Hellebrotet i Dalsdalen

Utdrag frå artikkelen om hellebrotet i Dalsdalen i Luster, som vart trykt i "Årbok for Sogn" i 1988. Artikkelen er skreven av Bjørg G. Hovland.

Ho vetla Kristi sat på hjulsleden medan fingrane gjekk fort i spøtet. Ein måtte nytta stundene godt, det sa mor alltid. I dag skulle ho vera med far og Blakka fram på Skogsne og ta ned att hesjene. Framom Tadlagjerde komne, høyrde dei banking og slag i stein frå karane som arbeidde i Helleberget, og Kristi tenkte at far kanskje stogga og slo av ein prat med Hansa-Stegen og han Tøge i Botn, Det var helst dei to som dreiv frammi der. Då kunne ho drista seg til å spørja om å få eit par heller til «bu-studle» sitt.
Ho hadde fått så fine krusabrot hjå ho Helj-Anna, og skulle så gjerne hatt ei lang smal helle attmed eldhusmuren. Jau, det vart sikkert ei råd med helle til ho Kristi, og ikkje var det berre små heller dei tok ut i Helleberget i Dalsdalen.

Dersom ein tek av frå riksvegen ved Kvåle bru i Luster og køyrer framover Dalsdalen, ca. 200 m forbi Tadlagjerde og kraftstasjonen på Sage, er Helleberget tett ved vegen på venstre hand. Her ligg det felles hellebrotet til oppsitjarane i Dalsbygdi.
Litt lenger framme på (Dals)Øyri si utmark Sauskreda, ligg også eit stort hellebrot. På nordaustsida av Framdalen ovanfor Flikkistølen, finst eit mindre skiferbrot. Sel og løer her er tekte med skifer.
Hellestein, dette sterke og varige, billege materiale som har vore så mykje brukt; i holveiter, grøfter og brønnar. Til gardastolp, særleg der det røynte på i hjørne og ved grindsle. Som merkjesheller og gravstøtter, som dekke på bruer og klopper. Mura tropper hadde oftast heller oppå som dekka heile trinnet, fint slegne til, så dei låg støtt. Innom hus var det ofte hellegolv i skot og kjøken, helle i peisen og brannmuren, og i fjøsen kunne det vera heller som båsflakar mellom kyrne.

Men største bruksområdet var nok til taktekkjing.
Så godt som alle hus i Luster, i både tun og utmark, hadde helletak. Det var naturleg fordi her var så god til gang på materiale, og flinke folk til å gjera arbeidet.
Hansa-Stegen (Hans Larsson Aasen 1851-1923) og han Tøge i Botn (Tøger Hansson Kilen 1883-1972), var dei siste som dreiv jamt i Helleberget.

Det var dei folk gjekk til når det skulle takast ut takheller ol. Kom det spørsmål om kjøp av heller, var det helst Øyren dei kjøpte hos. Delar av uthustaket på Hauge i Skjolden er t.d. komme frå Sauskreda. Då vart desse karane leigde til å driva ut heller der framme.
Øyren (Tomas T.S. Klingenberg Dalsøren, 1864-1951) bygde fleire nye hus på garden, det siste var kårhuset 1931. Alle var tekte med heller og han la dei sjølv. Seinare har det ikkje vore nemnande drift på Sauskreda.

I 60-åra var det rett nok utteke noko til prøvedrift, men det vart ikkje rekningssvarande.

På Flatafjellet på nordsida av Dalsdalen, ligg Gygretjødni. Her finn ein også hellestein. Kvar vinter la det seg ein skavl på heimsida av vatnet. Denne demde, og når det vårast brast skavlen, og skreda kom utover og gjorde skader på Flikkistølen og slåtteteigane.
Kvar einaste vår måtte det ryddast etter Gygri - og det var husmennene sitt arbeid. I 1940-åri løyvde kommunen eit tilskot, og Anfinn Grindheim og Solfest Dalen laga ei holveit av heller, frå tjødni og frampå stupet så vatnet fekk renna unna etter kvart. Sidan har Gygri ikkje gjort nemnande skade.

På Flatafjellet går vegen mellom Kolstadstølen og Kilastølane heilt utpå kanten der fjellet stuper fleire hundre meter rett ned i dalen. Nokre fåe plassar kan ein gå ned i skredene. Dei slo og skar i desse skredene om sommaren. Det vert fortalt at Flikkisbudeia gjekk frå Nedre Hodnane med vetekollen på ryggen, over Flatafjellet og forbi Gygretjødni, nedi skredene
til slåttekarane og attende same dagen.
Det var sikkert godt med “tostadrikka» i varmen der oppunder bergi, men du for ein veg! Nautabeist ifrå Kolstad stølen kunne vera beitte til å stikka seg nedi skredene der. Det var vanskeleg å få dei opp att og det kunne gå gale. Ein miste ikkje fotfeste meir enn ein gong slike stader.
For å halda beisti derifrå, vart det oppsett store heller på kant, langs med vegen og stupet. Desse står godt framleis.

