet med dette låset var særs kravfullt og måtte vera vel gjort.
Jektebyggjaren synte særleg omtanke medan han dreiv på med mastri. Han tok jamnast til ved hambora, der mastri hadde ei tjukn på 12/13" i diameter. 10 alner ned på mastri kom diameteren på 1512". Nett der røynte det mest når dei sette segl i storm. Om mastri rauk, så var det mest der. Røynsla synte at mastri mest aldri brotna på dei 10 neste alnene.

Elles var det skipparen som fekk ta største ansvaret om mastri brotna, det var såleis om å gjera at han hadde eit godt lag med rakketaljen. Siglingi kravde eit lett og fint handlag. Til jektebyggjingi var det også ein god del smiding, som var eit arbeid bygdesmedane greidde med.

Vanlegvis rekna dei at det skulle ta 11 eller 12 veker til å byggja ei jekt. Elles var tidi avhengig av om byggherren hadde fått alle materialane på plass, og om han sytte for ekstra folk som hjelpte til med høvling.
Dei omreisande jektebyggjarane arbeidde på dagløn. Frå 1892 til 1898 var dagløni for byggjarane kr. 1,60 for dagen. Somme meistrar rekna seg same løn som byggjarane, andre tok noko meir. Såleis veit me at Johannes Aven rekna seg kr. 2,— dagen, medan arbeidarane hadde kr. 1,60. Alle fire hadde då fri kost.

Dei arbeidde frå klokka sju om morgonen til ni om kvelden, bortsett frå laurdagen, då tok dei seg fri klokka fem om kvelden. Frå ti til tolv hadde dei middagskvild; då låg dei i høvlespon på arbeidsplassen.

På einskilde stader vart dei serverte seks gonger om dagen:

kl. 06.30 Morgonmat med kaffi, mjølk, brød og kjøt.
kl. 10.00 Frukost: skiftevis kjøt, flesk eller fisk.
kl. 13.00 Sodd.
kl. 16.00 Nonsmat: skiver, kaffi og mjølk. Somme stader kal-
la dei dette målet for mellemat.
kl. 18.30 Kveldsbisk. Eit glas øl og ei skive.
kl. 21.00 Graut og mjølk.

«Dette vart radt for mykje mat», meinte ein jektebyggjar, og det kan me lett gje han rett i, og mykje tyder på at ei slik bevertning heller ikkje var vanleg; det var då sodd og kveldsbisk dei sløyfa. Men det kunne nok henda at konene rundt på gardane kappast om å servera den beste maten til jektebyggjarane; desse for frå gard til gard, og det ordet ville ikkje konene la bli spreidd at ved deira bord såg det skrøpeleg ut. Det var sjølvaste koneæra som her settest på prøve, og me veit at jektebyggjarane var nøygne på at dei fekk god og rikeleg servering både i mat- og drikkevegen, såleis veit me om ei jekt som blei heitande «Svelt-i-hel» all si tid, av di jektebyggjarane meinte dei hadde fått for lite mat i byggjetidi.

Også drammane skulle vera vel tilmåta. Om den kjende og dugande jektebyggjaren Johannes Johannesson Ringreide fortel dei at han bygde jekt til Anders Åkre, og ved sjøsetjingi halla jekti til eine sida. Som ventande kunne vera, lika Aokrebonden dette lite, men Ringreiden hadde straks svaret klart: «Dei hadla drammadn dine og».

Om hardingen Knut Hjortland hadde dei ei liknande soge; han bygde jekt i Offerdalen, og han tykte det blei langt mellom drammane der. Medan han heldt på med arbeidet, skulle han ha sagt: «Ja, ha eg tysta i Offerdalen, so ska'kje jekti gjera da». Og sidan synte det seg at denne jekti lak mykje når ho vart lasta, og alt på første turen hadde dei eit svært strev med mauring. I desse forteljingane ser me kor utbreidd likskapsassosia- sjonen i røyndi var i mest alt arbeid; slik maten og drykken hadde vore i arbeidsbolken, ja slik vart også resultatet av arbeidet. I sjølve arbeidsperioden på ei jekt hadde byggjarane somme faste merkedagar. Den største av desse dagane var Stomnbita, som skulle haldast når stamnen vel var reist.
Med arbeidet laga dei seg då jamt slik at dei tok til med å heisa stamnen frå først av om morgonen. Det tok ei tok å møta alt til så reisingi vart den rette, og når dei så var ferdig med dette, tok dei seg heilt fri for den dagen. Også den dagen mastri var reist, stansa dei opp i arbeidet — og både då og ved Stomnbita fekk dei gjerne litt ekstra i matvegen.
Sameleis var det med innleiingi til eit nytt arbeid: ein skulle liksom ikkje setja for hardt av stad det kunne seinare straffa seg. Første dagen byggjarane kom til ein stad, gjorde dei lite eller inkje. Dei berre såg litt på materialane og gjorde seg kjende med byggjestaden og oppdragsgjevaren. Slik var det i alle høve i gammal tid, sa Isak Aven.

Elles knytte det seg visst lite overtru til jektebyggjingi det ein no kan få greie på — men ein ting måtte dei i alle høve vakta seg vel for, og det var å nytta vindfallstre til material. Det var å føra reine ulukka over skipet.

Også her møter me såleis likskapsassosiasjonen. Treet som hadde falle over ende i skogen, kunne lett falla på ny, trudde dei. I munnlege kjelder får me kjennskap til desse jektebyggjarane i Sogn:
Jon Hansen Dyrdal, f. 1859, var med og bygde «Havfruen» på Målsnes. Det var den siste klinkabygde sognajekt. (1901). Han var med og vølte jekti til Erling Stokkebø i Hanevik i 1903. Den eldste jektebyggjar Dyrdal minnest, var Gullak Aslaksen Håland, Kyrkjebø. Han bygde jekter og båtar. Ein bror hans var Lasse Aslaksen Tangen, Tangen ved Instevik. Han bygde særleg mindre båtar, sognebåtar,som var kjende for dei gode eigenskapane sine under segl.

Johannes Hansen Madsnes dreiv som jektebyggjar og båtbyggjar. Han budde på plassen Rindreidhaugen i Lavik, og son hans var Johannes Johannessen Ringreide. Han budde på plassen Øyra i Aven. Denne Johannes hadde ei hand med i byggjingi av 60 nye jekter i Sogn. Han var såleis truleg den som dreiv dette handverket lengst.
Sønene hans att — Johannes Aven og Tarald Seim — vart også jekte- og båtbyggjarar.

Ringreidekarane — som dei gjerne heitte på talemålet i Sogn — er særmerkte representantar for mange bygdehandverkarar både på 1700- og 1800-talet. Son lærte av far — og slik vart det eit mest ubrote framhald i handverkstradisjonane og reiskapsbruken.

Av andre jektebyggjarar i Sogn finn ein desse nemnde:

Johs. Simenson Rå, Johannes Tredal, Jon Dyrdal og Ola Bjordal.
Ein annan jektebyggjar var Johannes Larsen Varekleiv frå plassen Varekleiv under Rå i Lavik.

Me må og her merka oss den sterke konsentrasjonen det var av jektebyggjarar i Bjordal/ Lavik-området. Det heng tvillaust saman med høvet til opplæringi i handverket.

Frå Kvamsøysokni er det nemnt to jektebyggjarar: Hermund Sælsvellene (Sælsvedl) og Hermund Lindahagen. Rundt 1850 var Ola Risen (Ris-Ola) frå Hermansverk ein kjend byggjar. Skåsheimbåten på Sogn Folkemuseum, Amla, er hans verk.

Om han fortel dei at han sat og såg på eit skrog han heldt på med og berre botnabordi var lagde: «Da ska unde han kver dråpen», sa han. Det var om å gjera at jekteskapet ikkje blei slik at jekti moka sjøen føre seg. Frå Hardanger kom Knut Hjortland og Lars Skåle og bygde jekter.

Som me har nemnt, introduserte Hjortland kravellbyggjingi i Sogn i 1869, då han var meister for «Emma Alene» av Offerdal. Reint ålment kan ein seia at jektebyggjaren kjende stort ansvar for arbeidet sitt, og regelen var at dei bygde både sterke og gode fartøy, og dei hadde det til merke på at jekti var sterk korleis krokane ved stylk og stamn var vaksne.

c. Jektenamn.

«Det var i nyare tid at jektene fekk namn», sa Anders K. Thue, «Dei gamle jektene fekk namn etter den staden dei var ifrå, såleis kalla dei jekti til far min berre for «Thuejekti» sa han. Men om no jektene fekk namn, var det vanleg skikk å gje jekti namn etter matmori til båtbyggjaren. Eirik og Tor, som bygde jekt i lag og kokte maten sin sjølv, gav såleis jekti si det klingande namnet «Erika Torina». Elles finn vi fjellnamn på jektene, såleis både «Vindreken» og «Ramberen». «Ellida» kalla dei ei jekt på Vangsnes og mintes Fridtjofs stolte skip. Ein finn og jektenamn som «Rømmekollen». Det har truleg med rømme å gjera, for å eta rømmegraut skulle gje slik god bør.
Det var ikkje noko høgtidsam tilskiping ved døyping av jekter, men namnet var det ein eller annan som nemnde med det same jekti blei sett på sjøen. Jektebyggjaren og folk som var med og sjøsette jekti, fekk øl og mat.

d. Reparasjon og vedlikehald.

Om jektebyggjarane var aldri så dugande, så trong jektene ettersyn og reparasjon. Vart dei godt haldne med tjøre, kunne dei vara i 40 år. Det var då og viktig at dei blei tekte godt over om vinteren. Likevel lak jektene gjerne ein del, men dei visste om boteråder. Me kan no høyra kva Sjur Bale fortalde om ein bytur:
«Lars Ese d.e. hadde gammal jekt som han lasta med ved og band. Jekti lak. Martin Hamnen var med som undermann, men han var ung. Eg skulle vera med på bytur for å pumpa. Di meir me siglde, di meir lak jekti. Det var på haustparten dette. Me siglde frå Esefjorden til Risesundet, nær Mjømna på eitt døger. Jekti lak då så mykje at me laut maura. Lars Ese hadde alltid med seg to sekker hestamaurtubber på jekti. Det var mange slike maurtubber i Ese».

Det var jamt ved kjølen at jektene lak mest. Når dei skulle maura, gjekk dei fram på dette viset:
Ein PØS blei fylt med maurtubbebos, så gjekk to mann i skipsbåten; ein heldt då båten inn til jektesida, den andre tok berlingen og sette han i pøsen og støytte denne heilt under jektesida. Di nærare dei nådde kjølen, di betre var det. Pøsen sette dei til vanleg midt inn under jekti. Maurboset spreidde seg med straumen og vart drege inn der det lak. Dei sa støtt at dei laut spara på maurboset, for ein visste aldri kva ein kunne koma bort i.
Mauringi varte aldri lenge, for under sigling for maurboset bort att. Best var det å maura på heilt stille, straumfrie hamnar. Smiesundet var ei slik hamn der sogningane gjerne maura etter at dei hadde kome om Kråkevågfjorden.

For å finna ut kor mykje jekti hadde leke, tok dei bort ei fjøl ved inngangen til vengen og såg etter nedi botnen på jekti. Det var eit merke der som dei nemnde eit austramål; om vatnet hadde stige dit, så laut dei gje seg i kast med pumping. Det fanst og jektesiglarar som brukte havreagner (avfall etter drøfting) til mauring. Men agnene var så lette at dei hadde lite lag til å festa seg i suene, og ein fekk ikkje same verknaden som når ein nytta maurbos. Somme freista å maura med turr mold, men moldi sokk snøgt. Rått sagarisp kunne og brukast. Men det var vondt å få tak i det i dei dagar. Når jektene skulle ettersjåast i botnen, måtte dei snuast. Det hende då stundom at dei først vart fylte med vatn og så blei dei kvelvde i sjøen ved hjelp av dreggar. På flo sjø drog dei så jekti fram og brædde henne i botnen.

I Øynasundet, Kvamsøy, er det langgrunt, og dit kom folk ofte med jektene sine for å skrapa og bræ dei med tjøre. Jektene vart dregne opp på flo sjø og kvelvde over på eine sida, slik at det vart godt å koma til med arbeidet. Neste dag tok dei hi sida føre seg. Ein mann frå Vik skulle reparera jekti «Rømmekollen». Ho var gammal og sprakk i saumingi når dei kvelvde henne over på sida. «Ja, du Rømmekoll, du Rømmekoll, no gjorde du meg eit godt spikk», sa han.

e. Jektesetnad.

