Historielaget for Sogn

Historielaget for Sogn vert skipa

Uttrekk frå ein artikkel i boka: "Historielaget for Sogn 50 år 1909 - 1959".

Artikkelen er skreven av Per Lidal og omhandlar etableringa av historielaget.

Arbeidet med å få eit sogelag for Sogn vart for alvor teke opp i 1908. G. F. Heiberg fortel sjølv at han nokre år tidlegare hadde arbeidt med å skaffa nok medlemer av Fortidsforeninga til at ein kunne få skipa ei lokalavdeling i Sogn, men at det ikkje lukkast.

No må denne tanken på ein måte ha «lege i lufta», for i 1908 finn me at han ovrar seg fleire stader på mest same tid. Når dette arbeidet no førde til eit resultat, er det to menn som framom alle andre skal ha æra for det, den eine av gamal embetsætt, den andre av bondeætt med røter attende til norsk høgadel. Desse to var godseigar G. F. Heiberg i Amla eller Amble som han sjølv skreiv det, og Anders Skåsheim frå Balestrand, som då arbeidde i Bergens Notforretning. Skåsheim har fortalt om dette i det minneskriftet historielaget gav ut om Heiberg, og Heiberg har skildra det i møteboka til historielaget.
Heiberg hadde då alt i fleire år, slik direktør Kloster har skildra det, drive med innsamlingsarbeid, så det måtte liggja nær til for dei som tenkte å få i gang lokalhistorisk arbeid i Sogn å venda seg til han, og det gjorde Skåsheim tidleg i 1908. Etter at dei så hadde drøfta tanken nærare om sumaren, og seinare i Bergen, der dåverande løytnant Per Tang og var med, sende desse tre ut ei oppmoding til kjende menn i Sogn om å vera med og by inn folket i Sogn til skiping av eit sogelag for Sogn.
Mellom dei som såleis fekk vera med og stø tiltaket, finn me dei fleste ordførarane og lensmennene i Sogn, dessutan eit par stortingsmenn, prestar og lækjarar; såleis både embetsmenn og dei fremste bøndene i bygdene. Rettnok var det eit par mann som ikkje ville vera med, og nokre fleire svara ikkje, men utanom dei tre me har nemnt vart det då 59 som skreiv under på denne innkallinga til skipingsmøte:

«Indbydelse til dannelse av en historisk forening for Sogn. Undertegnede tillater sig herved at indbyde til dannelse av en historisk forening for Sogn. Denne forening vil ha til formaal at utbrede kundskab om Sogns historie og fortids-minder og fremme studier om folkets liv og færd i ældre tid.
Paa hvilken maade dette skal søkes gjort vil bli avgjort paa det konstituerende møte, der blir avholdt på Amble Iste pin- sedag kl. 12 md. Til dette møde indbydes enhver der har interesse av og vil støtte denne forening.»

Denne innkallinga var så prenta i lokalblada i Sogn, og i Bergensaviser. Parallelt med dette hadde andre og teke opp tanken om eit sogelag for Sogn. L. S. Underdal sette fram tanken i ein artikkel i Bergens Tidende hausten 1908, og den kjende folkeminnesamlaren Olav Sande kom med oppmoding i avisene om å skipa eit sogelag for Sogn på ungdomsstemna på Leikanger. Heiberg søkte då kontakt med Sande, orienterte han om det som var planlagt og fekk Sande til å gå med på at saka ikkje skulle reisast på ungdomsstemna. Sande vart så i staden ein av innbydarane til møtet på Amla.

Det synte seg då pinshelga kom at det var stor interesse for tanken. 182 menneske møtte fram til skipingsmøtet, der Heiberg heldt foredrag om Sognesoga, og la fram eit utkast til lover for historielaget, eller Sogns historiske foreining som han sjølv saman med Skåsheim og Tang hadde arbeidt ut. Dette framlegget, som hadde 6 paragrafar, vart førebels vedteke for eit år, etter noko ordskifte. (sjå lenka nederst i artikkelen).

Det som vekte mest strid, var namnespørsmålet. Stortingsmann Lasse Trædal hadde for så vidt varsla den alt då han fekk oppmodinga om å vera med på innbydinga, og svara at han gjerne ville vera med på å skipa eit Sogelag for Sogn. Dette var då midt i målreisingsstriden, og kampen stod mellom riksmålsmennene, som heldt på Sogns historiske foreining, og landsmålsmennene som stridde for Sogelaget for Sogn.

Etter 21/2 times ordskifte vart resultatet eit slags kompromiss, med 57 røyster for «Historielaget for Sogn» mot 44 røyster for «Sogelag». Denne løysinga har ettertida funne seg vel tent med, men kan hende har dr. Kloster rett når han meiner dette kan vera grunnen til at berre 69 av dei frammøtte skreiv seg inn i laget.

Etter at lovene var vedtekne og namnespørsmålet avgjort, la så Heiberg fram gåvebrevet på samlingane sine som han overdrog til historielaget på visse vilkår, dei viktigaste bør nemnast her, at samlingane alltid skulle vera på Amla, og at han sjølv, så lenge han ynskte det, skulle få styra med dei.

Dei som kom med i det fyrste styret bør nemnast her. Heiberg fekk 63 røyster, Skåsheim og amtmann Utheim 49 kvar og stortingsmann Lasse Trædal 31. Om femteplassen i styret vart det lutdraging mellom klokkar A. Refsdal og Olav Sande, båe hadde fått 21 røyster. Sande vart så fyrste varamann, dei andre vart O. Dahle og amtsingeniør Borch.

Etter dei lovene som nett var vedtekne, skulle styret konstituera seg sjølv, og det vart då slik: Heiberg vart formann, Refsdal varaformann, og Skåsheim kasserar, og styremøtet slutta med å gje Heiberg fullmakt til å setja opp søknad til sparebankane i Sogn og statsmaktene om fast årleg tilskot, samstundes som han vart pålagd å syta for at fyrste heftet av tidsskriftet kom ut så snart råd var.

Framlegg til lover 1909