Elvhaug

Handarbeidskafé på Elvhaug

Velkomen til ein koseleg handarbeidskveld i stovene på Elvhaug!

Marit Mossige Ryssdal (1908-1997) var handarbeidslærarinne i Sogndal, og svært flink med broderi. Desse vil me veldig gjerna visa fram. Her fins det mange skattar! Me snakkar også litt om huset, og om folka som budde her. Kanskje nokon av dykk kjende (til) dei?

Me fyrer i omnen, og har enkel kafé på kjøkenet. Om du vil ta med anna handarbeid enn broderi, er du sjølvsagt velkomen til det. Det viktigaste er at me kosar oss, får eit avbrekk frå kvardagen og får snakka saman :)

Sidan det er avgrensa plass i stovene, må me denne gongen ha påmelding. Om interessa er stor nok lagar me til to kveldar.
For å melda deg på, kan du legga att ein kommentar på denne sida, eller senda ein e-post til mari.sandvik@misf.museum.no

Vanleg billett/årskort - inkluderer ein kaffi eller te

Dette blir kjekt :D