Småjektene vart sette i land om hausten, oftast i oktober månad. Dei sjøsette så att i mars. Naust hadde dei sjeldan men dei tekte over jektene. Det går ikkje fram av Skåsheims samlebøker om dei drog jektene på land ved faste merkedagar, t.d. mikkjelsmysse.

Dei jektekarane eg har vore i kontakt med, kan ikkje minnast at jektesetnaden var knytt til ein fast dag i kalenderen. Dei svara alle at dei drog jektene på land når det høvde seg slik. Særleg viktig var det at dei nytta eit bel med springflo. I ei grend var det og mange jekter slik at det var uråd å knyta jektesetnaden til ein fast dag, for dette arbeidet var dugnad.

Stundom sette dei forresten opp fleire jekter for dagen. Kvar jekteeigar hadde eigi stø, der jekti skulle stå vinteren over, og både karane, kvinnfolki og ungane samla seg i støi for å vera med på jektesetnaden.
Frå Vangsnes fortel dei om skulefri på jektesetnadsdagen. Det var mykje folk til stades. Frå Valsvik blir det sagt at om lag 30 mann deltok i arbeidet. Det første dei gjorde, var å ta ned mastri, som dei la roleg bak over ved hjelp av tog dei festa i slag og takl. Etter at mastri var nedlagd, vart ho reinska for rigg og rakke.

Så la dei mastri slik at jektebuken kvilde på henne, og under jekti la dei lunnar av osp. Så sette dei kjettingar fast framme og til ei stang dregen gjennom lotet. Kjettingane var festa til tog som dei drog gjennom fire seksskorne taljar.
Dei hadde alltid ein føreropar eller føreskrikar som leia arbeidet.

Han skreik:

«Set i. Oh. Høy. Oh. Høy. Set i». (Balestrand/ Kvamsøy).

På Vangsnes brukte føreskrikaren denne vendingi:

«Høy. Røys i. Høy. Set i».

Dei nytta berre desse ordi og skifte dei i rekkefølgje etter som det høvde. Jekti fekk ein rykk på ropet «Høy», og kunne ho gli fleire alner på rykket, var dei heldige. Så lenge jekti var i rørsle, ropte føreroparen: «Gao, gao, gao».

Frå Balestrand/ Kvamsøy nemner dei gamle Hanavikjen, han Edling Stokkabø og gamle Edling Kvamsøy som føreroparar. Frå Vangsnes var Gaute-Fredrilc kjend som føreropar, og han gjekk så opp i arbeidet, fortel dei, at han vassa seg ut i sjøen og stod der og skreik. Etterpå var han hås i fleire dagar.

Mange sette ryggen under jekti og løfte, medan andre drog. Dei drog så langt opp at 3/4 alltid stod på land i stridaste springfloi. Når jekti var vel komen på plass, krana dei brennevinsankeret, og let drykkjen smaka. Somme stader, som på Vangsnes, føregjekk skjenkingi etter faste reglar: Kvar og ein som var med, fekk to drammar med det same arbeidet tok til, og når så jekti var om lag halvt framdregen, skjenkte dei seg to og når arbeidet var gjort, fekk dei sine to siste drammar til dei tider rekna dei 16 drammar på flaska.

Men me nemnde at mange jekter blei oppdregne same dagen, og med seks drammar for kvar på ilanddregen jekt, kunne dette bli mykje sterk drikke. Mange var med godt mod og lystige når dei kvelda. Når alle jektene i grendi var oppkomne, skipa dei fest att. På Vangsnes leigde dei største stova til dette. Då var dei i lag alle jekteskipperane. Dei rødde om turane dei hadde gjort og hadde det hugnaleg. Til drammane togg dei kavring. På Vangsnes fortel dei om ei kone som ville ha smør på kavringane som ho serverte, men dette blei dårleg motteke.

Det var vanleg i alle bygdene i Sogn at dei blei skjenkte med dram og kavring ved jektesetnaden, men det var, så vidt eg kan sjå, berre på Vangsnes at skjenkingi offisielt gjekk føre seg under arbeidet. Andre stader fekk dei drammane etter at arbeidet vel var gjort. I Kvamsøy blei dei serverte i eit naust på Engjadn. Dei fortel at far og son var der. Faren var skriven, og spurde son sin strengt om han hadde lov å drikka: «Det er godt», sa sonen.

Eit anna herme lever framleis i Balestrand og gjev oss eit bilde på jektelivet og spesielt kanskje jektesetnaden: «Eg er so saltande tyste, men ikkje ei jekt å sjao».

Særleg på Vangsnes blei jektesetnaden møtt med mykje motstand. Jens Vangsnes skriv at vangsnesingane møttest i skulehuset og diskuterte kva dei skulle gjera for å få slutt på skjenkingi ved jektesetnaden. Somme heldt på at dei skulle gje det brennevinet kosta til misjonen. Men dette blei då radt for mykje, tykte dei fleste.
Det kunne verta mange pengar når fem-seks jekter skulle setjast på land. Heilt turt på jektesetnaden kunne det no heller ikkje vera. Så vart det nemnt at dei kunne gje desse pengane til kyrkja og kjøpa altartavle, og det gjekk alle med på. «Og såleis bar det til at Vangsnes fekk altartavle av Jesus og Peter, der det står: «Herre frels meg».

Folk fekk samla seg om eit høgt mål og slapp hefta seg med det som var låkt og syndig», skriv Jens Vangsnes.
Men ein kjend jekteskippar fortel at dei vel var med og skaut pengar til altartavle, men dei hadde no dram til jektesetnaden likevel, om det enn minka på dette etter kvart. Det vert og påpeikt av folk som var med på jektesetnaden at det jamt gjekk sømeleg for seg. Likevel var det sterke krefter i gang for å få heilt bort jektesetnadsseremonien, og åtaket blir også retta mot sjølve livet om bord på jektene; følgjande er henta av ei utgreiing av Balestrandspresten H. U. Sverdrup:

«Vangsnes sogn var i gamle dager i høi grad preget av den jektetrafikk som dreves der. Der var nemlig med denne jektetrafikk forbundet to uskikker som i høi grad virket nedbrytende på den (folkekarakteren): den ene av disse var at jektene settes på land om vinteren — og dette skjedde ved dugnad hvor der ikke betaltes med penger, men trakteres med brennevin. Dette medførte, selvsagt kan man vel si, meget fylleri. Herimot forsøktes der nok fra somme hold reist en opinion, men denne blev aldri sterk nok til å formå å avryste åket. All denne jektetrafikk er nu ganske opphørt og jekter og «storebåter» henvist til museum».

Motstanden mot jekteferdsla og jektelivet kom såleis ikkje berre frå Fylkesbaatane og den nye tidi, men og i stor mon frå religiøst hald. Dette er truleg ei av årsakene til at tradisjonen om jektelivet på kort tid har vorte nedbroten. Men me ser at skikken med jektesetnaden har vore uvanleg seigliva, og dette skuldast nok det sterke rotfeste denne skikken hadde i gammal tradisjon: Bondeyrket har mange skikkar knytte til det som markerte det første og det siste i arbeidslivet.

Jektesetnaden var nett ei slik markering av slutten på jektelivet eit år, og bondeyrket og jekteferdsla var nær ihopvovne av di jektebruket var ein del av gardsdrifti i gammal tid.

III. Jekti i fart.

a. Mannskapsnemningar og førstereisguten.

Til vanleg hadde jektene berre eit mannskap på to. Desse tok då med seg dei varene folk i grendi hadde å byta eller selja i Bergen. Stundom reiste sjølvsagt fleire med til byen gjerne ein frå kvart bruk. Jektekarane frå Nordfjord undra seg over at berre to mann kunne klara å halda styr på ror og segl på ei byferd, for på Nordfjordjektene var det jamt fleire mann med.

Nemningane på mannskapet skifter noko. Dei brukte i nyare tid nemningane undermann og skippar. Frå gammalt har det nok heitt styrmann og haosetjar. «Gamle Edlend Vangsnes, farbror min, brukte ordi «Styrmann» og «Haosetjar», skriv Nils Vangsnes.

I nyare tid var det ikkje spesielle seremoniar eller førebuing for ein førstereisgut, for alle var frå barnsbein vane med sjø og sigling, så dei var trena sjøfolk alt som unggutar. «Yngste bror min gjekk om bord i «Nordstjernen» som mann om bord med Anders Austerheim dagen etter han var konfirmert», skriv Olav Sagen.
Men eitt kronikat vitnar likevel om at førstereisguten i eldre tid hadde spesielle ting han måtte passa på. Christen Skåsheim fortalde såleis at på første turen sin til byen var han med i jekti til Lasse Lunde og Arnbjørn Munken. Han hadde rømmegraut med. Det kalla dei siglingsgrauten. Dei åt grauten då dei kom til Sælsnes. Siglingsgraut hadde dei jamt fyrste gongen ein odelsgut var med til byen. Helga Skåsheim hadde kokt god siglingsgraut åt Christen. Nolevande jektekarar kjenner ikkje dette ritualet. Dei har det ikkje høyrt nemnt ein gong. Dei aller fleste som har gjeve opplysningar om jekteferdsla var profesjonelle siglarar.
Christen Skåsheim var bonde og hadde sjølv storebåt på garden sin, og han gjorde berre eit par turar til Bergen i året. Ofte for dei berre ein gong. Med storebåten sin førte Skåsheimsgarden eigne produkt til Bergen. Jektebruket var ein naturleg del av gardsdrifti. Siglingsgrauten var ein del av dei mange tradisjonane knytte til arbeidslivet på garden. Det nyfødde barnet vart helsa velkome med sengamat, og førstereisguten måtte krympast på ei byferd med å spandera graut på dei andre karane om bord.

Ein annan skikk nær i slekt med siglingsgrauten var Hansakanna, som dei feira når dei kom til Bergen. Dei bad då saman kjenningar, og heldt eit lite lag om bord i jekti. Det var vanleg at dei som var med på Hansakanna, gav førstereisguten 1 ort om lag, stundom meir og stundom mindre.
Christen Skåsheim fortalde at desse var med på hans Hansakanna: Oddmund Vangsnes, Lasse Lunde, Arnbjørn Munken, Ola Myri og Ola Tjugum — alle kjenningar frå heimegrendene.

Omgrepet Hansakanne var vel kjent rundt om i bygdene. Opplysningane ymsar likevel ein del, somme seier at Hansakanna var det førstereisguten som skulle spandera. Andre meiner at Hansakanna høyrde ei kvar byferd til. Truleg er det slik at frå først av var det førstereisguten som skulle spandera, seinare har så denne skikken knytt seg til kvar ferd. I dag kjenner eldre folk verbet å hansa, d.v.s. å spleisa om drikkevarer.
Hansakanna fell naturleg inn i den rekkja av tradisjonar som knytte seg til jekteferdsla. Kvar avslutta handling skulle merkjast med ei samkome. Dugnaden og dugnadssamkomene var sentrale institusjonar i lokalsamfunnet. På mange måtar hadde sjølve byturen mange drag av dugnaden i seg. Samarbeid var ein viktig føresetnad for at turen skulle gå godt — kvar mann om bord hadde si oppgåve, og i Bergen skulle byfararane ofte utføra ei rad gjeremål for sambygdingane sine.

b. Livet om bord.

Når ein snakkar med nolevande jektekarar, merkar ein snøgt at dei har vore glade i yrket sitt. Sjeldan seier dei noko ilt om kost og levemåte. Samstundes har dei ei medviten yrkeskjensle; dei er stolte over å ha vore jektekarar.
Av alle forteljingar går det fram at dei hadde eit sterkt samhald seg i mellom; dei forsvara kvarandre som oftast, endå nok mange for åt på ei vis som låg utanfor den piggtrådgarden av moralske førestillingar fotefari til Hans Nielsen Hauge hadde skapt. Likevel var dei jamt nøye på at det vart lese anten or andaktbok eller salmebok om bord i jektene.

Om søndagen i hamn var dette ein heilt fast og ubryteleg skipnad. «Du faor ry teksti, du», sa ein jekteskippar til undermannen sin, «du er so bra snøgge». Han sat med kortstokken i hand.

Det er gjerne den morosame rispa, hermet og ordtaket, ein møter mest av. Dei tunge stormherja kveldane på hamni ligg langt bak i minnet. Når dei låg verfaste i hamn i vekevis, kom dei saman. Dei hadde og gjerne med seg litevetta handarbeid å putla med. Jektene tok alltid hamn om kvelden; dei siglde så lenge det var farsynt. Lyse sommarnatti kunne dei såleis vera i rørsle.

