hestehandel

Handel med husdyr frå Sogn og austover i eldre tider.

Bilete: Frønningen 1923. Foto Universitetsbiblioteket i Bergen. Fotograf: Otto Irgens.

Artikkel frå "Tidsskrift nr. 27", utgjeve av Historielaget for Sogn i 1981.

Av Oskar Nesse

Kva tid denne handelen tok til, er ikkje så godt å seia. Me høyrer om handelskarar tidleg på 1800-talet, men truleg har det alltid vore ein del handel med husdyr som med andre varer, serleg i samband med den gamle Lærdalsmarknaden som me kan fylgja attende like til 1500-talet. Korleis kunne Sogn ha så mykje husdyr å selja? Me må då hugsa på bruksmåten i eldre tider. Det var då om å gjera å nytta alle dei ressursar ein hadde, heime, i skogen og på fjellet. Serleg var fjellet viktig. Dei gode fjellbeiti me har her, mest i Indre Sogn, med «graset så feitt at det glinsar»(A. O. Vinje), var det om å gjera å nytta godt ut.

Det var i desse fjellbeiti krøteri fekk merg i seg om sumaren. Det var difor om å gjera å ha så mange beist som råd var til å sleppa til fjells. Der kunne kyrne mjølka så ein fekk dugeleg med smør og ost til vinteren, og der kunne gjeldfe og sau og hest få hold på ein mager skrott. For mager var gjerne skrotten når beisti kom ut om våren. Bonden rekna ikkje med å få nokon avdrått av kyrne om vinteren. Det var om å gjera å fø fram så mange kyr og kalvar og sauer og geiter som mogeleg. Kom då vinteren tidleg, så det vart tidleg innsetnad, og våren kunne vera kald og sein så det drog ut før ein fekk løysa, kunne det gjerne verta i minste laget med foret, endå ein hjelpte på med lauv og ris og skav. Det vart difor gjerne sagt at bonden sveltefora dyri sine, men det vart sikkert ikkje gjort med vilje, grunnane var nok dei som er nemnde ovanfor.

Hesten fekk som regel godt stell. Han fekk det beste høyet, og gjerne ein mjølgrand kvar dag, for han skulle arbeida også om vinteren. Når ein såleis kunne greia å fora fram mange husdyr, så vart det gjerne eitt eller fleire dyr ein kunne selja, endå ein måtte rekna med å kunna greia seg med kjøt heile året. Sal av husdyr var gjerne einaste kontantinnkoma sume bønder hadde, serleg i fjellbygdene. Desse pengane kom godt med til renter og avdrag på gjeld, og til skatt. I Indre Sogn, der fjelli grensar til fjelli på Austlandet, kom denne handelen til å gå austover, og det var oppkjøparar som stod for denne omsetnaden. Sume av desse oppkjøparane handla med sau, andre med storfe og atter andre med hest.

Lat oss ta for oss sauehandelen fyrst.

Det må vera hallingar som frå fyrst av har teke opp denne handelen. Nemningi «sauehadling» som me sa i Lærdal og Borgund om dei som dreiv med å kjøpa opp sau, skulle tyda på det. Sjølv hugsar eg «sauehadlingar» som heitte Lappegard, Dusegard, Sataslåtten og ein me kalla «Vetleguten», men det var vel ikkje rette namnet hans. Dessutan har eg høyrt om Skalle og Jens Sletto. Men så tok nokre borgynder til å tevla med hallingane om denne handelen, serleg brørne Johannes, Hans og Håkon Nesse (Nedigarden) og Peder Nesse (Nesbakken).

Det var to gonger på året dei kjøpte sau. På etterjolsvinteren gjekk oppkjøparane frå gard til gard i bygdene Borgund, Lærdal, Hafslo, Luster og Sogndal og kjøpte sau som seljaren skulle levera når kjøparen sanka fyrst i juni. Handelen byrja med at eigaren sa kva dyr han ville selja, og så forlanga han ein pris, gjerne litt høg, så han skulle ha prutingsmon. Det var sjeldan at kjøparen gjekk med på det seljaren forlanga, og så vart det akkedering. Seljaren slo gjerne litt av, og kjøparen la litt på. Eg hugsar ein kjøpar sa då han hadde bode det han tykte han kunne: «Vil du selja for det, så her er labben», og rette fram handi. Tok då seljaren i mot handi, var handelen avgjord. Dermed stakk handelskaren handi innom vesten og drog fram ei tjukk setlabok som var fest i ei reim som gjekk rundt halsen og bladde opp nokre setlar som han gav seljaren.

