Handarbeidskafè

Handarbeidskafè

HANDARBEIDSKAFÉ MED ADVENTSSTEMNING

På den nest siste dagen i november inviterer De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum til handarbeidskafé på museet.

Onsdag 29. november kl. 19.00 – 21.30 er alle velkomne til å finna nokre timars ro før advent tek til. Kanskje du rekk å byrja på den julegåva eller julepynten du har tenkt på, men ikkje kome i gang med?

Frå kl. 19.30 vil museumsformidlar Mari Sofie Sandvik visa ulike mindre strikke- og hekleprosjekt som du rekk å bli ferdig med til jul. Her vil det vera ting som passar både for nybyrjaren og for den meir erfarne. Om du allereie er i gang med eit prosjekt, ta det gjerne med!
Skulle du mangla garn, pinnar eller heklenål, vil Sy og strikkebui i Sogndal vera her for dykk. Dei møter opp med utstyret du treng, oppskrifter på forskjellige små (og litt større) handarbeidsprosjekt, og hjelp til den som treng det.

I kafeen vert det servert kaffi, te og kaker. Museumsbutikken er open, og julevarene byrjar å koma på plass.

Her er det høve til å koma og gå som du vil. Du kan finna ro med eit handarbeid, prata med både nye og kjende, og kanskje også kjøpa ei julegåve eller to.

Det vert teke vanleg inngangsbillett denne kvelden. Den som har årskort går sjølvsagt gratis. Det er uansett inkludert ein gratis kaffi eller te.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein pustepause i ei travel førjulstid!