Vinterstid var det ofte både hustre og kaldt i vengen, både i Bergen eller på hamnene når dei venta på bør. Det var forbodi like til 1880-åri å elda på gruva medan dei låg i Bergen. Dei ottast brannfaren. Dei fekk såleis ikkje høve til å koka eg mat den tidi, men måtte leva på turr mat. Var kledi våte,
så hadde dei ikkje høve til å turka dei på gruva. Skulle dei gjera opp eld, måtte dei fara til Møhlenpris, og dit var det langt frå Dreggen, der jektene låg belagde til vanleg.
Mang ein sogneskippar har nok gått vegen til politistasjonen og betalt bot av di han gjorde opp eld i båten for å få seg litt varm mat. Det einaste varme dei kunne få når dei låg i hamn i Bergen, og ikkje ville gå frå jekti, var når bykjerringane som selde kaffi på bondestovene, kom om bord med kaffikjelen sin.

Men ofte var den kaffien lite å skryta av. Etter kvart fekk så jektene løyve til å gjera opp eld. Den første jekti dette løyvet vart gjeve til var «Emma Alene» frå Offerdal. Denne jekti hadde dekk og omn i vengen.
Dei som var tilsette orn bord i jekti, laut halda seg kosten sjølve. Kostnaden til levemåten var likevel ikkje så stor. Dei tok poteter med seg heimanfrå, og så fiska dei sjølve den fisken dei hadde bruk for. Det vart jamt betre med fisk når dei hadde kome ut om Kyrkjebø.

Jektekarane rekna desse stadene for gode fiskeplassar: Værholmen, Rysjedal, Krakhella, Kråkevåg og alle hamner på sørlei til og med Kilstraumen. Særleg sommarsdagen var dei fegne når dei kom til desse stadene for di dei då visste at dei kunne få fisk. Annan turrmat som flatbrød og mjøl tok dei og med seg heimanfrå.

Når dei låg i hamn, hadde dei til vanleg tre måltid for dagen, og menyen varierte lite:

kl. 10.00 Bisk med suppe og fisk.
kl. 15.00 Non med poteter, fisk eller sild.
kl. 20.00 Kveldsmat med graut og myse.

Under sigling hadde dei ikkje faste tider for måltid, men fann seg mat når det høvde. Frå kring 1865 tok mange til å bruka kaffi om morgonen i staden for suppe. Kaffen drakk dei svart, men i særlege høve kunne dei bruka kandissukker.
Vart dei liggjande lenge verfaste, måtte dei gå til nærmaste gardane for å proviantera.
Noko fast arbeidstid var det sjølvsagt ikkje tale om. Løni vart sett anten for kvar tur eller for kvar veke. Betaling for veka eller månaden var det mest vanlege i nyare tid.

I fine sommardagar la dei «bord om bord», og det gjorde dei på den måten at dei batt to jekter saman, side og side, og berre ein mann stod oppe og styrte. Dei andre sat då i vengen og hadde det hugnadsamt.
Ein gong var to spreke årdøler med på tur til Bergen, det var sommardag, og dei for ut to jekter «bord om bord» i fin bør. Den eine var spelemann og den andre ein spretten hallingdansar. Spelemannen gav i å spela, og den andre dansa halling på ruffen (vengtaket). Han gjorde eit høgt hopp, jekti hadde god fart og ho for framom han, så han datt på fjorden. Men den kåte hallingdansaren vart berga. Livet om bord var såleis anten «slengjen eller sprengjen», sa dei. Stundom arbeidde dei på harde livet med lasting og lossing, andre tider låg dei gjerandslause i vindstilla.
Ei oppleving kunne det vera å fara Sognefjorden i makelaust sommarsver, eit slit og kav var det gjerne i stormane haustdagen.

c. Noko om lasti.

Jektene frakta varer som vart avla på garden både budrått og åkerprodukt vart bytte i Bergen, på Lærdalsmarknaden eller til fiskarane langs kysten. Dei hadde med seg turka kjøt og flesk, poteter, smør og ost. «Det var jamt slik sterk gammalostlukt i vengen på jekti at det var ein gru», sa A. K. Thue.
Men likevel utgjorde nok bjørkeveden viktigaste delen av lasti for sognejektene. Storleiken på jektene vart såleis alltid sett i mål, som då nett fortel om kva som var den vanlegaste lasteeiningen.

Når jektekarane tok på seg fraktoppdrag med byvedlast for bøndene i fjorden, var frakti slik frå t.d. Balestrand—Bergen rundt 1900:

Eit mål bjørkeved kr. 3,-
Eit mål åreved kr. 2,50.
Ei jekt på 80 mål kunne såleis tena kr. 240,- på ein slik tur.

Lastingi av ved var somme stader dugnad. Særleg må ein gå ut frå at det blei bode i hop til dugnad på stader der det var vanskeleg å lasta. I Aven, Lavik, var ein slik plass. Der er det flågrunt, og jekti blei jamt liggjande eit godt stykke frå land. Dei hadde lange stigar dei la frå land og bort til jekti. Stundom frakta dei også med flisaved som gjerne var sagavfall. Flisaveden la dei i botnen på jekti. Det kunne til dømes vera hunved som vart hoggen opp til slik flisaved.

Dei brukte og å bunta den store veden i kipper omknytte med risband. Desse kippene skulle vera så store at ein kunne halda dei under armen når ein trykte fingrane inn til sida. Småveden selde dei og oftast i kipper. Denne kunne vera ved av bjørk, hassel og raun. I Bergen hadde dei ofte lite ved, og det kunne då vera handleg for husmødrene i byen å koma ned i Dreggen og kjøpa to kipper ved. Her finn me då eit produkt som hadde blitt forma av markedsbehovet i Bergen. Jektene var stundom full-lasta med tønneband. Å spikka band var gjerne kveldsetearbeid eller kårkallarbeid. Men dette arbeidet gav også kjærkome skillingar til mange husmannsheimar.

Bandaspikkingi held seg i Sogn heilt fram til om lag 1950. Gamle Lars Ese, Balestrand, siglde mykje med band, og han blei stundom kalla «Bandakongjen». I Sogn var det tømmer. Dei rikaste stadene i så måte var Kaupanger, Frønningen, Ofredal, Vikjadalen, Måren og Målsnes.

«Han far siglde mykje for Heiberg i Amla», sa A. K. Thue.
«Far stod sjølv ansvarleg for rekneskapet. Lasti kunne vera verdt kr. 1.400,-. Gamle Heiberg kom til meg i byen og fekk dei pengane eg hadde selt for. Ved oppgjeret i Amla diska gamle fru Heiberg opp med middag». Ofredal og Frønningen hadde ord på seg for å ha beste materialen for di dei vintrahogg han. Når dei kom til skogeigarane sine lasteplassar, fekk dei med seg ulike slag bord såleis:

Kjøpmannsbord, som var 8" x 5/4". Lengda var 4 alner, og desse vart nytta til snikkarmaterial.
Samfengdbordi var 6" x 5/4", lengda 4 alner, snikkarmaterial. Utskotsbordi var av ymse storleikar, tjukn 5/4" og lengd 4 alner var sams for alle.
Sidebordi var dei største. Dei kunne vera opp til 14" breie, tjukn 5/4" og lengd 4 alner. Desse vart m.a. nytta til likkistebord.
Små sidebord var 10" x 5/4". Lengd 4 alner.
Langbordi var og firskorne: 1" tjukke, 5-6" breie og frå 12 til 18 fot lange.
Bjelkane var urudde stokkar, berre avberkla. Dei kunne vera 10 m lange, 4" topp og 8" rot.
Plankar førte dei og til Bergen. Desse var firskorne, 8" x 3", og frå 12 til 24 fot lange. 18 fots lengd var det vanlegaste. Desse ulike slag material tok så bordteljaren ut etter augnamål.

Prisane på dei ulike bordslagi varierte, og kring 1900 var prisane slik i Bergen:

Kjøpmannsbord – kr. 4,- for tylfti
Samfengdbord - kr. 3,- for tylfti
Utskotsbord - kr. 1,6 for tylfti
Sidebord - kr. 8,- for tylfti
Små sidebord - kr. 5,- for tylfti

Langbordi selde skogeigarane sjølve.

Bjelkar - kr. 1,- pr. stk.
Plankar, heilt ned i 24 øre pr. fot.

Prisane var likevel ikkje faste verken på ved eller material, og spørsmålet om tilbod og etterspurnad galdt meir før enn no. Det hadde såleis ikkje lite å seia korleis ein jekteskippar kunne berekna å koma til Bergen.

Per Stokkebø nemner i ei forteljing konkret døme på slike prisvariasjonar. Når Johanneskyrkja blei bygd, selde han 30 tylfter skottespirer til murmeister Lehmann for kr. 20,— for tylfti. Samstundes baud ein trelasthandlar kr. 12,— for tylfti. Av dette ser me då at skogeigaren også var interessert i å knyta til seg folk han visste var å lita på. Det kunne utgjera mange kroner for han at seljaren fekk høgste dagspris for varene i Bergen, og at oppgjeret var rettvist når han kom heim.

Rekneskapet dei førte var enkelt, og dei brukte papir og blyant minst mogeleg, men dei måtte vera påpasselege under lasting. Utskotsbordi la dei framme i jekti, og det var godt skilje mellom dei ulike bordstoplane. Dette var sjølvsagt naudsynt all den tid det var ulike prisar å operera med under sal.
Etter kvart som dei lasta, talde dei bord og plankar. Dei talde til 60 bord (5 tylfter). På ein mælestav sette dei då ein skråstrek, ved dei neste 5 tylfter sette dei eit nytt skråstrek, slik at ein kross tydde 10 tylfter.
Bordteljaren plasserte dei ulike bordslagi i klassar. Samarbeidet mellom bordteljar og jekteskippar måtte vera godt skulle skogeigaren og jekteskipparen koma overeins på oppgjerdsdagen. Anders K. Thue gav bordteljaren til Heiberg svært godt skussmål. Det var ein kar ein jamt kunne stola på.

Frakteleiga for ein tur Amla—Bergen rundt 1900 var kr. 180,—, men somme kunne få meir ut av ein slik tur om dei «skaut bord», som dei sa. Sjotingen bestod nemlig i, skriv H. U. Sverdrup:
«at jekteskipperen underveis omsorterte lasten således at han fikk de simplere sorter bord og planker op i en høiere klasse enn den han efter oppgave fra skogeieren hadde mottatt og derved også hele lasten bedre betalt, og det ansåes, så vidt jeg vet ikke i almindelighet for noget uhederlig, så det var bare få skippere som holdt seg borte fra denne trafikk».

Det vart sagt at ofte tente dei like mykje på å skyta bord som heile frakteleiga. Særleg var det utskotsbord som vart selde som samfengdbord.
Strilane lurte dei ofte slik; dei hadde ikkje så god greie på verken materialstorleikar eller prisar. Dei hadde ingen å samrå seg med når dei kom roande ut til jekt i. Strilane var og dei verste til å pruta på prisen, sikkert med god grunn i mange høve.
Bergenskjøpmennene var ikkje så gode å lura; dei var vel inne i prisar og storleik. Vitnemål om bordskyting kan ein enno finna i stadnamn rundt i Sognebygdene. Bordstopelen på Tjugum, Balestrand, var ein slik omsorteringsplass. Dei hermer slik etter ein jekteskippar som blei spurd av godseigar Knagenhjelm om han skaut bord: «Å, nei», var svaret, «berre slik at eg helde meg kaffi og tobakk».

I Offerdalen vart det og hogge spirer (mastertre) som dei sende til Bergen. Dei la dei langs etter jekti på farmen. Ein gong reiste «Nordstjernen», eller Offerdalsjekti, med seks slike på ein gong. Det utgjorde mykje av lasti.

c. Leii.

Dei gamle jektekarane kjende leii godt. Anders K. Thue, f. 1878, fortalde at han framleis (1967) skulle kunne fara sjøvegen til Bergen utan kart og kompass, endå det var om lag 70 år sidan han siglde. Han hadde lært hamnene og dei viktigaste siglingsmerki for livet.
Dei som kom sør frå Bergen, kunne fara tre sjøleier: dei kunne fara utan om alle skjer og øyar, slik at dei hadde landkjenning, eller såg sjøen midt i liane, som dei sa. Dei for då ytra. Dette vart rekna for den mest vågesame ferdi. Anders K. Thue fortalde om korleis han vakta seg vel for å setja ut før han såg andre jekter drog nordetter same leii. Han var ung og leit seg ikkje den vegen åleine. Dei siglde peisande denne leii. «Den gutungen er ei stor uvyrda», hermde dei etter undermannen hans Anders, som var med på ei ferd nordetter ei syftesoknatt.