Det var «handpengar». Desse kunne variera etter kor stor handelen var, og galdt som kjøpekontrakt. Kjøpar og seljar noterte vel kvar for seg pris og handpengar, men eg høyrde aldri at det vart skrive nokon kjøpekontrakt. Når det så leid til sanketid, fekk seljaren bod om stad og tid han skulle møta med sauene. Då vanka det fullt oppgjer med frådrag av handpengane, og gjerne ein dram som kjøpskål.

Dei var ikkje god å lura desse handelskarane, så eg høyrde ikkje nokon prøvde seg med det. Var sauene kjøpte på nordsida av Sognefjorden, måtte dei fraktast til Lærdal med båt. Frå fyrst av var det store førselsbåtar dei brukte, men etter kvart vart sauene sende med «dampen». Oppe på «bakken» på båten var det sett opp grinder som ei kve der sauene stod. Ei slik drift kunne vera på 200—300 stykke. Det gjekk seint å jaga ei sauedrift etter landevegen. Veret var oftast varmt på den tid av året, så oftast laut ein nytta natti til å jaga i, og så kvila om dagen. Ein hamnehage til å kvila i var tinga på førehand.
Ein del av sauene som skulle bort i Hallingfjelli, vart jaga opp Nesdalen. Dei som for på vestsida av dalen, jaga då forbi stølane Engi og Arbergi, ovom den nedlagde stølen Djupevjene, fram Sanddalen og over Hallingskeid. Dei var då komne til Hallingdal, til fjelldalen Førdalen. Der var det nokre felægerplassar eg høyrde om: Steinane, Hatlehiet, Joviki og Iungsdalen.

Det kunne gjerne vera mykje snø att i fjellet på den tid sume år, så det kunne vera balesamt å jaga. Men det kunne koma vel med at det låg att snø og, serleg når dei skulle over elvane med sauene. Då gjekk det fint på snøbreane. Sauegjetarane hadde eit par eller fleire kyr også i lægret, så dei skulle halda seg med mjølk, smør og ost, og ein hest til å kløvja proviant på.
Men sauen er lei til å trå, slik at han vil søkja attende dit han er fødd og oppvaksen. Såleis kom det ofte hallingsauer vestover att til fjelli våre. Då eg var på stølen som gjetslegut, kom det mest kvar sumar sauegjetarar frå Førdalen på stølen til oss. Det dei ville vita var om me hadde sett «noki framande saoi fara nolover her». Hadde me gjort det, fekk dei greie på kvar me hadde sett sauene, og så var det å sanka dei med seg. Det var dei som sa at gjetarane ikkje alltid var så nøye på om det var deira alle sauene dei tok med seg. Og det kunne gjerne sjå ut som det var noko i det, for det hende nok at det kom melding frå Hallingdal om at det var kome sauer som høyrde oss til dit. Men me får tru dei ikkje var komne dit med mannevilje.

Når hausten nærma seg, vart sauene jaga or fjellet og aust- over mot Hallingdal. Kor langt ned etter dalen dei måtte jaga før i tidi, veit eg ikkje, men dei sauehandlarane på Borgund som eg hugsar, brukte å jaga til Gol, og så tok dei sauene med jarnbane der i frå.
Dei leigde då heile dyrevogner, slike som det stod «40 Mænd 8 Heste» på. Kor mange sauer ei slik vogn tok, høyrde eg nok dei fortalde, men det hugsar eg ikkje. Og så gjekk turen til Drammen, i alle fall reiste alle borgyndene dit, til eit slaktarfirma som heite Stablum & Andersen, seinare høyrde eg berre om Andersen. Sauen vart seld «med hud og hår», dvs. at han vart slakta og skrotten vegen, og så vart det betalt ein viss pris for kvart kilo kjøt, men i prisen var både ull og skinn og innmat irekna. Derav uttrykket «med hud og hår». Om hausten, når sauene i bygdene var sanka ned att frå fjellet, kom handelsskarane att og kjøpte lam som var til sals og ei og onnor gamal søye som eigaren ikkje ville setja på att. Då jaga dei landevegen til Gol og så vidare med jarnbana.

