Hes og kornstaur

På Vestlandet regnar det mykje om sommaren. For å få høyet tørt, vert det hengt på hes før ein tek det inn i løa. Dei eldste hesjene er troheser som ein batt opp med bjørkevidjer. Det står fleire slike heser på friluftsmuseet. Dei står oppe heile året. Tradisjonen å bruka troheser har enkelte stadar i fylket vore brukt langt inn på 1900-talet, om enn i alt mindre skala. Nokre stadar har ein prøvd snøre, og på 1900-talet har ståltrå vore det desidert vanlegaste.

Kornstaur

Kornstakk

Av kornet laga ein kornband som ein sette på staur til tørk. Etterpå vart kornet teke inn på låven for tresking.