Den andre leii dei nytta var Hjeltefjorden og Fedjefjorden innanfor øygarden, og så inn Sognesjøen mellom øyane i Solund og Gulen. Den tredje og siste leii var straumane innafor dei store øyane nord for Bergen, gjennom Kilstraumen eller Bakkestraumen, ut Fensfjorden, som dei kalla for Fjaimsfjorden, og så anten gjennom Mjønasund mellom Byrknesøy og Mjømna, vidare gjennom Ånnelandsundet mellom Mjømna og Sandøy. Somme for gjennom Brandangersundet og Tolafotsundet og så inn Sognesjøen.

d. Miler.

Fjorden blei delt opp i miler, slik at kvar etappe blei om lag like lang. Men elles ser det ut til at ei mil ikkje hadde ein fast avstand i meter, det var heller naturtilhøvi som har skapt mileskifti; dei rekna milene frå nes til nes innover fjorden. Sognamilene varierte frå 10 km. til 20 km. , men distansen låg i regelen rundt 15 km.
Sælsnes var mileskift, og vidare ut fjorden finn ein mileskifte ved Måren, Hovden, Bekken, Vidjehammaren og Glaværosen. Frå Sælsnes og innover fjorden rekna dei ei mil til Balaasken og Vangsnes. Frå Balaasken rekna dei ei mil til Ulvastad, Hammarsnes, Hanahaug, Feios, Vik og Sælsnes. Frå Årdalstangen og utover hadde dei mileskift slik før dei kom til Sælsnes: Bergmål, Revsnes, Gagersnes, Hanahaug. Frå Frønningen var det ei mil til Borlaug, Kaupanger, Ambla og Lærdal. Frå Vangsnes rekna dei ei mil til Borlaug.

e. Hamner.

Det var hamner til jektene utetter heile fjorden, og hamn tok dei etter som det høvde med ver og vind.
I det følgjande er freista oppsett ei liste over hamner som er nemnde i forteljingar til jektekarar.

A. Hamnene er nemnde frå Bergen og nordover leii:

1. Nyhamn
2. Breivik
3. Hella
4. Bakarvåg
5. Straumsnesholmen
6. Askehamn
7. Salhus
8. Hatleberg
9. Vetlebæra
10. Uksebåsen
11. Kråkeviki
12. Alværstraumen
13. Brødna
14. Lyseknappen
15. Storheimsstød
16. Bruknappen
17. Brokaløysa
18. Lygrastein
19. Kalsvikane
20. Lygrevåg
21. Njøti
22. Monslaup
23. Nyholmen
24. Kilstraumen
25. Bukkavåg
26. Vikingvåg
27. Napsholmen
28. Presthamn
29. Nonvik
30. Mjømnaholmen
31. Risesundet

B. For dei over Hille, kunne dei nytta desse hamnene:

1. Klokkarsundet
2. Søre Hillehamn
3. Nore Hillehamn
4. Gillesvali
5. Glavær

C. Over Skøyteløysa nytta dei desse hamnene:

1. Borlega
2. Skøyteløysa
3. Vågehals

D. Inn Sognefjorden var desse dei mest søkte hamnene:

1. Sygnefest
2. Rutletangane
3. Tjuongane
4. Risnafjorden
5. Hjartholm
6. Værholm
7. Ringreide
8. Råsholmen
9. Eikeholmen
10. Rotfeste
11. Vikholmen
12. Vadheim
13. Svartemyr
14. Klævald
15. Friviknattvikane
16. Kyrkjebø
17. Nordeide
18. Høyanger
19. Måren
20. Jekteviki
21. Ortnevik
22. Lånefjorden
23. Tussviki
24. Linde
25. Kvamsøy
26. Hanaviki
27. Tusshamn
28. Esefjord
29. Vetlesandgilet
30. Arnafjorden
31. Liktvorholmen
32. Vik
33. Vangsnes

E. Hamner i Fjærlandsfjorden:

1. Bordstopelen
2. Vikane
3. Sværefjord
4. Vetlefjord
5. Leirviki
6. Kulestad
7. Trodal
8. Teigaviki
9. Jordal
10. Lidal
11. Mundal
12. Stølaholmen

F. Frå Vangsnes og innover:

1. Feios
2. Hanahaug
3. Slinde
4. Fardal
5. Sogndal
6. Eide
7. Borlaugskroken
8. Fresvik
9. Simlenes
10. Dyrdal
11. Bakkasund
12. Gudvangen
13. Undredal
14. Aurlandsvangen
15. Fretheim
16. Buene
17. Frønningen
18. Tingastad
19. Holm
20. Kaupanger
21. Ambla
22. Vindedal
23. Erdal
24. Lærdal
25. Fodnes
26. Bergmålshamn
27. Nattvik
28. Saltviki
29. Kinserdalen
30. Solvorn
31. Marifjøra
32. Gaupnefjord
33. Døsen
34. Skjolden
35. Kroken
36. Urnes

Medan dei låg i hamn, kom dei i hop på jektene. Dei fortalde om røynslene sine så dei unge kunne læra. Dette kom seinare vel med, spesielt om dei måtte ankra opp i hamner der dei ikkje før hadde vore. Dei hadde den regelen at dei måtte vera særs varsame med ukjende hamner.
Særleg viktig var det å vita kor mange lås kjetting dei skulle ha klar når dei kom i hamn. Såleis måtte dei i Kråkevåg ha klar 11/2 lås, men i storm laut dei der ha 2 lås.

g. Bondestova i Glaværa.

Glaværstova

Det kan vera mangt å fortelja om i samband med bondestovene langs leii og i Bergen. Bondestovene har opphavet sitt nær knytt til tingstadene, men mange bondestover voks også opp der jektene tok hamn, såleis var det på prost Dahls tid i Gulen 5 skjenkarstover.
Dahl var totalist og arbeidde for å få desse stovene bort. At nett Gulen hadde så stor konsentrasjon av skjenkestover, fell naturleg når ein tenkjer på dei gode hamnene som var der, og samstundes har i mente at øyane i Gulen var sentrale med omsyn til plassering i Nordre Bergenhus.
Sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar passerte der på veg til Bergen.

Ein kan trygt seia at bondestova i Glaværa merkjer seg ut i tradisjonen om sogningar på byferd. Forteljingane derifrå er dei som gjev det beste tidsbiletet.
Glaværa var midtstad for øyane i Solund og Gulen, der vart heradsstyremøti haldne, og der var tingstaden. Til alt dette kom så handelsstaden og vinhandelen, og det var ikkje berre jektekarane frå Sogn som for dit. Frå dei midtre bygdene i Sogn kom bøndene årvisst med robåtane sine kvar haust. Dei vart av med poteter og smør til «havmennene», og dei fekk fisk i byte. Hit kom og skreppevesser og strilar. Dei drakk og slost mykje, sa Nils Mehus.

Spelte kort om pengar gjorde dei og. Dei hadde eit eige rom som dei kalla Vossekammerset, der det var lister for vindaugo innvendes så vessene ikkje skulle slå ut rutene når dei blei rusa. På dette kammerset var det 3 senger — 2 doble og 1 enkel. Jørgine Nordanger Glavær — eller faster som jektekar- ana kalla ho — fortalde at ein vossing sprang ut gjennom vindauga. Han hadde spelt kort om pengar og kunne ikkje løysa kortskuldi. Jørgine laut låsa han inne på ein sal så han ikkje skulle bli knivstukken. Han vart verande på den salen i 2 døger til dei andre var vortne så nokolunde fastande att. Dei tok skreppa og varene hans og kasta på sjøen.

Bondestova frå Glaværa er i dag på Sogn Folkemuseum, Amla, og med same du kjem inn døri, ser du skjenkestova, der ein og finn ein bar. Denne stova skulle vera den einaste med bar i Sogn. Oppe på lemmen er soverommet med kvart lægje oppdelt i båsar. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg tilhøvi der etter ein vintung kveld i baren.
Vertsfolket i Glaværa bryggja for det meste alt ølet dei selde. Malt kjøpte dei i Bergen, og dei hadde jamt godt lag med å få Ølet sterkt. Ølet selde dei ut i treskåler eller staup på peilar for 5-6 skilling for staupet. Ordet gjekk om at vinen i Glaværa var sterkare enn vanleg, og dette førte til at populariteten til denne bondestova overgjekk dei andre stovene i leii. Det var skire brennevinet med vinfarge, sa dei.
Det kom og klage til lensmann Landmark om vinstyrken. Han tok lensmannsdrengen med seg til Glaværa for å granska tilhøvi. Lensmannen sjølv fekk god dram av ei privatflaske. Drengen skulle smaka på den vinen dei selde til reisande. Han tok først eit glas, smaka vel på han og tenkte seg om. Han bad så roleg om eit glas til før han ville seia noko.

Det fekk han. Han kvelvde i seg det glaset og. Så bad han om den tredje drammen. Alle venta no på dommen hans. Han sa roleg: «No har eg smaka så lenge at eg kan ikkje seia om han er sterk eller ikkje». Det vart med dette. Glaværvinen blei som han hadde vore.
Søren Glavær var eldste handlaren i Glavær, etter det Guttorm Hansen Kversøy f. 1833 kunne minnast. Dette var ein ledig og snau kar, som ein gong gjekk ut over herdane på 14 sogningar som ville banka han.

h. Det var tevling om å få først byrt i Bergen.

Størst kapping var det å få først byrt i byen når dei låg mange jekter i Kråkevåg eller i andre hamner. Då gjekk dei ofte oppe og vakta på børen om nettene og lurte seg til å vera den første som løyste. Dei kappsiglde ofte hardt på slike ferder.

i. I Bergen.

Bergen var byen for sogningane, og det er han enno. Jektekarane likte seg i Bergen. Ole H. Hjetland, som var jekteskippar, meiner at bergensarane aldri heldt sogningane for narr, for dei var så pass til karar at ingen torde leggja seg ut med dei.

Jamt over ser det ut til at det har vore eit godt tilhøve mellom jekteskipparen og kjøpmannen i Bergen; dei var avhengige av kvarandre, og i somme høve kunne det bli vennskap mellom kjøpmann og siglar: «Han far handla helst med Olsen i Dreggen. Han vart så god ven med far at han kom til bryllaupet hans her på Thue» sa Anders K. Thue.

Sognejektene med bordlast blei som me har nemnt, plasserte i Dreggen. Vedajektene heldt til inne i Vågen, men etter som tidi gjekk, laut dei overlata denne plassen til andre, og reint forvitneleg er det å sjå korleis ein jekteskippar forklarar årsaki til at jektetrafikken slutta:
"Vedajektene slutta å føra last til Bergen rundt 1930, og grunnen til at dei slutta, var at bergensarane tok Vedabryggja frå sogningane ved Torget. Men dette laut Bergen betala dyrt for vedaprisen steig jamt seinare," la han til.

Under Nordlandstemna vart jektene belagde ute i Sandviki, og hamnefuten hadde til oppgåve å anvisa plass til jektene, og til hamnefuten er det knytt forteljingar. Han representerte autoriteten, og den som sette seg opp mot han, lever framleis i forteljingar og herme: «Helde du ikkje kjeft», hermer dei etter Lasse Hovland frå Vadheim, «ska eg slao hove ao deg so da fere snakkande bort ette Vågen».

Jektekarane fraus ofte i Bergen for det var hamnefuten som såg etter at dei ikkje gjorde opp varme, og så for dei på land og varma seg i brennevinutsali på Nedre Torget, på Muren og på Holbergalmenningen. Når dei så hadde fått jektene sine belagde, laut dei på land for å selja varene sine, og når det var gjort, kom berarane i Bergen om bord og bar ut veden. Dei rekna 12 børar i ein famn av åre og 18 børar av ein famn bjørkeved. For sogningane spela nok desse berarane ei viktig rolle, for dei var kjende i Bergen, og slapp leita seg fram i smaug og gater slik sogningane ofte måtte. Ein kan og seia at det vel ville vore uråd å halda på berre to mann som mannskap, skulle dei sjølve ha distribuert veden i Bergen.