Fehandelen.

Handelen med storfe vart mest driven av folk frå Lærdal og Borgund, då serleg frå Borgund. Det var helst yngre bondesøner som dreiv denne handelen, slike som ikkje kunne venta å få garden. Men det hende nok at odelsguten og handla nokre år før han skulle løysa inn garden. Det var dei gode Fjellhamnene på Borgund, både i sidedalane og på Hemsedalsfjellet og Fillefjellet som gav grunnlaget for denne handelen. Mange av fekarane hadde fjellhamner som høyrde til garden, og dei som ikkje hadde, fekk leiga hjå andre.

Den som skulle vera ein god fekar, måtte skjøna seg på krøter. Ei ku vart mælt og handfari på alle kantar og endar. Storleiken vart mælt med eit stolpeband, og ein god fekar kunne seia kor mykje ei ku kom til å vega når ho var så og så mange «stolpar over alnene». Og så måtte han sjå på beinbygnaden, kjenna på «mjølkemerki» og juret, ha greie på alder, kor mange kalvar ho hadde bore, om ho var «tidd» (hadde teke kalv) og kva tid ho skulle bera. Gav ikkje seljaren rette opplysningar om dette, kunne det koma attende på han sjølv. Sume fekarar kjøpte både kyr, uksar og kviger, andre berre kyr og atter andre berre uksar.

Dei som dreiv denne handelen, reiste gjerne lenger utover Sogn enn sauekarane, gjerne ut til Vik og Fjærland. Ved jonsoktider tok så sankingi til. Og det var «dampen» som førde krøteri til Lærdal. Det vart då lagt luker over opningi til nedste lasteromet på båten, og så vart øvste lasterommet nytta til «fjøs». Der var det ringar til å binda dyri i. Dei vart heiste om bord i ein sterk sele av seglduk som vart lagt under magen på dyret og gjekk oppatt på sidene og fest med tau framme og bak. Så vart dyret heist om bord med vinsjen. Dette var ikkje alltid spøk når det var rebelske uksar og nervøse hestar som skulle om bord.
Nede i «fjøsen» var det ofte eit lurveleven, med rauting og beljing og skiting av dyri som fekk «laust liv» av ei slik uvan framferd. Eigaren måtte då freista å roa dei, men det var ikkje alltid så endebeint. Passasjerane om bord fekk eit gratis skodespel av ei slik lasting og lossing, men teven frå «fjøsen» kunne kanskje riva litt i nasen hjå finfiffen om bord. For det kunne vera tev frå «fjøsen» når han var full med kyr.
Eg hugsar ein gong eg kom med båten frå Bergen så ved jonsokbel. Det var under fyrste verdskrigen, og båt frå Bergen til Sogn gjekk det berre to gonger i veka. Ein tur frå Bergen til Lærdal tok over to døger, for båten var innom alle «fjordakjeftar» som fanst etter den lange Sognefjorden. Det var fullt med folk om bord, og då me kom inn etter fjorden, vart «fjøsen» full av krøter. Det var steikjande varmt.
Me passasjerane kunne vera på dekk, men feet måtte halda seg under dekk. Båtfolki heiste då opp i masti ei stor trakt av seglduk med den største opningi mot fartsretningi og den andre opningi ned i lasteromet så det kom frisk luft ned til dyri. Men den lufti som då kom oppatt frå lasterommet, er det uråd å skildra. Tett ved nedgangen til «fjøsen» var døri inn til «bondestova», og ho var fylt med denne lufti frå «fjøsen». Der på «bondestova» måtte me som reiste på 2. plass, for kr. 6,50 Bergen — Lærdal, liggja og sova om natti, på nokre harde benker med ei hard pute under hovudet, dersom me i det heile fekk liggja. Med fast grunn under føtene i «Habben» kunne drifti ta fatt på den lange vegen opp gjennom Lærdal og Borgund og til fjells. Som før nemnt var det best å jaga om natti. Hamn til feet var tinga på førehand, og når drifti kvilde, kom det kvinnfolk frå husi i kring og mjølka kyrne.

