Helg og høgtid

Helg og høgtid

Helgedagar, høgtider og gjestebod var kjærkomne avbrot frå mange og lange arbeidsdagar i det gamle samfunnet. Då skulle berre det høgst nødvendige arbeidet gjerast. Folk vaska seg og tok på seg helgekleda, og mat og drikke skulle vera betre enn til kvardags.

Helg og høgtid hadde både ein sosial og ein religiøs dimensjon, med innslag frå både kristendommen og den gamle folketrua. Års- og livshøgtidene vart markerte i kyrkja, og kyrkjebakken var den viktigaste møteplassen for folk.
Fram til langt utpå 1800-talet var kyrkjene dei einaste offentlege bygningane i bygdene våre.

Frå gammalt var det svært mange helgedagar og merkedagar. Mange av dei fall bort ved reformasjonen i 1536, og i 1770 tok dei vekk enda fleire.

Men dagane levde likevel vidare i folketrua gjennom vérteikn, varsel og påminningar om arbeid som måtte gjerast. På 1800- og 1900-talet vart det innført nye verdslege høgtidsdagar.

I denne utstillinga følgjer vi på eine sida helgedagar og høgtider gjennom året, og på den andre sida livshøgtidene frå vogge til grav. Kyrkjerommet med gjenstandar frå dei gamle kyrkjene i Sogn er symbolsk nok plassert i midten.

Helg & Høgtid