Sogningane tykte berarane forsynte seg godt med brennevin, for dei drakk jamt. Berarane kom tidleg på kaien, men samlaget, som selde brennevinet, opna først klokka sju. Det var fast herme hjå berarane om morgonen: «Er ikke klokken syv ennu?» Når berarane møtte kvarandre første gongen om morgonen, spurde dei kvarandre: «Har du hatt deg en morning?» Hadde dei fått bør på ryggen, og samlagsmannen kom, så sa dei: «Her har vi'an». Så sleppte dei veden beint i gata og fekk seg dram, som kosta 2 eller 3 skilling, etter som sorten var.

Ei liknande oppgåve som berarane hadde og dei såkalla sagemennene. Dei saga byvedskiene opp i fire betar, og dette gjorde dei for kjøparane. Stundom kunne det og henda at sagemennene kjøpte veden for kjøparane. Sogningane heldt seg jamt til vens med sagemennene, og dei spanderte dram på dei.

j. Kor lenge varte ei byferd?

Med seglbåt frå Sogn til Bergen kunne vera ei langdregi ferd som ofte tok fleire veker. Motvinden var sjølvsagt verste plaga. Ein kunne til naud kryssa seg fram nokre mil om dagen, dersom straumen ikkje var for strid.
Men svartestilla var og meinsleg, og dessutan kunne dei koma ut for dauevatn. Det var særleg om sommaren at dei støytte på det. Dei meinte at dette var ferskvatn frå elvane. Vatnet la seg rundt jekti og slapp henne ikkje. Dette var brysamt. I hundedagane hende det stundom at dei og møtte dauevatn på havet.

Elles hadde dei eit merkeleg råd mot dauevatn; dei la eit langt tog bukt om stamnen og så eit tog på kvar side av kjølen så endane kom att om jekti.
Ofte måtte dei landgå gjennom straumane. Ingebrigt Vangsnes fortalde at han var med på å landgå frå Kilstraumen til Monslaup. Dei sette tog i toppseglfokket og gjekk oppe på haugane. Ein mann drog og ein var om bord og støytte jekti frå land med berlingen. Dei landgjekk både på sørlei og nordlei.

Etter at straumane vel var unnagjorde, tok dei ein liten pust, og skjenkte lite vetta i glasi sine. Dei tala jamt om straumdram. Dei som for på fem- og sekskeipingane kunne ro både fem og seks mil på ein dag, men med jektene var det straks verre; dei laut bugserast, og det var seint arbeid.

Me finn også forteljingar om folk som la vegen og rodde frå Bergen og heim. Gamle-Esen, f. 1834, gjorde dette, og dei fortel at når han runda Holmaneset, så kom jekti til syne ved Flesjaneset. Han hadde då brukt 5 dagar på turen. Gamle Edling Vangsnes sette seg ved årane og for til Bergen etter jern når dei bygde jekt til han. Anders Bruhjell og Per Ekra rodde til Bergen på seksæring. Dei hadde segl med og siglde når det var bør. På heimferdi rodde dei frå Hille ein sommarmorgon kl. 4. Dei var stavande stilt — og dei rodde heilt til Kvamsøy. Der kom dei i 9-tidi om kvelden. Då var dei så trøytte at dei ville sovna på tofta. Dette var i 1850-åri.

Jektene kunne i framifrå bør drivast 9-10 mil i vakti. Då letta dei seg mykje framme og vart gode å styra. Der varpa dei godt, men i tronge sund måtte dei la dette vera. Der varpa dei seg fram. Dei hadde varpanker om bord, og desse festa dei i land i fjellspringer og under steinar, så hala dei jekti fram slik.
Var fjorden brei, så gjekk dei anten over stag eller gjorde kuvending, med di dei gjorde ei sløyfe unna vinden, og så svinga dei opp att mot han. Nista si måtte dei ikkje ta for mykje av med det same dei for heimanfrå; dei måtte spara på den for ein visste ikkje kva som koma kunne, og det hemnde seg å vera for grådig i matvegen med ein gong.

Frå Balestrand fortel dei at Kristen Fjærestad og Eirik Hittun var i lag på storebåt til Bergen. Dei tok hamn alt i Kvamsøy. Dei hadde med seg lefsekling og dueleg god niste. Dei heldt storlag i vengen og åt opp det meste av maten. Nokre jenter frå Kvamsøy hadde vore gjester. På denne ferdi fekk dei seinare mykje storm og motvind så dei vart liggjande lenge 'verfaste i Ytre Sogn der det blei så lite om maten at dei radt svolt.

Nokre jekter låg verfaste i Nyhamn, som var ei romsleg og trygg hamn, men utanom leii. Der var tråver med vind av sør. Då jekti hadde lege der ei veke, sa skipparen ut i lufti mot vinden: «ha du sønnaver, så har eg og i mi matkiste». Han låg der ei veke til. Sønnavinden bles like sterkt. Skipparen sa: «ha du meir sønnavind, så har eg meir i matkista mi». Då det leid på tredje veka, sa han: «skal sønnavinden vara lenger, så Gud hjelpe meg å sjå til mi matkiste».

Byturen kunne såleis ofte ta lang tid. Dei tala stundom om å bli borte ei heil «purkaganga» — og det var 18 veker. Andre tider kunne derimot alt gå snøgt og greitt. 5 dagar brukte Per Stokkebø frå han reiste frå Stokkabø i Kvamsøy til han runda Stokkabøklubben att. Men så var då han ein meister både til å sigla og selja.

k. Forlis.

Det er ikkje så mange forteljingar ein finn om forlis. Frå Gulen er det fortalt om at ein mann frå Førsund dreiv opp i ei skår på Nesje. Men folk der var så hjartelause: Dei kledde mannen naken og kasta han på sjøen att, så han bleiv der i storm frå sør. Dette skal ha hendt rundt 1790. Ei råsegljekt forliste ved Hellesøy. Folki kom seg i land, og vart om ei tid berga av folk frå Byrknes. Då var dei skipbrotne så forkomne av svolt at dei hadde drepe ein sau og samla blodet på ei flaske, og av denne drakk dei etter tur.
I Alværstraumen forliste ei sognejekt, og heile straumen flaut full av byved. Sogningen sat på land og oppsende si bøn om hjelp: «No mao du hjelpa meg, Vaorherre, for du veit, da e'kje for ofta eg ha tote om hjelp».

t. Siglingsmerke.

Dei hadde merke ut etter fjorden korleis dei skulle styra. Ei særmerkt forteljing i så måte er forteljingi om sogningen som siglde seg straffefri: «Ein skipper på ei sognejekt var dømd til straff, som han skulle sona i Bergen. Han siglde dit på eigi skute og var med øverheitsmennene, som hadde vore etter han. Då dei kom til Alværsund, skrytte øverheitsmennene svært over skippardugleiken hans med mange rosande ord. Så sa dei at kunne han greia å styra skuta over Kvernafjorden ståande, og snu seg attlenges, så skulle han sleppa all straffi. Sogningen meinte nok han kunne greia det og. Han freista, og berre vel gjekk det. Då dei kom om lag der Kvernafludi ligg, ville framandkarane freista skrema han. «No ber det lukst på fludi», sa dei. Men sogningen ottast ikkje. Han svara: «Nai, nai, er ikkje Alværsundkyrkja flytt, skal skuta gå fri fludi». Og det gjorde ho. Såleis siglde han seg straffefri».

Eit anna merke som dei hadde, var å sjå på fjellet Rambera; var det snørok derifrå, var ikkje Sognfjøra farande. Sognfjøra rakk frå Danneneset i Kvamsøy og heile fjorden ut.
«Ein kveld straks etter jul når snøkaven stod tjukk frå Rambera, hadde han «Døl-Edling», skippar på jekt «Emma Alene», vore i land på Vangsnes og smakt på juleølet, og kom om bord att i godt lag. No skulle dei løysa, sa han, og kappsigla med «Vetle-dampen» som kom inn frå fjorden.
Ole Anderson Bergmål var mann om bord, og han viste til snøroket frå Rambera. Men Edling meinte det berre kunne ryka. Før dei kom under segl, smatt «Vetledampen» forbi. Men det varte ikkje lenge før dei nådde han att og siglde forbi».

På Vangsnes hadde dei og eit anna merke om det same: Dei rodde ein seksæring om Neset, og klarte dei det, kunne dei fara Sognfjøra.

m. Vinden.

Vinden akta dei mykje på. Han gjekk anten ut eller inn fjorden. «Han er fine», kunne dei seia, og «han er ufjelge». Dei hadde merke for vindsnunad. Dei såg då på skylaget, skydrotten og lufti. «På luktaskapet blir han utrygge i dag», sa dei. Fekk dei hovudverk, blei det nordaver. Dei såg og i almanakken korleis veret vart. Almanakken låg jamt på bordet i jektevengen. Dei for etter dei aspektane som der var. Der det var mykje aspektar, skulle dei bli skifte i veret. Var det mykje medle, sette det til med regn og vestaver. Når dei kom til 4-tal der og krok ved nymåne og fullmåne, vart det ofte nordavind.Sameleis var det ei gammal tru at i advent skulle det bli vestaver; også havblink var teikn på vestaver ute i havet.

Dei lydde etter korleis regnet dreiv på vengtaket. Var det jamt tett regn, blei det sønnaver. Var dropane tyngre, ville han koma over på vest. I godvêr om sommaren var det greitt å vera jektekar, for då rekna dei med frisk havgula inn fjorden kvar ettermiddag, og landvind ut fjorden om morgonen. «Han bles unna skuggane», sa dei.
For vestavinden hadde sogningane tre nemningar: havgula, sognabør og jomfrubør. Dette fortel oss at det var denne vinden dei sette mest pris på, han gav bør heim over til Sogn. Der heime hadde dei kone og born, arbeid og grend som gnog.

Alle som ville kalla seg skipparar måtte ha kjennskap til vêrmerke, det var naudsynt om dei skulle føra jekt og farm trygt i hamn.

n. Han hamna i Skottland.

Mads Fitje frå Ortnevik var ved jonsokbel på ferd med jekt til Bergen. Dei var komne til Fensfjorden og låg i vindstilla. Så vart det vasslause, og dei visste at ved Vikingvåg var det ei god kjelde. Undermannen på jekti rodde difor dit for å henta vatn.
Medan han var i land, kom det vind og mørkeskodde over han. Ingen av dei såg noko til kvarandre. Mads Fitje miste landkjenning og visste ikkje kor han var. Då skodda letta, var han komen langt ut på havet. Han bad til Gud om hjelp, og det kom ein måse og sette seg på mastertoppen. Vinden auka no på, men måsen flaug på toppen og alltid beint fram eit stykke, så kom han att og sette seg på mastertoppen.

Mads tok dette som eit teikn på at han skulle styra som måsen flaug, og etter kvart vart vinden jamn. Seglet tok han ned så det stod om lag midt på mastri. Måsen heldt trufast lag og synte lei til dei kom til Skottland. Vel ilandkomen i Skottland, møtte han kjøpmannen som han til vanleg handla med i Bergen. Denne kjøpmannen hjelpte han med å selja farm og jekt, og han kom seg vel heim til Ortnevik. Somme seier at han var borte lenger, og dei meiner at det var heile 6 år, og dei seier og at kona hans var attgift når han kom heim. På ferdi over havet tok Mads den lovnaden at kom han seg vel frå dette, så skulle han gje ei gåve til kyrkja på Kyrkjebø.
Denne lovnaden heldt han, men han kosta seg også eit anna bilete med same motivet som bilete på Kyrkjebø kyrkje: ein mann står til rors på ei jekt, med ein måse flygande føre. Dette andre bilete skulle vera heime på garden hans i Ortnevik. Ein annan variant om same hendingi lyder slik:

Mannen som for til Skottland heitte Ola Fitje, for ein gammal mann med same namnet (han var oppattkalla etter Skottlandsfararen) fortalde soga om jekti som rak av til Lasse Førsund. Han fortalde så vidare til Jens Lasseson Førsund og Berge Taraldson Førsund. Denne Ola Fitje meinte hendingi hadde bore til på slutten av 1700-talet.

Endå skottehandelen helst var konsentrert til bygdelagi i Hardanger og Sunnhordland, finn me såleis også merkje etter hopehav og kjennskap til skottane i Sognebygdene. Om dei siglde ytre leii, sa jektesiglarane til og med at dei då kunne høyra korleis skottane banda tønner. Dette skulle då framom alt tyda på at dei rekna ikkje Skottland så langt av vegen.

IV. Supranormale førestillingar.

jekt i Luster
Bilete henta frå Marcusbasen ved Universitetsbiblioteket i Bergen, fotograf Knud Knudsen

Korleis dei skaffa seg bør på supranormale vis.