Endeleg kom då feet til fjells. Og der hadde krøteri det godt i eit par månader. Dei fekarane som var gifte, hadde gjerne konene sine med seg i fjellet. Han Embret Fekene (Fekjo) frå Hemsedal som mest kjøpte feet sitt i Erdal og på Borgund, låg i Storeskar og hadde kona si med seg.
Men best hugsar eg han Halvor Eraker. Hang leigde fehamn i Bjordalen inst inne i Nesdalen, på austsida. Kona var med han, og ho mjølka og yste og kinna, og han Halvor kløvja osten og smøret fram fjellet til Breistølen, til køyreveg. Men lauskarane kunne ikkje gjera seg slik nytte av mjølki. Dei mjølka til eige bruk, og elles «gjeldmjølka» dei kyrne, i alle fall dei som skulle bera tidleg. Uksane var skilde frå kyrne i fjellet og heldt seg mest for seg sjølv, borte frå lægret.

Det var alltid ei viss helg fekarane tok til å jaga or fjellet og austetter. Hugsar eg ikkje for mykje feil, så var det siste helgi i august, og ho fekk difor namnet «fekarhelgi». Den helgi var det alltid ruskever, sa folk, og sume år kunne det vel slå til. Så var det å jaga austover, dag etter dag. Det måtte gå smått så ikkje feet skulle missa holdet, og gode hamner måtte det ha til å kvila i. Dei fekarane som hadde lege på grensa mot Hallingdal, jaga den vegen, og det hende dei jaga like ned mot Modum og Eiker. Dei som hadde lege på Fillefjellet, jaga ut Valdres, Begnadalen, Ådal og til Ringerike.

Etter kvart dei jaga kom kjøparane. Det hadde mykje å seia kva slag år det hadde vore på Austlandet. Hadde det vore ein god sumar så bøndene hadde fått mykje og godt for, kunne fekarane halda litt høge prisar og endå greia å verta fort av med feet. Hadde det vore eit dårleg fôrår, kunne det gjerne vera vanskeleg å verta av med feet til lønsam pris. I slike år måtte dei gjerne jaga langt før dei vart av med alt.
Men handelskarane fekk sjeldan heilt oppgjer for feet. Det var ofte kjøparar som måtte be om utsetjing med ein del av betalingi til ut på nyåret. Fyrst i februar reiste då fekaren «på krav» for å få inn det han hadde til gode. Han kjøpte då gjerne med seg litt vadmål som han selde. Det kunne hjelpa litt på utleggi med turen. Ut i mars, når handelskarane hadde fylt lommeboki att, bar det så på ny handel.

Hestehandelen.

Handel med hest har det nok vore lenge frå Lærdal og austover, serleg i samband med den gamle Lærdals marknaden, då dei måtte ha bruk for mykje kløvhest. Men då det vart slutt med den, vart det ein serskild hestemarknad på Lærdalsøyri. Kva tid den vart sett i gang, er eg ikkje sikker på, det variallfall lenge før mi tid. Den varde om lag ei veke fyrst i juni. Datoane stod i almanakken. Det var mange lærdøler og borgunder som kjøpte opp hest som dei selde på hestemarknaden på Lærdalsøyri. Det var mest Sunnfjord og Nordfjord som hadde stort overskot på hest til sal, og så Sunnmøre.
Det var på etterjolsvinteren dei dreiv denne handelen. Anders Eggum frå Borgund var ein av dei store hestehandlarane. Han var like til Sunnmøre på oppkjøp.
Eg hugsar han fortalde at då han var i dei ytre Sunnmørsbygdene, var det ikkje vakse mannfolk heime på gardane på den tid av året, dei var ute på fiske. Det var difor konene som måtte stå for hestesalet. Men dei hadde god greie på hest, og visste kva dei skulle forlange, fortalde han. At Eggum'en kjøpte hest på Sunnmøre, fekk eg stadfest for nokre få år sidan. Då vegtunnelen mellom Nordfjordeid og Lote var opna, og me straks etter køyrde den vegen, stakk me innom og helsa på Jakob Lothe, tidlegare stortingsmann. Han var då mange og åtti år, men like kvikk i tanken og med godt minne. Lote hadde før hatt berre båtsamband, fortalde han. Den einaste måten dei kunne koma nokon veg til lands var å gå eller rida over fjellet til Nordfjordeid. Og så fortalde han at den vegen kom Eggum’en med hestedriftene sine frå Sunnmøre Frå Lote fekk han seg båt inn til Vereide eller Sandane.

