Høgdegardar Fuglesteg

Høgdegardar, ein god stad å bu?

På bilete: Fuglesteg sett frå vegen til Furåsen. Vegen går i bratte svingar bak furua til høgre. (Foto: Ørjan Skare, 2005).

Ei undersøking omkring høgdegardar kring indre delar av Lusterfjorden

Kring indre delar av Lusterfjorden ligg mange høgdegardar. Nokre av gardane har relativt lett kontakt med grender og bygder, andre ligg einsleg til med vanskeleg tilkomst.
Høgdegarden Fuglestig, som ligg om lag 630 m.o.h. i Fortun, var tidlegare ein av dei vanskelegaste å koma til. Ein kan dokumentera busetnad her frå 1648 til 1968, altså 320 år. Tidleg på 1800-talet vart det bygd eit stort våningshus i stein, huset er heile 15 x 8 meter utvendig. Våren 1985 brann Steinstova, fjøset og løa, som var felles for to bruk, ned til grunnen. Det vart gjort fleire forsøk på å få til oppattbygging, men ingen forsøk vart realiserte. Hausten 2000 fekk Luster Turlag spørsmål frå familien Fuglesteg om å prøva og skaffa midlar og handverkarar. Laget sa ”ja,” handverkarane sa ”ja”, og etter vel 3 års arbeid med å skaffa nok økonomiske midlar kunne rekonstruksjonen ta til våren 2004. Sommaren 2005 vart Steinstova opna, og vel 3 år seinare kunne også ein rekonstruert fjøs opnast.
Staden har vorte eit uventa populært turmål, med fleire tusen besøkande kvart år. Sist sommar kom dronning Sonja på privat besøk, ei stor ære og hyggeleg oppleving for oss som fekk møta ho.

Standard-spørsmålet for besøkande på høgdegardar, og kanskje spesielt i Fuglesteg, er:
”Korleis i all verda kunne folk finna på å busetja seg på ein slik stad? Kva anna enn armod og svolt kunne jaga dei oppi desse skorene her? Var dei fredlause eller einstøingar?
Gjekk dei på skulen herifrå?! Korleis fekk dei opp varer? Korleis kom dei seg til doktor? Vart ungane verkeleg fødde her oppe? Korleis klarte dei å få nok avling til å fø såpass stor buskap at folka her ikkje svolt i hel.”

Ut frå alle spørsmåla kom behovet for å prøva å finna ut kva som gjorde at høgdegardane vart busette. Eg vel å snu problemstillinga, og kjem med ein påstand:

Høgdegardane vart rekna for gode gardar den gongen dei vart rydda

Omgrepet ”gode gardar” kan vera subjektivt, ulikt korleis folk opplever det. Her tenkjer ein på at dei gjev nok avling med rimeleg arbeidsinnsats, til at menneske og dyr lever godt etter samtida si oppfatning av eit bra liv. For om mogeleg å underbyggja påstanden vil eg ta føre meg 10 høgdegardar og 10 bygdegardar kring indre Lusterfjorden og undersøkje desse ut frå fem område: Oppfatningar, ressursbehov og ressurstilgang, liv og levnad på høgdegardane samanlikna med bygdegardar, buskap og avdrått på høgdegardar samanlikna med bygdegardar, og høve til og behov for kontakt med storsamfunnet.

Høgdegardar kring Lusterfjorden

I det følgjande vil eg definera omgrepet høgdegardar, og så vil eg gje ein kort oversikt over dei 10 bruka som vert omtala vidare.
¤ Høgdegardar i denne samanheng ligg mellom 300 og 450 m.o.h., utanom Fuglestig der husa ligg på 630 m.o.h.
¤ Alle gardane er/var vanskeleg tilgjengelege med ulik grad av farleg og dårleg veg
¤ Alle har ein tydeleg avstand til andre gardar eller grender
¤ Alle hadde fast busetnad til etter siste verdskrig
Det finst andre gardar i kommunen som ligg like høgt, men dei hadde ikkje så vanskeleg veg og tydeleg avstand til nabogardar.

Ormelid, som ligg lengst inne i Fortunsdalen, kan ha vore busett i 4000 år (Åstveit, 2000.) Bergheim, Gjerseggi, Rebni, Berge og Kolstad vart truleg utskilde som sjølvstendige bruk på 1500-talet, men vart busette tidlegare. Fuglestig, Furåsen og Øygarden vart utskilde omkring 1650, truleg i samband med ei ”skattereform” som sa at ny-rydda areal ikkje skulle skattleggjast. Ormelid er den største garden, Øygarden den minste.
Bergheim, Furås, Kolstad, Berge og til dels Ormelid ligg på relativt flate og tydelege hyller i fjellsida. Øygarden, Fuglestig, Gjerseggi og Rebni har mindre flate område og store område som er relativt bratte. Berge, Bergheim, Gjerseggi, Rebni, Ormelid og Fuglestig har eller har hatt to bruk, delt på ulike tidspunkt. Gardane ligg geografisk så nær kvarandre at dei har svært likt klima og geologiske tilhøve, sjølv om det kan vera små lokale variasjonar.

I dag har alle gardane bil- eller traktorveg, utanom Fuglestig. Alle har også hatt elektrisitet. Med det hadde dei tilgang til goder som følgjer denne, som elektrisk lys, kjøleskåp og komfyr, radio og telefon. På Berge og Kolstad er det framleis busetnad med unge familiar. Rebni og Ormelid er fråflytta etter år 2000. (Hovudkjelde Øyane 1984)

kart

Kart over høgdegardane kring indre Lusterfjorden.

Oppfatningar om livet på høgdegardar

I omgrepet oppfatningar, legg eg tankar me gjer oss om livet på avsidesliggjande stader, utan at det ligg fakta og sakleg kunnskap til grunn for oppfatningane.
”Folk flest” er også eit mangfaldig begrep, her tek eg utgangspunkt i kommentarar som ofte går att hjå dei som vitjar Fuglestig. Mange av kommentarane baserer seg på at ein ikkje tenkjer over kor mykje verda har endra seg i løpet av 500 år.

