Høns og hane

Høns og hane

Jungelen si rype

HØNSEHISTORIE

Dei første hønene vart tamde frå jungelen i Indusdalen i samband med kamphanesport for 5000 år sidan. Den vesle rasen bankivahøne er etterlevingar etter det første hønsehaldet, og vert rekna som stamforma til alle verdens tamhøns.
Romarane var dei som tok til å avla på verpeevna til hønene.

I Noreg er dei første funna av høner gjort i to kvinnegraver frå vikingtida i Nordfjord. Høns er også kjent frå sagatida og frå gamle lovverk. På 1700-talet starta overklassen med rasehøner. Mot slutten av 1800-talet var det vanleg med fjørkre-utstillingar av rasehøner i Kristiania.

JÆRHØNER

Det finst berre ein norsk hønserase, Jærhøna. Denne er denne rasen du ser her på museet. Dette er ein foredla variant av ei "landhøne" som fanst på Jæren frå gamalt av. Denne høna er hardfør og tilpassa norske forhold. Hønsehald hadde helst ein låg status hjå bondestanden. Det var bondekona sin stelte dei, og inntektene av eggesalet var ofte hennar "lommepengar".

Gamle matoppskrifter inneheld merkeleg nok lite egg, særleg gjeld dette oppskrifter frå Vestlandet. Kanskje vart dei fleste egga selde — dei var for verdifulle til å eta for gardsfolket?

UNDERSØK HØNSESPRÅKET!

Forskarar har funne ut at hønene har over 30 ulike setningar med heilt presist innhald. Hanen brukar ein heil spesiell lyd når han finn mat til hønene. Høyrer du dei pratar?