Det var ei vanleg tru over heile landet at finnane hadde trolldomsmakt. Dei kunne m.a. laga vind. Det er såleis rimeleg at sogningane som heilt var avhengige av vinden på ferdene sine, fortel segner om finnar som hjelpte dei på heimveg frå Bergen.
Ei segn fortel:
Han gamle Helge Lidal frå Fjærland val i byen med jektalast. Han vart liggjande i hamn i lang tid, av di det var stavande stilt. Han vart matlaus og visste ikkje si arme råd. Så fann han på at han skulle gå til ein finn og få han til å laga bør åt seg. Finnen drog opp ein silkeklut, stod på ein fot og gjorde tre knutar på kluten, og flidde han så til Helge. Då han løyste fyrste knuten, tok det til å blåsa aldri så lite og då han løyste tredje knuten, vart det peisande medvind.

Ei anna segn lyder slik:
Ein mann frå Hjelsengi inst i Esefjorden var ein gong i byen med jekti si, og så var han hjå ei finnekjerring og spurde henne til råds om eitkvart. Han spurde henne kva ho skulle ha for bryen, og då svara ho:
«Vil du gje meg eitt av dei to kjøtlæri som heng att med omnen i kahytta di, så skal eg vera fornøgd».
Mannen vart reint fordust; for han hadde nett to spekekjøtlær hangande der. Då han kom ned i vengen på jekti si, duste han ei stund på om han skulle ta det minste eller største læret. Men enden vart at han tok det største: han torde ikkje anna gjera. Ho takka han mykje for læret og sa han var ein gasta kar, og sidan han var så skapleg at han gav henne det største læret, så skulle ho syta for at han fekk bør heim att, og han det ville. Jau, det likte han Samuel. Ho reiste stad og knytte tre knutar på ein lommeduk og gav han. Han måtte ikkje løysa knutane, sa ho. «No skal du gjera deg sigleferdig og så går du bak i rongi og kastar denne kluten over venstre herdi på sjøen».
Han gjorde som ho hadde sagt, og straks tok det til å kolna kring roren; like etter byrja det å kylna lett ut frå Vågen. Han tok ikkje ned seglet før han var heimkomen.

Og i ei tredje segn kan me finna dette:
Ein mann frå Eiki i Vetlefjorden var slik ein glup siglar. Han ville før sigla livet han ville ro på sprengen, hermer dei etter han. Ein gong skulle han koma fort heim att frå byen, og gjekk til ein finn og bad om bør. Han fekk då ein klut med tre knutar på. Finnen sa at han skulle løysa to, men den tredje måtte han ikkje løysa, men han kunne berre leda så vidt på han, om blei slik at han trong meir vind. Han fekk strykande bør innetter fjorden.
Då tok mannen for moro og leda orrande lite grann på den tredje knuten. Men då vart det slik grøteleg fart at han laut snøra knuten att.

Dei tre ovannemnde segnene inneheld den same kjernen: onnige sogningar i Bergen ville snøgt heim att; dei hadde høyrt om finnane sine trolldomskunster, og så gjekk dei for å få hjelp til det som stod dei mest i hovudet: god bør på heimveg.
Det er elles særmerkt for desse tre segnene at dei inneheld drag som er typiske for magi. Me merker oss såleis korleis finnen tedde seg i den første segni når han skulle mana fram dei magiske kreftene i silkekluten: Han stod på ein fot og gjorde dei tre knutane. I den andre segni møter me vilkåret som må oppfyllast for at magien skal kunna brukast:
Mannen skulle gå bak i rongi og kaste kluten bakover venstre herdi. I den tredje segni ser me korleis det går med mannen som ikkje held seg til finnens ord; då blir det slik ein grøteleg vind. Det magiske var ofte nett samanbunde med detaljen i framstillingi. Dersom ikkje denne detaljen vart utført på rette viset, så slo ikkje trolldomen til.
Me må her og nemna dei tre knutane; tretalet blir rekna for eit magisk tal. Me finn her døme på det ein kan kalla parallellassosiasjon: vinden løyste seg når knuten blei løyst.

Dei hadde også andre truer om korleis dei skulle skaffa seg bør. Følgjande forteljing er eit døme på det: Når dei fekk stela ei svart hornskei og setja i styrelekkja på ei anna jekt utan at karane der fekk vita det, så trudde dei det vart bør.
Edling Kvamsøy var med Knut Meland frå Vetlefjorden rundt 1870 og stal ei svart hornskei. Dei låg 8 jekter på Tjuongadn på ferd heim.
Fjerde dag jul tok åtte mann til Nesje og ville kjøpa rømmekopp. Det vart avtala at den som fekk ei svart hornskei, skulle ta henne med. Dei fekk rømmekopp og flattbrød og vart trakterte med juleøl. Det kom nye hornskeier på bordet, og desse var innkjøpte til julehelgi. Det var berre ei svart skei, men den som fekk henne, tok henne ikkje med seg. Dei andre let ilt for dette.
Dagen etter tok dei åtte same mann til Nesje, også denne gangen var det rømmekopp dei var ute etter. Men no var det gjort klart at ei svart hornskei skulle dei ha med seg. Tok ikkje den som fekk henne, skeii, vel så skulle han rundjulast.
Knut Meland fekk skeii og stakk henne i lomma. Hornskeii sette dei om kvelden i styrelekkja på ei jekt frå Arnafjord. I lysningi om morgonen var denne jekti teken til å heisa segl. Dei løyste alle, men vinden var spak. Dei trudde det var skeii som var skuld i at dei fekk løysa.

I ovannemnde forteljing er det eigenleg to truer som er fletta i hop: Dei trudde at ei svart hornskei åtte ei særleg kraft, og dei trudde at rømme og rømmegraut ville gje bør. Denne siste trui har nok festa seg for di dei såg at rømmen var feit, og alt som var trått og tregt måtte smørjast, slik og vinden.
Frå Kråkevåg er det fortalt at jektekarane ofte kom dit for å kjøpa rømme eller rømmegraut i den trui at det ville hjelpa trudde at smørauga i grauten gav god bør.

Å gå til jentene når dei låg verfaste, skulle og gje hentande god bør: Dei låg på Norevikadn i austaver på femte veka. Ein vangsnesing meinte at no fekk han gå til jentene slik at det kunne bli von om å få bør.

Han kom inn til ei jente, og medan han koste seg der, drog karane frå dei andre jektene skipsbåten på land heilt opp til fjøsen på garden. Dei la båten i møkakjellaren og fylte han med møk. Dagen etter slo han over på peisande vestaver. Alle løyste, men vangsnesingen, som hadde skaffa børen, han måtte henta skipsbåten og tøma han. Først då kunne han løysa. Når han kom til Vangsnes om kvelden, var dei andre komne vel i hamn. Så sint var han at han ein gong ikkje ville ha hjelp til å beleggja jekti si. Denne forteljingi har, som me ser, same kjernen som mange av forteljingane knytte til tradisjonen om friing.

Elles blir det fortalt om ein draug som skreik i Kråkevåg og varsla bør. Ei slik forteljing er denne:
Synneva Frivik, f. 1858, voks opp på Vangsnes. Sommaren 1872 var ho med Ellend Vangsnes og Ingebrigt Vangsnes på jekt til Bergen. Det var jonsokbel, og 11 jekter for i lag. Dei låg i Kråkevåg og venta på bør, og dei hadde alt lege der i mange dagar. Vangsnesjekti låg lengst oppe i Hola.
Ein kveld var Ingebrigt ute og fiska. Då det leid på kveld, tok det til å banka i spegelen på jekti. Dei trudde først det var Ingebrigt som kom att frå fisket. Men det var det ikkje. Han var framleis ute med skipsbåten. Det pikka tre gonger til. Ingebrigt såg dei ikkje. Då sa Ellend: «I morgon får me bør for no pikkar nissen». Morgonen etter vart det fin nordavind, og alle 11 jektene kom til byen.

Å klø mastri skulle gje bør. «I mi tid var det helst skjemtegaukane som for med det», sa Anders K. Thue.
Dersom dei ville ha god bør når dei var ute og siglde, skulle dei leggja ein toskilling inn i mastri. Jektemastrene som var av furuved, sprakk og vart det slik at dei blei liggjande å driva i svartestilla, stappa dei pengar inn i sprekkene. Dei fann mykje pengar i ei jektemast dei kløyvde opp i Lånefjorden.

Ville dei ha vestaver, Sognabør, skulle dei brenna ein sopel. «Det gjorde me ofta når han far var i byen med jekti, og me visste han var på heimveg», fortalde ei jente frå Vangsnes.
Denne forteljingi kan ha samband med truene om hekser, for me veit at sopelen var heksenes framkomstmiddel, og med deira evne til å gjera djevelskap kan det tenkjast at dei også kunne finna på å forheksa veret. At dei brann sopelen, skulle vel tyda på at dei ville uskadleggjera heksi med å øydeleggja ridestellet hennar.

b. Den Vonde rodde jekti.

Svarteboki hadde dei somme stader i Sogn, og denne boki vart nytta til magiske føremål. Dei løyste den Vonde med denne boki, og så gav dei han vanskelege oppgåver. Ei slik vanskeleg oppgåve var å ro ei sognejekt i vindstilla eller motbør. Det kunne nok få sveitten fram på han Gamle Eirik. Han gamle Kristen var i byen med bordlast.
Det var seigt å verta av med lasti, og det leid fram mot julahelgi. Men heimatt til jul ville han, korleis han skulle snu seg. Ja, så vart det julafta. «No kjem du ikkje heim att til jul», sa kameraten hans, og byfolki sa det same. «Jau, eg skal koma heimatt, eg», meinte han. Han reiste om morgonen julafta, og hadde skurande bør radt til han kom åt Bekken ute i Sognfjøra, men då vart det stilla og motvind. Så visste han ikkje meir enn ei råd:
Han fekk han «Gamle-Eirik» til å ro, og han rodde sagta, han, så det mona. Det bar innetter så det berre stod langt oppetter jekti. Og så spurde han: «Toler du meir?» «Ja, det gjer ho» sa han Kristen, «klem berre på, kar». Og så rodde han så knakande at båe årane rauk av, og så la han opp i skogen ein stad og sleit opp to furer, som han no brukte til årar. Så la han i veg att så kvite skummet stod jamhøgt med tretoppane. Då dei kom inn til Borlaug, leid det fram i skymingi.
Den Vonde var då trøytt og utmasa og hadde god hug til å slutta med så gjort, og difor spurde han: «Kva seier Borlaugskjerringane, når dei legg att sjåen?» «Høgre opp og lenger fram, din djevel», svara han Kristen. Den Vonde tenkte han ville ha svara: «Kross i Jesu namn», så hadde han sloppe, no fekk han ikkje det, han laut berre halda på.
Komne inn til Kjøsidbugti, ropa huldrene oppe i berget ned til han: «Vil du ha steik?» «Ja, vel heit og vel feit», svara han, og så kasta dei ned på jekti til han ei stor kjøtside. Han skoda på henne, men tykte ho var for lite feit, og difor slengde han henne opp i berget til dei, og der viser det etter henne den dag i dag.
Då dei kom til Kaupanger om kvelden, hadde han ikkje meir å gjera, og så ville han ta han Kristen og reisa med han, men han Kristen slo ned ti tønner rug og det skulle han plukka opp att, eitt for eitt korn, og då han var nesten ferdig med det, sette han Kristen han til å slå tog av sand.
Men då gret han, seier dei, for det gjekk så trått å få det til å hanga saman. Men ein liten stubbe klarte han å slå, og denne ligg ned ved strandi ved Bjørkanaustet. Somme seier at det ligg eit stykke utanfor Marbakk inne ved Marifjøra.

Han gamle Hans Frækaland som for og reiste åleine på ein storebåt, han har sett denne stubben, sa han. Han var visst to-tre alner. Same segni høyrest slik ut i ein annan variant: Godseigar Knagenhjelm hadde ei jekt på om lag 30 mål. Anfinn-Lasse var i mange år skippar på denne jekti kring 1840-åri. Ein gang føre jul låg denne jekti på Rutletangane med all julekosten til Kaupanger. Det var austa, så jekti kom seg ikkje inn til Sogn.

I Kaupanger hadde dei svartebok. Dei løyste den Vonde, som så rodde jekti til Kaupanger. Der batt han ein famn tog av sand, og dette sandlaget ligg i fjøra der enno. Elles var nok dette ei vanleg vandresegn, for Olav Sande seier at:
«I Vik og der ikring vil dei hava det so til, at dette skal hava hendt med gamle «Hanavikjen». Me kann likaso godt tru, at det hev hendt baade med honom og med honom Gamle-Kristen».

c. Draugen.

