Fjording

Hest

EUROPEISK VILLHEST

Tarpan var en europeisk villhest. Siste eksemplaret av arten døydde ut i Moskva Zoo i 1875. Rekonstruksjon av Tarpan viser likskap med fjordingen.

HESTAR PÅ VESTLANDET

Den vanlegaste hesten på Vestlandet var fjordhesten, men i indre strøk brukte ein og mykje dølahest. Her oppsto ein variant kalla «sognedøl». Dølahesten er ein relativt ung rase som er avla fram i dalstrøka på Austlandet. Utgangspunktet var å avla Dølahesten her på museet heiter Maja. Ho er veldig roleg og tillitsfull, og vert brukt i arbeidet på museumsgarden. Ho er sosial og likar å bli klappa. fram små, hardføre hestar. Men ein tyngre variant vart avla fram på 1800-talet, med bakgrunn i at det var trong for større hestar i arbeidet på garden og i skogen. I dag har vi tung og lett døl. Fargane varierer.
Hesten var tidlegare eit svært nyttig, men kostbart dyr, og ikkje alle hadde råd til hest. Hesten trong like mykje fòr som to kyr.

KULTURLANDSKAPET

Hagemark er ein kulturlandskapstype som er forma av beitedyr. Ho har tresjikt og vart ofte namngjeven etter kva type tre som dominerte. Her på museet finst bjørkehage og blandingshage.

Hesten, som ofte var heime heile sommaren, var med og gav den heimlege hagemarka det parkaktige preget. Hesten bit av graset med dei flate framtennene sine i staden for å slita det av, slik dei andre dyra gjer. Hesten kan difor eta tørt og hardt gras slik som sølvbunke, som står att etter dei andre dyra. Marka ser mest ut som ein plen der hesten beitar.