Ut frå dagens vurderingar, med vår tids bruk av maskiner, behov for transport og organisert sosialt liv, er høgdegardane tungdrivne og avsidesliggjande. Truleg vart mange av gardane vurdert som avsides også i si samtid, men ikkje så avsides og slett ikkje så tungvinte som i dag. Transportbehova var svært ulike dagens, og arbeidsmåtane svært annleis.

Flate gardar vert rekna som gode gardar av dei fleste. I dag er målet å få store samanhengande dyrkingsareal, tidlegare hadde alle gardar stort sett små åkerlappar der jorda var best, med slåtteteigar innimellom. I bygdene kring Lusterfjorden, ser ein at gardane har store, og bratte område, som til dels er i drift framleis.
Mange manuelle arbeidsoperasjonar med gammaldagse reiskap kan vera enklare å utføra i hellande terreng enn på flata, sjølv om dei brattaste områda vert tungdrivne. Då gardane vart rydda, før 1600-talet, fanst ikkje maskiner. I beste fall hadde dei hest og tre- reiskap til jordbearbeiding og til frakt av jordbruksprodukt på garden. Mennesket var arbeidskrafta, ikkje maskinene, og produksjonen vart i stor grad utført med handmakt. I dag er bratte gardar identisk med tungvinte gardar, fordi maskinene er dårleg tilpassa til bruk i bratt terreng.

Den som flytta til ein høgdegard måtte vera ein som ville rømma frå samfunnet nede i bygda, tenkjer mange. Han kunne vera dømd fredlaus, eller vera ein usosial einstøing som ikkje klarte å leva nær andre, eller ein med spesielle religiøse oppfatningar.
Om den som rydda garden var usosial eller religiøs, vil det vera historia sin løyndom.

Eg har gått gjennom ei bok om sakefallslister (saksoversikt) frå 1600-talet (Kirkeby 2002) med nokre få referansar til personar busette på høgdegardane. Det ser ut som om same personane går att i ein periode. Det kan tyda på at høgdegardsfolka ikkje var spesielt kranglevorne, eller det kan tolkast slik at dei budde på ein stad der dei kunne gjera som dei ville utan at naboar eller øvrigheita blanda seg inn.

Mange meiner at matmangel og svolt tvinga folk til å rydda høgdegardane. Sjølvsagt rydda folk ny jord for å få meir avling og sikrare tilgang på mat, men eg er i tvil om rein svolt var hovudårsaka til å flytta til høgdegardar. Folketalet var mykje lågare i åra mellom Svartedauden i 1349 til 1600-talet enn på 1800-talet. Mange gardar låg aude etter pesten. Dersom matmangelen skuldast uår er det lite truleg at tilhøva skulle vera betre i høgda. Etter kvart som folketalet auka var nok det ei medverkande årsak til at folk blei buande på høgdegardane.

Dei første husmannsplassane i området vart utskilde midt på 1600-talet, på same tid som Fuglesteg, Furåsen og Øygarden vart utskilde som sjølvstendige bruk. Omkring 1660 vart alle gardar matrikulert og fekk fastsett eit skuld, eller verdi med tilhøyrande ”skattetakst”, og det vart forbod mot å dela gardane slik ein kunne gjera tidlegare. Kanskje såg kjøparane av høgdegardane ein siste sjanse til å skaffa seg eigen gard i staden for å verta husmann under ein eldre bror? Status som bonde betydde mykje i det gamle samfunnet.

Furåsen

Frå Furåsen. Store hus kan tyde på at dei hadde mange dyr og god plass for familiemedlemmene. (Foto: Ørjan Skare, 2005).

Det kan tenkjast at høgdegardane vart verdsett lågare enn gardar av same storleik nede i bygda. Lysta til å betala skattar til det offentlege har vel neppe endra seg særleg mykje gjennom tidene. Kanskje var den endå mindre den tida skattane vart brukte til krigar og luksus for øvrigheita, medan svært lite gjekk attende til skattebetalarane.

Tanken om at folk på høgdegardane var ”sterke” menneske trur eg er rett. Dei vart fysisk sterke av heile tida å bruka kroppen. Dei som var for svake døydde truleg i ung alder. Psykisk sterke, måtte dei også vera. Det er krevjande å bu isolert og tett innpå få menneske over lang tid.

Ressursbehov og ressurstilgang

Det er uråd å vita sikkert kva folk la vekt på, då dei rydda seg bustad på 1600-talet, uavhengig av høgde over havet. Det primære var utan tvil å skaffa nok mat, kle på kroppen og tak over hovudet. Dermed vart god jord og klima, ein trygg stad å plassera huset og tilgang til flest mogeleg ressursar viktige grunnar for å velgja bustad. Folk var innstilte på å arbeida hardt, samstundes var dei nok merksame på å ikkje arbeida unødvendig hardt og tungvindt.
Frå mennesket vart bufast og tok til å dyrka jorda, var dei aller fleste eigedommar sjølvbergingsbruk. Folk måtte sjølv dyrka og foredla det dei trengde for å overleva. Dei var utruleg dyktige til å utnytta alle høve til å skaffa mat til dyr og folk, ut frå si tids kunnskap. Ingen av oss som lever i dag klarar å forstå kor beinhardt slitet for føda var for alle i ”gamle dagar”. Berre nokre få hadde klart å skaffa seg store jord-eigedommar og økonomiske tilhøve slik at dei kunne ”leiga” arbeidsfolk til å gjera det fysisk tunge arbeidet og omgje seg med den tids luksusvarer. Behovet for transport til og frå garden var minimalt. Det var berre dei beste gardane som hadde produktoverskot av betyding, og det fanst svært lite varer å kjøpa og føra inn til garden.

Ledig dyrkingsjord

Ein kan lura på om det ikkje fanst ledig dyrkingsjord i låglandet på den tid høgdegardane vart rydda. Eller hadde dei heilt andre vurderingar av kva som var god jord?
Då husmannsvesenet lokalt utvikla seg frå midten av 1650-talet, vart stadig meir jord rydda i den samanheng. Truleg må dette ha vore dårlegare jord enn på høgdegardane.
Ser vi på kart i Gards- og ættesoga, er det påfallande få husmannsplassar på flatene nær elvane. Dette er område som i dag er dyrka og kanskje vert rekna som den beste jorda på gardane.