Skahedla er eit stort helleberg i fjellsida vest for Kringlevatnet, godt synleg frå stølane Kringla og Hodnane. På denne store flata finst ikkje vegetasjon, og gråe, reine grunnfjellet ligg oppi dagen i fleire hundre kvm. vidd. Her tok dei hellene til hustaki på fjellgarden Kolstad. Dei braut hellene på sommarstid, og køyrde dei heim på fyrste snøen, etter at det hadde frose opp. Seinare vart det for mykje snø og tungt føre.
I same området, men heilt nede ved Kringlevatnet, ligg Helleneset. Her tok dei heller til taki på stølane, både Kringla, Lø og Hodnane. Også murestein til peisar og piper i seli.

Då kraftstasjonen på Sage vart bygd i 1937, vart all murestein til Kringledemningen skoten ut i Helleneset.
Det var utanom onnene, om våren og hausten, dei helst arbeidde i Helleberget. Og ein ting var dei nøye på: flo og fjøra sjø. Dei gjekk aldri frammi og kløyvde heller utan at sjøen flødde - det var bortkasta tid. Dei fylgde almanakken og visste vel korleis dei skulle innretta seg så arbeidet gjekk lett, sjølv om materialet var tungt.
Dei måtte under torva for å finna fjell med gode gangar som slepte godt. Dei grov vekk torv med spa og grev, til dei fann ein god benk. For å få den laus, ladde dei med minekrut i borehol eller sprikka, la i lunta og dekte med torv og jord. Dette løyste passeleg utan at steinen gjekk sund.
Hadde han Tøger fått fram ein god benk, sette han seg, stappa pipa godt og tok ei kvild. Når dei kløyvde heller, slo dei inn hellekilar frå kanten av blokka. Tunne og korte kilar fyrst, svært forsiktig. Lengre og større etterkvart til hella sprakk ut slik ho skulle.
Tjukkelsen var avhengig av størrelsen, store heller måtte vera litt tjukkare enn mindre. Skulle dei slå av ein større kant, laga dei fyrst merkje med ein sett. Då fekk hella den forma den skulle ha, mest mogeleg rektangulær, kvadratisk eller trekanta. Så vart hella slegen til langs kanten, (ikkje på kanten, det gav ujamne hakk), og sett til sides.

Det kunne stå heile lad med heller som skulle køyrast til rettes, anten på hjulslede eller “speingjeslede, alt etter føre.
Dei la orebusker mellom kvart lag med heller, så dei ikkje skulle sprikka sund under transporten. Når dei så skulle tekkja, la dei fyrst hellene på bakken, passte dei til og prøvde korleis dei skulle liggja i forhold til kvarandre. Dei slo hol til feste med ei hellepikka”.
I eldre tid var det einenabbar som heldt hellene på plass. Seinare vart det jarnboltar og streng.
Ei helle på godt og vel ein kv. m., to- tre cm. tjukk, kunne vega ca. 150-200 kg så det var tungt å få ho på plass. Difor måtte ein veta kvar den skulle liggja, så ein slapp å ta den att.
Store heller vart dregne opp med hest og talje, på eit par kraftige stokkar. Fordi dette var tungt vyrkje, måtte undegjerdi vera av beste sort. Det er dimensjonar og kvalitet over sperr og åsar på store uthustak. Det var ein kunst å leggje hellene så taket vart både tett og fint. Vedlikehald vart det lite og inkje av. Berre ein passa på at hellene ikkje seig og det ikkje lek, heldt taket i årevis.

No er slagghaugane ved hellebroti overgrodde av torv og gras, og skogen kjem etter. Nye materialar og dyrare arbeidskraft har gjort at det ikkje lenger er drivverdig slik det var.
Snart er det ingen som kan dette med å ta ut heller, finna benken i grunnfjellet og nytta rett reiskap for å driva ut fine heller og god murestein.

Hausten 1987 fekk De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum kontakt med Olav T. Kilen og Tomas Nygård som begge hadde vore med fedrene sine på slikt arbeid.
Dei hadde også reiskap, og dei synte korleis arbeidet vart gjort, medan ein fekk festa det til filmrullen. Såleis skulle det vera sikra for ettertida.

Filmen om "Hellebrot i Dalsdalen" kan du sjå her..