Haustferiedagar på museet

Haustferiedagar på museet

Velkomne til haustferiedagar på museet 10. og 11. oktober!

Kornet er hausta, men endå står mykje att: Det skal treskast, reinskast, kastast og kvernast. Me går i løa, kverna og i Leirmostova.

I Leirmostova kardar me også ull, og spinn garn av det.

Dyra treng også mat og stell, så her er det mange oppgåver for både store og små :)

Eventyrløypa og naturløypene er også opne. Kart til eventyrskogen får de i resepsjonen.

Det er vanlege billettprisar desse dagane. Dei som har årskort går gratis.

Velkomne skal de vera! Me gler oss til å ta imot dykk!