Dalar som har flat dalbotn med ei stor elv, som til dømes Fortunsdalen og Mørkridsdalen, vil oftast ha store område med vass-sjuk jord nær elva. Vassføringa varierer i løpet av året, og elva rotar og grev, arbeider seg ut og ned i yttersvingar der straumen vert sterkast. I flaumperiodar vil elva lett ta nytt far, øydeleggja dyrka areal og leggja att sand og grus på markene. Dyrking i slike område vert ofte vekk- kasta arbeid. God jord måtte difor liggja høgare enn vassflata i elva ved vanleg sommarvassføring. Vass-sjuk jord har låg ph- verdi., og eit snevert planteutval med relativt låg næringsverdi. Truleg har dei vass-sjuke områda vore brukte som beite -og delvis slåttemark. Marka kunne neppe brukast som åker for korndyrking, det viktigaste produktet på åkeren. På 1600-talet mangla dei truleg både reiskap og kunnskap om korleis dei skulle dyrka myr- lendet i så stort omfang at det verkeleg monna. Først mot slutten av 1800-talet, vart det vanleg med steinsette veitar som senka og leia bort vatnet. (Hovudkjelde Lunden 2002. Lekven 1913).
På denne bakgrunnen kan ein forstå at det ikkje var att så mykje godt dyrkingsareal i dalbotnane på den tida dei siste høgdegardane vart rydda.

Ein trygg stad å plassera husa.

Uansett kvar bustaden låg var det viktig å vera trygg for stein- og snøskred. Husa var ofte plasserte på sva eller knausar med dårleg jord, og gjerne tett saman for å spara jord. Dette var viktigare enn faren for stor skade ved brann.

På alle høgdegardane i samanlikninga er gardshusa plasserte i øvste delen av det rydda arealet Eg kjenner ikkje til at nokon av husa er plasserte slik at dei står direkte rasfarleg. Det er heller ikkje spor i landskapet som tyder på hyppige snø eller jordras. Gjerseggi vart fråflytta på 1960-talet etter at ein hammar rasa ut og trua husa, men staden vart ikkje rekna som spesielt rasfarleg før det. I dalføra ligg truleg mange gardstun meir rasfarleg til enn på høgdegardane.

Vatn,

var minst like viktig då høgdegardane vart rydda som det er i dag, sjølv om forbruket har endra seg mykje. Største vassforbruket var vatn til dyra. Om vinteren, når dyra stod inne, måtte dette berast eller køyrast til gards. Vatn til klesvask og bad vart lite brukt om vinteren. Om sommaren tok ein vasken med seg til bekken, i staden for å bera vatn til tuns. Oppvasken var minimal: Folk åt frå same skål, hadde berre kvar si skei som vart reinsleikt og lagt til sides til neste måltid. Vassbruket til hushaldet kan samanliknast med forbruket på ei enkel hytte.
Eg tenkte at alle gardane hadde rennande vatn eller oppkomme nær tunet, men fleire av høgdegardane manglar dette. Åtte av gardane ligg nær ei stor elv, men det er ikkje alltid lett å få tak i vatnet. Det har forundra meg stort at mange av høgdegardane som er med i oversikten, har usikker tilgang på vatn. Vatn må ha vore ekstremt viktig, men kanskje dei rekna vass- frakting som ein sjølvsagt del av det daglege arbeidet.

Korn,

var det viktigaste produktet på gardane heilt til poteta vart vanleg tidleg på 1800-talet. Kornet trengde god jord, gjødsel, det vil seia møk, høveleg fuktigheit, lang og varm nok sommar til å verta moge, og gode tilhøve for å tørka om hausten. Korn-importen auka frå 1600-talet, men var usikker, så bøndene måtte halda oppe eigen produksjonen.
Det var viktig å kunna så tidleg for å få lang nok mogningstid. Om hausten skulle kornet skjærast og kornbanda tørkast. Tørkinga var eit kritisk tidspunkt. Var hausten fuktig ville kornet mugna og/eller spira. Då vart det stort sett ubrukeleg, i beste fall kunne det brukast til dyrefor. Det var neppe stor skilnad på nedbørmengda på gardane i eit så lite område, sjølv om det kunne vera lokale variantar (Hovudkjelde Lunden 2002). Høgdegardane hadde fordelen av at det der stort sett var meir trekk og svak vind enn ned ei bygda. Dermed vart fuktigheita i kornet raskare borte, og kornet mindre utsett for mugg og spiring. Ulempa både haust og vår var større fare for nattefrost.

Fuglestig vart rekna som ein sikrare korngard enn mange av gardane i Fortunsdalen. Dei kunne så om lag på same tid som gardane i dalen, og korntørken var ofte betre på høgdegardane enn nede i dalen om hausten.

Beite,

utmarkslåttar, og ikkje minst stølsdrift, var svært viktig, for å kunna halda mange dyr. Dyra vart til dels sveltefora gjennom vinteren, og det var naudsynt å få dei ut på beite så tidleg som mogeleg om våren. Her kjem ein attende til viktigheita av tidleg berr mark, spiring og lauvsprett.

I løpet av sommaren vart beite utnytta i nivå oppover mot høgste fjellbeita, og tilsvarande vart dyra trekt etappevis attende frå fjellbeite. Stølsdrift og foredling av mjølk var svært viktig, og må vera ei gamal driftsform. Oftast drog dei til fjellstølen i første halvdel av juli, og var der til midten av september. Før og etter denne perioden var dyra ei tid på heimestølen, eller vårstølen, som det ofte vert kalla lokalt. (Lunden 2002, Timberlid 2002).

Lauving om hausten og rising (kvisthogging) på seinvinteren var viktig tilleggs-for. På fleire av høgdegardane er terrenget kring garden bratt og lite tilgjengeleg, men i alle fall geit og sau kunne beita i ulenda. Kyrne var langt mindre og lettare til beins enn dei er i dag, og kunne betre nytta beiteområde som me i dag vurderer som dårlege. Når ein så kjem høgare opp, flatar terrenget ut og gjev tilgang til store og gode beiteområde for høgdegardane.