Draugen hadde dei høyrt om, endå dette vettet helst høyrde andre landslutar til. Forteljingane om draug i Sogn har elles størst frekvens i dei ytre bygdene, som rimeleg kan vera. Men også i dei inste og Øvste bygdene i Sogn finn ein spor etter forteljingar om draugar.

Ei segn frå Lærdal lyder slik:
Dei hadde vore inne på Lærdalsmarknaden. Då dei kom ut att på Govviki i Lærdalsfjorden, fekk dei ikkje båten lenger fram. Det var etter avdagar. Dei rodde, og dei sleit, heldt opp og tok til att og undra seg mykje over dette, men då fekk han Anders sjå ein som heldt båten att i bakstamnen, og det var ei lang stund før dei fekk koma seg fri og kunne halda fram med heimferdi.

På Friviknattvikane i Kyrkjebø var det også draug:
Det var ein mann frå Feios som blev der. Han kom der på jekt og skulle i land med lina. Det var mørkt og så for han på sjøen. Dei sokna lenge etter han, men fann han ikkje, men sidan fann han Birger han. Dei har sett han der mange, vissa mot austaver, det veret det var då han bleiv.
Det er fælt med slikt. Då høyrer dei han skrik og ber seg. Han Olav såg han ein kveld han for roande der, så tydleg og, for draugen leste båe hendene om attarste stavnen, så båten gnatt ikkje fram så langt som eitt langspann ein gong. Dei hadde sett denne draugen både naken og med klædi på.

Ein variant er denne:
Ein jektesiglar frå Sogndal bleiv på Friviknattvikane ei natt i austastorm. Føre austavind har dei høyrt han skrika der. Ola Hansson Wendelbo var ute og rodde ein dag før søli rann kring 1795. Då han kom ut for Friviknattvikane, stogga båten, og han kunne ikkje få båten laus att kor han tok i. Han såg seg i kring og merka at draugen hadde teke fast i bakstamnen på båten. Då sveiv det Ola at han skulle gje draugen ein lærepeng. Han hadde alltid Øks med seg i båten. Han reiste seg, treiv øksi, løfte henne og sa: «Sleppe du ikkje no, so høggje eg nevadn ao deg». Då slapp han taket, og han høyrde slufsen med det same han for under att.

Draugen varsla også dødsfall når han heldt båten:
Hans Gjertsen Råsholm, Nils Monsen Rå og Johs. Larsen Varekleiv hadde vore i Ortnevik med seksæring og kom heim til Rå om kvelden. Dei drog båten turr. Ein av dei datt, og dei andre stogga. Då dei skulle ta båten att, stod han som spikra på lunnane. Dei vann ikkje med han. Ei stund etter prøvde dei att, og då gjekk båten lett. Dagen etter vart båten nytta til å føra eit lik frå Rå til Norevik.

Me finn også andre forteljingar om draugane:
Ein som heiter Johans, ute på Vangsnes, var ille ute ein gong. Han hadde vore i Fresvik eit ærend, og han hadde son sin med. Dei for der innanfrå i skymingi, og då dei var komne ut att for Rabnaberg, vart det ei skremeleg slufsing rundt i kring båten. Dei rodde, og dei sleit, men båten knatt ikkje av flekken det minste grann. «Å nei, å nei far kor skal me fara åt?» jamra guten. «Tei berre stilt, du, det blir ikkje bere av», svara faren. Såleis med slufs og spruting heldt det på heile tidi ut gjennom til dess dei kom til Borlaug, då først heldt det opp, og på slutten var dei god til å slita seg ut i Osen seint om kvelden.

På Rysjedal var draug. Han letta styret så heile jekti reiste seg, fortalde Anfinn Vangsnes kring 1840. Mange vart ute for dette. Notbruket på Osland hadde stengt sild i botnen av fjorden. Då dei drog noti i land, kom to blåkledde karar og bykste ut og inn i noti.
Notfolki vart vitskremde, og dei for alle heim, kvar til seg. Lasse Førsund var med i notlaget. Då han kom heim, var han så avkomen at han kunne ikkje ta klædi av seg. Kona laut hjelpa han. Dagen etter gjekk dei til notstenget. Der stod alt vel til, sildi var i noti. Frå Osland hadde to karar før blive i sundet. Notkarane trudde det var dei som hadde synt seg som draugar.

Framfor ruskever har mange høyrt draugane skriva på både sider av båten. «Nordvest», skreik dei på den eine sida, og «haglblest» på den andre. Han Stor-Ola frå Bjordal var ein søndag føre jul i lag med to andre til Søreide. Der drakk dei seg fulle. Men om kvelden når dei siglde heim, vart det kuling av nordaust. Dei kolsiglde ved Kroppeneset, og der bleiv Stor-Ola og ein mann til.
Stor-Ola har synt seg som draug helst framfor nordaust. Det var draug på Tjuongadn, Kråkevåg og Hille. Dei trudde einkvan hadde blive der. Dei varsla for same slags ver som dei hadde kome bort i. I Tjuongadn varsla han nordvest. I Kråkevåg og i Hille høyrde dei han føre nordavind.

På Tjuongadn hende det at landtogi blei løyste. Dei trudde det var draugen som gjorde dette. Difor gjorde dei det som skulle gjerast: dei smurde mannaskit på knuten av toget så draugen ikkje skulle løysa knuten. Då rekna dei seg trygge.

Han Arnbjørn Munken såg draug i stodi på Linde.
Anders K. Thue fortalde dette etter far sin som ein gong låg med jekti si i Krakhella. Det låg mange jekter der i nordastorm. På ettermiddagen ankra ein brigg opp. Han tok til å kraka. Dei sette ein jolle på sjøen for å få feste i land. Medan dei dreiv og festa i land, kom det som ein moreld ned etter bakken og dei høyrde eit plask i sjøen. Dei sa: «Når draugen for i sjøen, blei det forlis». Det rauk opp, og dagen etter var briggen borte, og han spurdest ikkje.

Gjert Jakobsen Råsholm — Holme-Gjert høyrde det skreik tre gonger i fjorden ut for Råsholmen. Hans Gjertsen Råsholm var på byferd med jekti til Kolbein Sjur, Vikøyri. Dei løyste frå Råsholm tidleg. Det var blanke måneskinet og austaver. Om kvelden var dei komne til Kråkevik og dreiv ut til Humledalsneset. Brått kom det tjukk snøkave, og det bles opp med nordvest. Høyrde dei så ein lyd som frå ein okse framfor jekti.

Guttorm Halrynjo var undermann om bord. Han spurde kva dette var. Okselæte hadde dei høyrt båe. «Det er Holmedalen som ikkje har late inn graoksen sin» sa Råsholmen som ikkje ville skrema ungguten. Straks etter høyrde dei ein låt som av ein flokk kåte jenter i snøkaven attanfor jekti. Dei ottast no ei ulukke og var redde for ikkje å koma i land, men dei nådde Skøyteløystangen og kom i hamn ved Bordlega. Det rauk opp med slik storm at dei kunne ikkje koma i land frå jekti i det smale sundet på tre døger. Kolbein-Sjur var sjuk og låg i jektevengen. Han og høyrde jentelåtten.
To brør frå Førde, Bjordal, kom bort. Dei har seinare synt seg som draugar ved Verpeshaugen. Derifrå løyste dei ein søndagsmorgon. Det vart halde for usømeleg å fara heimanfrå ein søndag. Men var dei ute på ferd, kunne dei sigla om søndagen om vinden blæs.

Denne vesle forteljingi syner nokså klart at mange segner hadde ein bestemt funksjon: her ser me då korleis det vert sett opp klare reglar korleis søndagen skulle høgtidast.

Om noko braut desse reglane, enda det med ulykke. Ein kan såleis seia at segner — og tradert stoff hadde ein rein pedagogisk funksjon av di dei tente som illustrasjonar for normene i bygdesamfunnet.

d. Det var gand i Bjordal.

Futen Simon Hansen tok seg ein heimlaus gut til vedahoggar. Torstein Førde og Jens Søreide sa til futen at han måtte ikkje la denne guten vera hjå seg. Guten laut då fara att om hausten. Men før han reiste, sa han frå om at det skulle verta ei sorgfull jul for dei som hadde valda at han no ikkje hadde meir heim enn fuglen som flyg under himmelen.
Om hausten ved mikkjelmyssetider reiste sønene til Torstein Førde og Jens Søreide til byen med jekt. Dei hadde teke hamn i Listraumen, og dei løyste derifrå i stilt ver ein søndagsmorgon. Det var småe jekter dei hadde, for dei rodde ut Listraumen med ei stor år framme og ei stor år bak i jekti. Då dei kom ut i Sognasjøen, kom det med eitt ei kvass stormbye, som varte så lenge som det tek å eta eit mål mat.
I stormen kom det bort 5 jekter og 10 mann. Etter på vart det stilt.

e. Føreferd vart også jektekarane ute for.

Ei sommarnatt siglde Anfinn og Erlend Vangsnes (Anfinn-Lasse gutane) inn Sogn med jekti si. Dei såg då lauseld på Klævald, og dei trudde det hadde bore til ei stor ulukke. Dei spurde seinare korleis det stod til på Klævald. Men der var alt berre vel. Ti år etter, ei sommarnatt på same bel, for dei og inn Sogn, og då såg dei stor lauseld på Klævald. Ulukka hende den natti.

f. Nålys var teikn på forlis.

Same natti som Per Stokkebø og Helge Thue måtte hoppa på sjøen i Smiesundet, låg Anders K. Thue og Anders Menes i Alværstraumen. Det var ei hard uversnatt. Jekti til Ola Menes forliste i Lifjorden. Stormen var så hard at det var uråd å få skipsbåten fram ved sida av jekti så ein kunne få knytt tog i land. Anders Thue tok ei grann line og batt om livet, så klatra han etter toget i land og fekk setja landtog i ein stor ask. Då låg dei trygt.
Då dette var gjort, synte nålys seg på mastertoppen. Det lyste som ei sterk lanterne, og det var radt lyst ned på farmen. Lyset kom med det same stormen vende frå sørvest til nordvest.

Mange jektesiglarar har sett dette, mellom desse var far til Anders, Klaus Thue. Det var mykje ovtru med dette. Dei trudde det var spøkri, for lyset var i rørsle langs jektemastri. Dei hadde det teiknet at kom lyset radt ned til jekti, varsla det forlis.

g. Å vekkja jekti.

Han gamle Johans Skåsheim gjorde seg på sine gamle dagar turar ned til jekti si og slo tre harde slag bak og framme på ho. Dei spurde han kvifor han gjorde dette. Han svara: «Eg vil vekk ja ho».

h. Trebeten varsla storm.

Ein mann på Menes hadde jekt.
Nett fram om vengen låg det ein bete. Når det small og knast i den beten, så vart det storm. Dei hadde den trui at det veret som tok hardast på den staden der treet hadde stått, det ville treet varsla når det vart brukt til vyrke i eit hus eller ei jekt.

Avslutning.

Me skreiv i innleiingi at me sette oss som eit mål å syna at etno - folkloristisk kjeldetilfang avspeglar næringsstrukturelle tilhøve i ein region. Det er her då særleg viktig å framheva samspelet mellom jektefart og skogbruksproduksjon. Dei skrivne kjeldene frå 1800-talet kan gje oss relativt godt innsyn i den reine åker- og februksproduksjonen — det er derimot mykje vanskelegare å koma fram til kvantitativt målbare storleikar når det gjeld avvirkingi i skogen.
«Han far sa jamt at skogen har berga oss so mang ein gong», fortalde ein mann frå Sværefjorden meg. Og dette er truleg rett: Veden var bytemidlet for korn og fisk — og det var sal av ved som gav pengar til skatt og sparing.
Stikkprøver i rekneskapen åt Balestrand Sparebank gjev klåre fråsegner om det:

Om me t.d. ser på dei årlege innskottssummane i denne banken i tidi frå 1876 til 1895, vil me straks møta på svingingar og rørsler i den økonomiske aktiviteten. Frå 1876 til 1877 auka innskottssummen frå noko over 162.000 kroner til vel 171.000 kroner.