Til hestemarknaden på Lærdalsøyri kom det mykje hest. Det hende at «dampen» stundom måtte gjera ekstraturar til Vadheim for å få inn alle. Mellom 500 og 600 hestar var det vanlege. Handelskarane hadde tinga seg gjerde som dei sleppte hestane på, og det gjekk hestar på slike gjerde frå nedste Øyri og like til Eri. To dagar under hestemarknaden var det utstilling av dølehest, men dei hestane stod på stall når dei ikkje var «i ringen». Det var mest austlendingar som kom som oppkjøparar til hestemarknaden, mest frå Hallingdal og Valdres men og lenger austanfrå. Og så skulle dei som dreiv med skysstrafikk om sumaren, «vognmennene», ha seg hestar til trafikken byrja. Då var det eit yrande liv på Øyri, og kanskje litt vilt stundom, når einkvan hadde fått litt «i toppen». For både kjøpar og seljar hadde gjerne noko på baklomma, og så hadde heradstyret i sin visdom gjeve dei som dreiv med «Logis for Reisende Kaffe & Spise» løyve til å selja bayerøl i ei veke under marknaden og utstillinga. (Det var dei som meinte at denne veka varde heile sumaren, men det er ei onnor sak).

Hestehandelen gjekk for seg heile dagen og gjerne natti med. Hestane vart mælte og strokne og dømde etter alle kunstens reglar. Fann kjøparen ein hest han tykte om, måtte han prøvekøyra hesten, så han kunne sjå fotlaget hans, kjenna om han var hard eller linn i kjeften, eller sjå om han hadde feil som «rovevisk» (slå med rova) eller gjerne ville «kasta» (galoppera). Når ein oppkjøpar hadde fått så mange hestar som han ville, drog han frå marknaden. Han batt då hestane etter kvarandre etter rova, og så køyrde han sjølv i ei setekjerre med hestane etter seg. Ei slik rad med hestar kunne vera på 10—12—15 stykke. Hestane vart så sleppte til fjells, og selde utpå haustparten.

Det var ikkje så lite av eit lotterispel å vera handelskar. Han hadde ikkje få utlegg: Fyrst innkjøp, så utlegg til frakter, jagarar, leige av hamn kanskje, gjetarar, og så måtte han bera risikoen, «aobørgsla» som dei sa. Det hende nok han miste eit eller fleire dyr, og det vart reint tap før det vart høve til å assurera dyri, men det vart det ikkje før i den seinaste tidi. Likevel var det mange handelskarer som 1a seg opp pengar, slik at dei med tidi kunne kjøpa seg ein gard, surne her i bygdi, men dei fleste på Austlandet. Såleis kjøpte brørne Johannes og Hans Hovland garden Øvregard då eigaren der hadde reist til Amerika.
Hovlandskarane delte garden mellom seg og skreiv seg sidan for Øvregard. Hans Trondsen Eraker (Træet) kjøpte Nedigarden i Nesse då eigaren der hadde fare same vegen, og tok namn etter garden. Men dei fleste slo seg ned på Austlandet der dei var godt kjende etter alle turane dei hadde hatt austover. Dei fekk seg gardar på Ringerike, Modum, Eiker og i Lier. Der finn me namn som Kvamme, Nesse, Hatleberg, Voldum, Berge, Eggum, Hovland, Tufte, Sprakehaug, Eraker, Borlaug og andre gamle Borgundsnamn.

Utover i 1920 og 30-åra ebba denne gamle formi for omsetnad av livdyr ut. Sal av husdyr, til liv eller slakt, tok andre vegar, serleg til Bergen. Sauehandelen heldt seg nok like til slutten av trettiåri, og nokre hestar kunne av og til fara austover, men etter siste krigen var det heilt slutt.