Tilgang på trevirke

som skulle brukast til bygningar og inventar, til reiskap, kjørel og køyredoningar, til brensel og tjøre, til gjerde og hesjestaur, og dyrefor som lauv og ris, var ein viktig ressurs. På gamle maleri, og spesielt tydeleg på bilete frå siste 100 åra, er terrenget påfallande snaut for skog. Dei store trea ein ser finst i utilgjengelege skorer og ytst på berghamrar der ein ikkje våga å hogga trea. I tillegg finst nokre store tuntre. På høgdegardane vart det kanskje mindre konkurranse om skogen enn det var i bygda, sjølv om skogteigane var strengt oppdelte.

Jakt og fiske

i fjellet vert rekna som ein lett tilgjengeleg ressurs frå høgdegardane. I område med rikeleg hjortedyr og villfugl var dette tilfelle, men i område der slike dyr ikkje fanst, vart det lite jaktutbytte. Likeeins måtte det finnast vatn eller elvar med fisk for å få fangst. Førekomsten av like typar vilt har også variert mykje gjennom tidene.

Det kunne også vera ei ulempe å ha mykje vilt nær garden. Vilt ville trekka med seg rovdyr som rev, jerv, bjørn og ulv, som ikkje gjorde skilnad på bufe og vilt når dei jakta. Men dersom bonden også var ein flink jeger kunne han lettare få tak i skinn av rovdyr, som i periodar har vore svært verdfulle (Hovudkjelde Lunden 2002). Bygdegardane hadde nok ein sikrare ressurs i tilgang på fjordfiske.

Vegar

Viktigaste transportmiddel for folk flest var føtene, frå uminnelege tider. Her på Vestlandet var fjorden viktigaste vegen. Båten vart transportmiddel nr. 1. På landjorda kunne dei velståande bruka hest og slede eller kjerre der det var brukande veg. Mykje transport gjekk føre seg om vinteren. ”Vegane” var betre då, sidan snøen jamna underlaget slik at det vart gode sledevegar. Om sommaren vart svært mykje frakta som kløv. Med moderne auge var vegstandarden utruleg dårleg til langt inn på 1900-talet.

To svenske adelsmenn og kunstnarar var på ferd gjennom Fortunsdalen i 1827. Om vegen gjennom dalen skriv dei ”en så kallad vag, men endast brukbar for klofvande och fotgångare” (Frost 1997). I samband med utgjevinga av boka Sogn på 1930-talet omtalar Gisle Midttun vegen til Fuglestig som den verste gardsveg han har gått (Sogn 1937).
Når ein ser kor dårlege hovudvegane var, verka kanskje dei bratte stiane til høgdegardane mindre avskrekkande i dåtidas auge. Vegen langs fjorden veksla mellom landeveg og båt til innpå 1900-talet. Like før 1920, vart det køyrbar og samanhengande bilveg mellom Sogndal og Fortun. Vegen vart offisielt opna i 1925 (Lomheim 1998).

Sjølv om transportbehovet var mindre enn i dag, var lett tilgang til garden ein viktig ressurs som høgdegardane stort sett mangla. Nokre av høgdegardane har fått veg etter at dei vart fråflytta. Fleire av dei andre fekk veg berre få år før drifta vart lagt ned og dei etter kvart vart fråflytta.

Ormelid

Ormelid er kanskje ein av dei eldste gardane i Luster. Garden ligg høgt og fritt inst i Fortunsdalen. Steinstova her er svært gamal, fjøsen og våningshuset i tre er omlag 100 år gamle. Dette er nok ein høgdegard med store hus, som slett ikkje tyder på at dei levde dårleg. (Ukjent fotograf).

Liv og død på høgdegardar samanlikna med bygdegardar

Folketalsutvikling

Ingen veit sikkert kor mange som budde i det område som i dag heiter Noreg, i mellom-alderen. Svartedauden tok livet av svært mange vinteren 1349-50, kanskje vart folketalet halvert. Fleire farsotter og uår i det neste hundreåret var medverkande til at folketalet heldt seg lågt fram til omkring år 1500. Ved reformasjonen i 1536, var folketalet kring 200 000. Vel hundre år seinare, var det auka til omkring 450 000, om lag det same som før Svartedauden. Det første manntalet som skulle ta med alle hankjønn er frå 1666, og dermed kan folketalet stipulerast noko sikrare. Seinare fekk ein hyppigare og meir detaljerte folketeljingar som etter kvart tok med begge kjønn i alle aldrar. Folketalet steig stadig raskare fram til midt på 1800-talet. Då utvandringa til Amerika starta, minka folketalet etter kvart

I område som tilsvara gamle Luster kommune ser folketalsutviklinga slik ut:

 folketal

Kring 1650, då dei siste av høgdegardane vart utskilde som eigne bruk, budde det ca. 1250 menneske i gamle Luster kommune. To hundre år seinare, var folketalet nærast tredobla. Langt større areal var rydda til jordbruksføremål, men produksjonsmåtane var sjølvsagt langt mindre effektive enn i dag. Produksjonsmetodane vart lite endra frå 1650 fram mot 1850. Frå den tid starta så smått dei store endringane som har revolusjonert jordbruket.(Hovudkjelder: Sogner 1990, Assev 1991, Lunden 2002).

Menneska på høgdegardane på 1800-talet

Eg tenkjer at levealder, giftealder og småbarnsdødelegheit kan gje indikasjonar om kvar livet var vanskelegast å leva. Låg levealder kan indikera dårleg tilgang på mat, eller at personar er utsette for dødeleg sjukdom eller ulukker.

På 1800-talet har ein folketeljingar som kan reknast som sikre. Frå tidlegare tider har ein ikkje opplysningar som kan reknast som pålitelege. Dei første tek t.d. berre med vaksne menn.
Det var så små endringar i jordbruket i perioden frå 1600-talet til 1800-talet, at indikasjonane også kan gjelda attende i tid.