Folk i bygdi hadde såleis pengar til overs dette året. Pengane sette dei i banken; året etter derimot, i 1878, vart bilde snudd om. Det året minka innskottssummen med om lag 10.300 kroner. Folk tok pengane sine ut. Dei tærte på oppspart kontantmidel.
I 1879 auka innskotti på att — for så neste år å bli redusert med over 12.000 kroner.
Frå 1881 til 1889 var det vekst i innskotti kvart år — med bårehøgder i 1884, 1887 og 1889. Størst var tilveksten i 1889 — då innskottssummen auka frå 221.805 kroner til 249.024 kroner — ein auke på noko over 27.000 kroner. Åri 1890, 1891 og 1892 derimot var dårleg for innskytarane — på desse tre åri fall innskotts- summen frå 249.000 til 211.000 kroner — mest 40.000 av dei kronene som vart lagde til sides i 80-åri, vart då uttekne. Pengane som vart innsette i Balestrand Sparebank i denne tidbolken, skreiv seg frå overskott i jordbruks- og skogbruks- produksjonen. Grovt sikta kan ein seia at balestrendingane i
all hovudsak selde ved og hatleband frå skogen dei selde smør og poteter frå jordbruksproduksjonen. Viktigaste underskottsproduktet var korn - bygg. Prissvingingane på desse produkti måtte då verka inn på det økonomiske livet.

No må me skyta inn at me talar om familiejordbruk som er og var ei driftsform som i noko mon reduserte verknaden av varierande marknadsprisar.
I ein vanskeleg marknadssituasjonen med låge prisar kan såleis arbeidsintensiteten aukast på det vis at produksjonen vert større — på den andre sida kan gode marknadstilhøve føra til mindre arbeidsintensitet slik at utbytte ligg under det kapitalistisk optimale. Me kan dessverre ikkje måla i kva mon arbeidsinnsatsen varierte, av di produksjonsmengdi av ved, poteter og smør ikkje kan følgjast frå år til år.
Me kjenner derimot prisvariasjonane på desse produkti. Om me t.d. ser på Vedprisen, så ymsa den ein god del i tid- i 1881 låg den såleis på 6,70 pr. m3, bolken frå 1881 til 1894 medan den i 1888 var komen opp i 8,80 pr. m3, i 1889 var den 8 kr. pr. m3. 1 1890 seig den til 7 kr., i 91 var den 6,50 og i
1892 var den komen ned i 6 kr. Sameleis var det med prisen på poteter også der var svingingane markerte: i 1876 var medelprisen på ein hl. poteter i Sogn kr. 4,20, som var
eit toppår.
Frametter i 1880-åri sokk potetprisen jamt heile tidi. Lægste nivået nådde den i 1890 då prisen var komen ned i 2,72 pr. hl. I 1890-åri derimot steig den kraftig att: i 1891 var den kr. 4,04, i 1892 4,50, i 1893 3,89. Smørprisen heldt seg meir jamn — den pendla mellom 1,50 og 1,40 i heile den bolken vi her drøfter. Prisen på bygg — som var eit underskotsprodukt — svinga også mykje. I 1876 stod såleis prisen i kr.11,91 pr. hl., i 1877 var den kr.12,34.
Frå dette toppnivået fall den - med lægstepris i 1888 og 1889 med høvevis kr. 7,09 og 7,95. 1 1890, 91 og 92 gjekk prisen noko opp att og fall igjen i 1894 og 1895. Til trass for desse svingingane kan ein likevel tala om ein klar trend: det var prisfall på bygg.

Når me så skal vurdera desse tali opp mot kvarandre for å dra ut ein samlande konklusjon, kan me seia dette: pengane som vart innsette i Balestrand Sparebank i tidbolken 1876— 95 kom særleg frå skogbruksproduksjonen; i alle høve finn me godt samsvar mellom høg pris på ved og auka innskott i banken.
Rett gode år for banken vart det når ein fekk samanfall av høg vedpris og låg byggpris.
Balestrendingane tærte på oppspart kontantmidel i år med samanfall av låge vedprisar og høge byggprisar. Me har også nedskrive kronikat som fortel at bygdefolket sjølve vurderte tidene ut frå prisane på ved og bygg. «Det var gode tider når me fekk ei tynna bygg for ein famn ved», fortalde Olav P. Horpedal i samtale med Anders Skåsheim.

I dette arbeidet har me sett at jektene for ein stor del vart bygde i Sogn av handverkarar derifrå. Av dei munnlege kjeldene går det også klårt fram at fartøyi stendig vart bygde større frametter 1800-talet. Dette må henga saman med ein auke i skogbruksproduksjonen.
Det er også grunn til å merka seg at dei lokale jektebyggjarane makta å byggja jektene større. Dei løyste det behovet som fanst i bygdesamfunni for større tonnasjekapasitet. Dette fortel om elastisiteten i den gamle bygdeskipnaden.
Forteljingane åt jektekarane har også synt at det fanst reglar og normer og faste skipnader frå jekti vart sjøsett om våren til ho vart dregen på land seinhaustes. Eit særdrag ved desse skipnadene var at dei var tufta på grende- og grannehjelp.

Innafor dei grensene som grendi sette, hadde det utvikla seg naturlege samvirketiltak. Mykje av det me har skildra i dette arbeidet, kan tena som føredøme for gardsdrift i moderne tid.

Samvirketiltak med basis i grendi kan løysa fritidsspørsmålet i jordbruket, og om ein ser på grendi - og ikkje bruket - som minste produksjonseining, vil ein kan henda kunna nå fram til ein høgre foredlingsgrad av gardsprodukti i det einskilde bygdesamfunnet. Jekteferdsla i Sogn hadde nett til særkjenne at folket i grendi kunne følgja produktet frå råstoff til ferdigvare — og oftast selde dei også det ferdige produktet til forbrukaren. Fortenesta på dei einskilde omsetjingslekkane kom då direkte grendi til gode — og skapte arbeidsplassar der. Kan det ikkje takast lærdom av det?

Det er også grunn til å understreka at det folkeminnestoffet som me her har lagt fram, er forma direkte av medlemmene i bygdesamfunni i Sogn. Alle hadde del i det, og alle sette pris på det.
Segnene, ordtaki, og kronikati sprang ut frå sams liv og sams verdioppfatningar. Medlemmene i bygdesamfunnet kjende seg att i forteljingane - og dei såg på slike kulturytringar som ein del av seg sjølve. Kulturytringane vart til ved sams innsats til sams nytte og glede. Denne aktive kulturskapingi gav bygdene eit sterkt indre liv.
Til sist må det vera rett å minna om det verdet og den sterke stoda replikk-kunsten har og hadde i alle aktive forteljarmiljø. Ein stutt replikk - framsagd i vanvare eller i djupt alvor vart hugsa.
Med vilje har me teke med ein del av desse folkelege kulturelementi. Mange menn og kvinner har fått ettermæle sitt bunde til stutte utsegner, og røynlege historiske hendingar vert gjorde levande att gjennom slike utsegner. Ei tid lurte eg på om ein høgt utvikla replikk-kunst var noko særeige ved jektelivet og jektemiljøet av di informantane mest stadig hadde ein tradert, ein sjølvhøyrd eller ein sjølvlaga replikk klår. Men den kvasse replikken og den målande utsegni stutt og dirrande av undertonar, representerer nok lysglimet og smilet i den slitsame kvardagen i dei fleste arbeidsmiljø.

Den kjende tysk-amerikanske filosofen og sosiologen Herbert Marcuse reknar då og - med stor rett - replikk-kunsten som ei særleg kreativ side ved arbeidarspråket.

Liste over informantar. (Thue = intervjua av Johs. B. Thue).


1. Isak Aven, f. 1873, Lavik.
2. Sjur Bale, f. 1876, Balestrand
3. Hans Bruhjell, f. 1870, Balestrand
4. Jon Hansen Dyrdal, f. 1859, Værholmen.
5. Olina Engum, f. 1864, Kvamsøy.
6. Lars L. Ese, f. 1888, Balestrand.
7. Ragnvald Førde, f. 1853, Bjordal.
8. Bjørn Hjelseng, f. 1887, Balestrand.
9. Synneva Frivik, f. 1858, Kyrkjebø.
10. Ole H. Hjetland, f. 1848, Høyanger.
11. Olav P. Horpedal, f. 1881, Fjærland
12. Per Hove, f. 1879, Feios.
13. Per Hovland, f. 1870, Vangsnes.
14. Erling Kvamsøy, f. 1851, Kvamsøy.
15. Guttorm Hansen Kversøy, f. 1833, Kversøy.
16. Oddmund Lidal, f. 1882, Balestrand
17. Guttorm Livden, f. 1891, Balestrand/ Kvamsøy (Thue).
18. Nils Mehus, f. 1894, Glavær.
19. Eirik Menes, f. 1874, Balestrand.
20. Ivar Offerdal, f. 1867, Feios.
21. Ivar Offerdal, f. 1882, Offerdal i Årdalsfjorden.
22. Jens Sagen, f. 1857, Kroken i Lusterfjorden.
23. Olav Sagen, f. 1892, Naddvik i Årdalsfjorden (Thue).
24. Brita Målsnes Skåsheim, f. 1882, Balestrand. (Thue)
25. Christen Skåsheim, f. 1848, Balestrand.
26. Hans Sognefest, f. 1871, Sognefest.
27. Per Stokkebø, f. 1874, Balestrand.
28. Anders K. Thue, f. 1878, Balestrand. (Thue)
29, Hans L. Thue, f. 1896, Balestrand. (Thue)
30. Hermund J. Thue, f. 1873, Balestrand.
31. Sigrid J. Thue, f. 1881, Balestrand.
32. Ingebrigt Vangsnes, f. 1852, Vangsnes.
33. Maria Vangsnes, f. 1896, Vangsnes. (Thue).
34. Tomas Vangsnes, f. 1874, Vangsnes.
35. Botolv Øksdal, f. 1879, Vangsnes.

KJELDER

1. UPRENTA KJELDER.
Sogn Folkemuseum, Amla.

a. Anders Skåsheims Arkiv

Brev frå:
Bergen Havnevesen.
Hjetland, Ole H.
Nese, Markus
Vangsnes, Nils

Dessutan laust notat etter samtale med Christen Skåsheim og Hermund P. Thue.

b. Anders Skåsheims «Segner og Sogor».

Daterte etter påbyrjingsdagen: 15/6 1919, 27/7 1920, 12/4
1922, 6/10 1922, 27/9 1923, 20/8 1924, 27/8 1924, 15/4 1928, 22/9 1932, 22/9 1934, 8/1 1946, 26/1 1951, 12/2 1951, 10/5 1951, 13/6 1951, 11/8 1951, 25/11 1951, 14/7 1952, 15/8 1952, 31/8 1953, 8/3 1954, 5/10 1954, 3/4 1955, 7/6 1955, 7/3 1956, 11/8 1956, 29/11 1956, 17/12 1956, 19/5 1957, 8/6 1958, 12/3 1959, 14/1 1960, 23/6 1962, 25/5 1963.

c. Årdal kommunekontor, Årdalstangen.
Olav Sagen: Dei gamle jektesiglarane i Årdal. Stensil.

2. PRENTA KJELDER.

a. Aviser og tidsskrift.

Bergen Turlag Årbok 1957. Bergen u.å.
Gula Tidend, Bergen. Årg. 1937 og 1953.
Sogn og Fjordane, Hermansverk. Årg. 1952.
Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn, Leikanger nr. 9. 13 og 22.

b. Annan litteratur.

Kjell Bondevik, «Folkedikting». Norske Bvgder IV. Sogn. Bergen 1937.
Bygdabok for Vik i Sogn. Skriftstyrar Olav Hoprekstad, Bergen 1951—58.
Arne Emil Christensen jr., Norske båter. Stensil.
Bernhard Færøyvik, «Sognebåten — Sognejekti». Prenta i Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn nr. 9.
Bernhard Færøyvik, «Sogne-båten». Prenta i «Fortun fra til Sognefest». Festskrift til G. F. Heiberg. Bergen 1941.
Robert Kloster, «Kunstarbeid og kunsthåndverk». Norske Bygder IV. Sogn. Bergen 1937.
Jon Laberg, Balestrand. Bygd og Ætter. Bergen 1934.
Luster, Bygd og Ætter. Bergen 1938.
Lærdal. Bygd og Ætter. Bergen 1926.
Olav Sande, Fraa Sogn I og II. Bergen 1887 og !892.
Asbjørn Stensaker, Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. Førde 1958.
Johs. B. Thue, Gardsproduksjon, handel og sjøtransport i jord- og skogbruksbygdene i Sogn 1830—1900. Hovudoppgåve i historie. Universitetet i Bergen.
Jens Vangsnes, Der havgula blæs. Bergen 1958.