Her er sett opp ei oversikt over ektepar som budde på høgdegardar og bygdegardar, som vart gift i løpet av 1800-talet, og som budde på garden som ektepar i minst 5 år. Alderen er rekna ut i år og månad. Hovudkjelda her er Gards- og ættesoga for Luster, bind 1 til 3.

bygdegardar

høgdegardar

Gifte menn på høgdegardane har ein gjennomsnittleg levealder på 74,7 år, medan gifte menn på bygdegardane lever 67,10 år, ein aldersskilnad i favør av høgdegardane på nærare 7 år. Det er uråd å vita om dette er ein reell skilnad. På høgdegardane vart den eldste mannen heile 95 år, den yngste døydde som 42 åring. 16 brukarar var over 80 år då dei døydde, 4 var under 50 år. På bygdegardane levde den eldste til han var 90 år, medan den yngste døydde som 39-åring. 9 brukarar levde til dei var over 80 år, medan 3 døydde før dei fylte 50 år.
Kjeldene seier ingenting om dødsårsaker. Fleire svært gamle menn i slektsliner kan ha genetiske årsaker. Ein arvar eigenskapar som fører til lang levetid. Ei anna forklaring kan vera at menneska på relativt isolerte høgdegardar unngikk ein del smittsame sjukdommar, t.d. influensa, som kan vera dødeleg for personar som er lett svekka av alder før dei vert sjuke.

Gifte kvinner på høgdegardane har gjennomsnittleg levealder på 70,11 år, medan gifte kvinner i bygda levde til dei vart 71,4 år, altså eit knapt halvår lenger.
.
Alder ved giftarmål viser at mennene frå høgdegardane i gjennomsnitt var 29,5 år når dei gifta seg. Tilsvarande alder for bygdegardane var 29,6 år, altså ingen reell skilnad.
Kvinnene som gifta seg på høgdegardane var 27,3 år, medan tilsvarande alder for bygdegardane var 27,10 år. Her er det altså heller ingen nemneverdig skilnad. Av bakgrunnsmaterialet ser ein at kvinnene som gifta seg til høgdegardane ofte var eldre enn mannen dei gifta seg med.

Fødslar

På høgdegardane vart det i 48 ekteskap fødd 221 barn, eit snitt på 4,5. Av desse døydde 43 barn før dei fylte 15 år, om lag 75 % av desse i første leveår. På bygdegardane vart det i 43 ekteskap fødd 218 barn, noko som utgjer eit snitt på 5. Av desse døydde 42 barn før dei fylte 15 år. Knapt 76% av desse døydde i første leveår. Spedbarnsdødelegheita var lik på både høgde- og bygdegardar. Det same gjeld for barn under 15 år. I bakgrunnsmaterialet fann eg berre ei kvinne som heilt sikkert døydde i barselseng.

”Slektsgard”

Tala i siste rubrikk fortel kor mange generasjonar garden var i same familie si eige, ut frå reine ættelinjer. Det kan ha vore tilfelle der gardane har vore selde til slektningar, men ikkje i rett linje. Det ser ut som omgrepet slektsgard er meir dekkande for bygdegardar enn høgdegardar. Høgdegardane vart oftare selde, og dei kom oftare ut av slekta enn bygdegardane. Det kan tolkast dit at folk ikkje så lett fann seg til rette på høgdegardane.
Ein finn også fleire eksempel på at folk flytta frå store bygdegardar til høgdegardar. Det kan sjølvsagt skuldast at dei ikkje klarte å sitja med bygdegarden, men det er ikkje nemnt noko om årsaker til flyttinga i kjeldene.
Vi har lett for å tru at same slekta budde på gardane i mange generasjonar. Det fanst gardar der det var rett, men det var like vanleg med hyppige eigarskifte utanom familien.

Oppsummert ser ein at det er svært liten skilnad på levealder, fødselstal og barnedød mellom høgdegardar og bygdegardar, bortsett frå at mennene på høgdegardane vert svært gamle. Levealderen verkar svært høg samanlikna med gjennomsnittleg levealder på 1800-talet, men her er det rekna med vaksne menneske som hadde overlevd dei første, vanskelege småbarnsåra. Ut frå levealder og barnedødelegheit verkar det ikkje å vera nokon skilnad på tilgang på mat eller andre forhold som påverkar levealderen. Det kan sjølvsagt vera at folk svalt eller var sjuke, men overlevde, like gjerne i bygda som på høgdegardane.
I bakgrunnsmaterialet ser ein at det kan ha vore noko vanskelegare å få seg kone på høgdegardane, då mange koner er eldre enn ektemannen. Truleg kvidde kvinnene seg for å flytta til ein avsides gard, i den grad deira meining vart teken omsyn til. Det kan også vera ei forklaring på at gjennomsnittleg barnetal er litt lågare på høgdegardane. På høgdegardane var det hyppigare eigarskifte enn på bygdegardane. Det er nærast ingenting i dette materialet som viser tydeleg at folka på høgdegardar levde dårlegare enn folk i bygda.

børesteinen

Utsikt frå Børesteinen i Luster, ned mot høgdegarden Berge, som ligg på ei relativt flat hylle over fjorden. Utsikten kan ta pusten frå dei fleste. (Foto: Ørjan Skare, 2000).

Buskap og avdrått på høgdegardar samanlikna med bygdegardar

Buskap og utsæd på 1800-talet

Med utgangspunkt i talmateriale frå folketeljingane i 1835 og 1865, har eg prøvd å leita etter skilnader mellom produksjon på høgdegardar og bygdegardar. Eg har rekna ut tal på storfe, sau, poteter og korn pr individ på kvar gard. Opplysningar om desse faktorane finst for alle gardane. Dette kan gje signal om kor mykje mat menneska på dei ulike gardane hadde til rådvelde. Poteta fanst ikkje hjå oss på 1600-talet, men vart seinare teken i bruk på same tid både i bygdene og på høgdegardane.

Folketeljingane frå 1835 og 1865 registrerer ulike opplysningar på noko ulikt vis. Dette kan gje opphav til feil når ein samanliknar. Det er stor skilnad på kor mykje personar i ulik alder treng av næring, så tilhøvet mellom born og vaksne på eit bruk vil vera avgjerande for reell tilgang på mat. Eit eventuelt matoverskot kunne seljast og gje kontante inntekter, eller bytast i varer.

tabell 4

Av denne vesle oversikten ser ein at høgdegardane har omkring dobbel så mange dyr pr. husstandsmedlem som bygdegardane, med atterhald om at alle dyr var talde med.
Når det gjeld korn og poteter sådde høgdegardane meir enn dobbel så mykje bygg som bygdegardane, medan bygdegardane har litt større mengde sette- potet enn høgdegardane.
Mengde som vert sådd kan vera misvisande, då det er foll-talet = produksjonstalet som er viktig; det folk skal leva av i det kommande året, og ha som frø til neste vår.

tabell 5

Snitt-tala er no vortne omtrent identiske for bygde og høgdegardar, delvis på grunn av endra registreringsmåte. Reint generelt har produksjonen i høve til personar auka på alle gardane. Både på høgdegardane og bygdegardane er tal storfe og sau auka, medan potetproduksjonen har gått ned og kornproduksjonen har vorte litt redusert. Skilnaden mellom største og minste produksjon pr. person er større i 1865 enn i 1835. På bygdegardane har folketalet gått ned frå 189 til 79, altså 110 personar eller ca 54 % . På høgdegardane, der det knapt fanst husmenn, er folketalet redusert frå 117 til 75, altså 42 personar, eller ca. 36%. Når folketalet minkar, og produksjonen viser svak auke, vil det sjølvsagt gje meir mat til kvar person som er att.

I 1835 hadde ikkje utvandringa til Amerika starta. I 1865 hadde fleire familiar frå både høgdegardar og bygdegardar reist over havet. Dette er viktigaste forklaringa på både folketalsnedgangen og den auka tilgangen på jordbruksprodukt pr person på gardane.
Bakgrunnsmaterialet viser at det ikkje er nokon tydeleg skilnad på utvandringstidspunkt mellom høgde- eller bygdegardar.

Oppsummering

Trass i, eller kanskje på grunn av, mange mogelege feilkjelder ser det ut som tal på dyr og utsæd var minst like høgt på høgdegardane som på bygdegardane. Sett i høve til tal på husstandsmedlemer har høgdegardane best tilgang på jordbruksprodukt, spesielt i 1835, som såleis indikerer betre næringtilgang for folk.

Høgdegardane sett i høve til storsamfunnet

I dei tidlegare kapitla, har ein sett at mange av oppfatningane ”folk flest” har om livet på høgdegardane kan vera feil. Høgdegardane har tilstrekkelege ressursar til at folk kan bu og leva der. Ein ser også at levealder og barnedødelegheit er nærast lik det ein finn i bygda, og at tilgang på jordbruksprodukt var heller betre på høgdegardane. Me finn så langt ingen tydelege teikn på at høgdegardane var dårlege gardar.

Det er kjent at storsamfunnet endra seg mykje på 1800-talet, og endringane har halde fram heilt til vår tid. ”Byrjinga til slutten” for sjølvbergingshushaldet starta på denne tida, skuleplikta vart stadig utvida og organiserte sosiale aktivitetar blomstra opp. Den aukande flyttinga av menneske og varer førte til aukande transportbehov. Mekaniseringa av jordbruket og sterkare fokus på effektiv produksjon, var også til dels negativ for høgdegardane. Mange av endringane har truleg hatt ekstra stor innverknad på livet på høgdegardar.

I vår tid er det sjølvsagt å ha nærast dagleg kontakt med storsamfunnet gjennom skule, arbeid, og organiserte fritidsaktivitetar, og svært mykje gardsarbeid vert utført med maskiner.
Reint generelt kan ein seia at gardane i gamle dagar var eigne sosiale einingar, der det kunne gå veker mellom kvar gong nokon var utafor tunet av reint sosiale grunnar. På gardane budde gjerne tre generasjonar tett saman. Alle desse deltok i gardsdrifta etter beste evne, og hadde sjeldan arbeid utafor garden. Dessutan hadde dei mange faste tenestefolk buande på garden, og i tillegg husmenn på pliktarbeid.

”Pliktig frammøte”

Frå lang tid attende, hadde ein ”pliktig frammøte” i høve til kyrkjelege handlingar. Born skulle døypast kort tid etter fødselen. Dette skulle praktiserast strengt, men eg vil tru at høgdegardane praktiserte heimedåp i stor utstrekning om vintrane.
Konfirmasjonen vart innført i 1736, og relativt kort tid etter vart den praktisert i alle kyrkjesokn. Dermed måtte ungdommane reisa til prestegarden på faste dagar til konfirmasjonsopplæring, også dei som budde på høgdegardane. Konfirmantane gjekk til konfirmasjonsførebuing på prestegarden, ei lang og vanskeleg reise for dei som først måtte koma seg ned til bygda, deretter til sjøen og kanskje i båt til prestegarden, som for alle høgdegardane som låg i Dale (Luster). Gjennom heile livet måtte ein møta til gudsteneste og nattverd minst 2 gonger om året. Truleg fekk folka på høgdegardane lov til å gjera dette i sommarhalvåret, dersom denne plikta ikkje var knytt til spesielle gudstenester.
Ved dødsfall måtte liket i jorda snarast mogeleg. Dødstidspunktet kunne ingen velja, då måtte ein få liket til kyrkjegarden utan omsyn til vær og føre.
Samstundes som dette var hendingar med naudsynt eller pliktig frammøte, vart det også viktige sosiale hendingar. Her møttest folk, og på kyrkjebakken vart viktige kunngjeringar ropte opp. Utover dette var det få situasjonar ein måtte delta i. No er pliktig oppmøte til kyrkjelege handlingar nærast borte, sjølv om dei fleste framleis nyttar kyrkjelege handlingar for å markera viktige hendingar i livet.

Skule

I dag går dei fleste born i barnehage frå dei er årsgamle, og held fram med pliktig skulegang til dei er omkring 18 år. Slik har det ikkje alltid vore.
I Magnus Lagabøtes landslov og erkebiskop Jon Raude sin kristenrett frå 1270-åra, og
i kong Christian II si lov av 1521 ser ein den første spire til organisert opplæring.
Men først i 1736, då konfirmasjonen vart innførd for alle, vart det naudsynt med ei viss skuleplikt for å læra religiøse tekstar. Seinare kom det fleire skulelover, men skulen vart organisert som omgangsskule. Kring 1850 var det framleis omgangsskulen som rådde.
Først i 1860 kom krav om faste skulehus i alle krinsar med meir enn 30 skuleborn. Skuletida skulle vera 12 veker i samla skule og 9-12 veker i kvar klasse, der det var delte skular. Skulealder var 7 – 12 år. Skuleplikta vart utvida fleire gonger, både i tal undervisningsveker i året og tal skuleår. No går alle10-årige grunnskule over 10 månader i året, og deretter 3 år på vidaregåande skule Aukande skuleplikt gjorde det stadig meir strevsamt å gå på skule for dei som budde på høgdegardar.

islagd veg

Islagd veg i Galdane på vegen til Fuglesteg. Vegen går i bratte svingar. Mot venstre, midt på biletet, ser ein vegen like ovafor Vetleåsen, halvveges ned til bygda. Her gjekk 16 ungar til skulen i Fortun i ein periode på over 30 år. (Foto: Anders Johnsen, 2006).

”Frivillig frammøte”

Me har delt tida vår inn i arbeid og fritid, og mange nyttar fritida til å delta i frivillige, organiserte aktivitetar. Før 1900, var organiserte aktivitetar nærast ukjent.
På 1600-talet, og i mange hundre år før det, vart det halde bygdeting minst ein gong i året. Her vart mindre lokale tvistar førde til tings og avgjorde. Mange møtte fram på tinget sjølv om dei ikkje var partar i ein rettstvist. Tinget vart ein viktig sosial møte- og handelsplass.
Frivillige organisasjonar av ulik karakter utvikla seg utover på 1800-talet. Dei første politiske partia vart skipa på 1880 talet. På same tida vart t.d. Noregs Ungdomslag, skyttarlag og ulike misjonsforeiningar skipa. Dermed kom også behovet for å møtast til faste tider med jamne mellomrom, og omkring 1900 vart det bygd mange foreiningshus omkring i bygdene.
Spesielt ungdommar møttest då som no, ofte til uformelle dansefestar. Trass hardt arbeidspress fann dei alltid tid til moro (Øvrebø 2000). For høgdegards- folka vart det vanskeleg å delta i ulike organiserte aktivitetar på grunn av lang og kanskje farleg veg.

Helsetenester

i vår tyding av ordet eksisterte ikkje. Det var ikkje snakk om å gå til lege- kontroll. Folk måtte klara seg med ”kloke koner” og ulike råder dei kjende til sjølve. Tidleg på 1800-talet vart det tilsett distriktslege med heile Sogn som distrikt. Legen reiste omkring i distriktet og dei som var så ”heldige” å verta sjuke når legen var i nærleiken kunne få hjelp. Elles arbeidde legane mykje for å betre reinsemd, meir variert kosthald og å bli kvitt vanen med spytting på golvet. Om lag på same tida fann ein opp vaksine mot koppar, og det vart strengt påbod om å vaksinera seg. Jordmødre vart også vanleg utover 1800-talet, dermed vart fødselsomsorga langsamt betre (Ross Solberg 2001).

Luster fekk sin første distriktslege kring 1910. Før den tid hadde kommunen dokter saman med Jostedal, og før det saman med Sogndal. Den første jordmora vart tilsett på 1850-talet (Seip, red 1957). Transport i samband med helsetenester var nærast ukjent før 1900, sjølv ”jordmorskyss” vart eit kjent omgrep ved midten av 1800-talet.

Mekanisering og modernisering av landbruket.

Fram til byrjinga av førre hundreåret, var viktigaste arbeidskrafta på gardane mennesket og hesten. Ein hadde relativt enkle og tunge reiskap. Dei var for det meste av tre, men kanskje med beslag av metall på spaden eller på plogskjæret. Hestereiskapa var også i stor grad laga av tre, men med metall-beslag på hjul og andre stader som var særleg utsette for slitasje.
Først kom endringane med hand- reiskap av metall og diverse utstyr for hest. Når hesteslåmaskina kom, kunne den erstatta slåttekaren, og gjera mange manns arbeid på ein dag der terrenget tillet det. Så overtok traktoren som trekk-kraft, i våre område vart den stadig meir vanleg etter siste verdskrigen. Utvalet av spesialiserte reiskap auka, og stadig meir av arbeidet på gardane vart utført ved hjelp av traktor. Også traktoren fekk vanskar i dei brattaste områda, uansett høgde over havet, og dei brattaste områda vart ikkje lenger nytta.

Halvparten av høgdegardane i utvalet har store området der traktor kan nyttast, men korleis skulle dei få traktor til gards utan køyrande veg? Hestereiskap kunne demonterast for å bli frakta til gards i mindre partar, men knapt nok ein traktor. Ein traktor eller andre maskiner treng drivstoff, endå eit vedvarande transportbehov. Auka produksjon kravde meir jordbearbeiding og bruk av kunstgjødsel og sprøytemidlar. Dette er nok ein faktor som aukar transportbehov.

Det vart etter kvart uråd å driva høgdegardane effektivt og økonomisk med gammaldagse metodar, medan bygdegardane kunne nytta seg av moderne reiskap, utstyr og dyrkingsmetodar. Ingen ville bu på ein stad der dei måtte streva langt meir for føda enn på ein tilsvarande stad meir sentralt.

Etter siste verdskrigen har også hygienekrav omkring produksjon av landbruksprodukt vorte stadig strengare. Det er strenge restriksjonar på å slakta på gardane, eller koka ost av upasteurisert mjølk, slik det vart gjort i tidlegare tider. Det vart problematisk å få frakta mjølka til meieriet.

Transportbehov

Transportbehov for både menneske og varer har endra seg drastisk siste hundreåret. Pliktig frammøte i høve til religion er nærast borte. Transport i høve til skule er pliktig i om lag 13 år, i 10 månader årleg. Det er vanleg at minst ein person i ein bondehusstand har arbeid utafor bruket. Sjølvberging er eit ukjent fenomen. Vi baserer det meste av naudsynt og mindre naudsynt varebehov på kjøp og sal, med varer frakta over heile verda.

Sjølv om bondesamfunnet var basert på sjølvberging, var det eit visst behov for å frakta varer til og frå garden, uansett kvar ein budde. Bonden skulle frakta eit eventuelt produksjons-overskot vekk frå garden. Dyr vart truleg frakta bort som livdyr, då kunne dei gå sjølve. Spesielt høgdegardane ville nok i stor grad nytta denne transportmetoden. Mjølkeprodukt vart bearbeida på garden eller stølen, og overskotet vart levert som smør og ost. Det var tunge produkt, med sterkt redusert volum. Einingane var relativt små, og kunne fraktast i kløv eller berast på ryggen. Skinn frå både husdyr og vilt var også handelsvare.

Frå dei eldste tider har truleg salt vore viktigaste ”import-vara”, og var det viktigaste konserveringsmiddelet for kjøt og fisk. Dessutan måtte nok mange av gardane skaffa seg ekstra forsyningar av matkorn utanfrå.

Transport av tømmer til husbygging var også vanskeleg. Fleire av høgdegardane her ligg slik at dei har god tilgang på tømmer. Då det vart vanleg å byggja av saga materialar i staden for rundtømmer, måtte dette fraktast til ei sag og attende, dersom garden ikkje hadde eiga sag.

Glas til vindauge og metall (jern) til å beslå reiskap, måtte også fraktast utanfrå. Først på slutten av 1800-talet, vart det vanleg med reiskap av metall.

Utover på 1800-talet, kom det fleire varer som måtte fraktast inn til garden. Sirup, og seinare sukker, diverse slag krydder, tobakk, kaffi og så vidare. Dette var lette varer som vart brukte i heller små kvanta. Olje- lamper vart også vanleg på denne tida, med behov for lampeolje.
Sist på 1800-talet vart brev og til og med aviser aktuelt for ”den vanlege mann”, og dermed postgang.

Dei store ”reisedagane” var midt i april og midt i oktober. 14. april og 14. oktober tok tenarane til i ny teneste, enten dei skulle ut i teneste for første gong, eller skulle skifta arbeidsgjevar. Elles var juni ein månad med hyppige reiser, oftast lokalt, då det var sesong for bryllaupsfestar. Reiser for moro skuld var eit nærast ukjent fenomen før utpå 1800-talet.

Då jordbruket etter kvart vart mekanisert, og ein gjekk få sjølvberging til pengehushald, vart behovet for å transportera varer og folk til og frå garden enormt, samanlikna med tidlegare tider.

Eg har skrive lite om alle endringane som følgde med oppfinning av ulike maskiner og elektriske artiklar, og korleis det har endra kvardagen både innandørs og utandørs. Tilsvarande endringar har det vore i høve til kommunikasjon, frå bodstikke via post til e-post, radio og TV. Det meste av maskiner og utstyr kunne alle nytta seg av om dei hadde tilgang på elektrisitet.

kløvhest

På veg til støls med kløvhest og ”veteflesker”. Mannen på biletet er Melkior Skaar, frå Luster.

Konklusjon

Når ein samanliknar høgdegardar og bygdegardar på denne måten, må bakteppet heile tida vera at både arbeidsmåtar og samfunn har endra seg enormt. Alle i bondesamfunnet streva og sleit reint fysisk, langt hardare enn notidsmennesket kan forstå.
Eg har ”pirka borti” mange faktorar som påverka livet på høgdegardane. Mange av faktorane er så omfattande at dei kunne krevja ei bok kvar.

På den tid høgdegardane vart rydda, var det liten skilnad mellom dei og bygdegardane når ein ser på gardsbruket isolert sett. Driftsmetodane var om lag like, med handmakt og enkle reiskap. Dei heldigaste hadde hest som trekk-kraft til ein del arbeidsoppgåver. Matproduksjonen var like god, om ikkje betre, på høgdegardane, når ein ser det i høve til kor mykje tilgang på landbruksprodukt kvar person hadde. Det var liten skilnad på levealder, og liten skilnad på barnedødelegheit. Avstanden til bygda var nok eit problem heilt frå gardane vart busette, med vanskeleg transportveg for det vesle som måtte fraktast, og til dels sosial isolasjon.

Etter kvart som krav om hyppig frammøte til skule, og aukande tilbod om deltaking i organiserte sosiale aktivitetar og helsetenester, vart den sosiale isolasjonen tydelegare. Først kom behovet for transport av folk. Så kom behovet for frakt av stadig større mengde varer, både til og frå bruket, på dårleg og til dels farleg veg.

Mekaniseringa av jordbruket auka skilnaden. Dei avsidesliggjande gardane kunne ikkje nytta seg av moderne maskiner i same grad som sentrale gardane, og gardsdrifta vart stadig meir tungvint og lite lønsam.

Høgdegardane var like gode gardar som tilsvarande område i bygda. Samfunnsutviklinga har gjort dei tungdrivne og stort sett vanskelege å driva som fullverdige gardsbruk.
Eg har nytta høgdegardar for å samanlikna, truleg vil ein sjå tilsvarande tilhøve for alle avsidesliggjande gardar, uansett høgde over havet.
”Me fekk ikkje alltid eta oss stappmette, men me svolt aldri” sa ein av karane som voks opp i Fuglestig. Nettopp dette var nok det aller viktigaste for folk.

I byrjinga av oppgåva sette eg fram påstanden om at høgdegardane vart rekna som gode gardar då dei vart rydda. Eg har ikkje funne tydelege teikn på at påstanden er feil, men kanskje det mest korrekte er å seia at høgdegardane var det beste alternativet på ryddingstidspunktet.

For kort tid sidan fann eg ein artikkel av Ingun Grimstad (2002), der ho tek opp noko av same problemstillinga i høve til gardane i Aurlandsdalen. Ho konkluderer stort sett med det same som eg, at høgdegardane på mange måtar var gode gardar.