sognejægt

Han hamna i Skottland

Uttrekk frå tidsskrift nr. 25, Historielaget frå Sogn 1976, skriven av Johs B. Thue.

Mads Fitje frå Ortnevik var ved jonsokbel på ferd med jekt til Bergen. Dei var komne til Fensfjorden og låg i vindstilla. Så vart det vasslause, og dei visste at ved Vikingvåg var det ei god kjelde. Undermannen på jekti rodde difor dit for å henta vatn. Medan han var i land, kom det vind og mørke skodde over han. Ingen av dei såg noko til kvarandre. Mads Fitje miste landkjenning og visste ikkje kor han var. Då skod da letta, var han komen langt ut på havet.

Han bad til Gud om hjelp, og det kom ein måse og sette seg på mastertoppen. Vinden auka no på, men måsen flaug på toppen og alltid beint fram eit stykke, så kom han att og sette seg på mastertoppen. Mads tok dette som eit teikn på at han skulle styra som måsen flaug, og etter kvart vart vinden jamn. Seglet tok han ned så det stod om lag midt på mastri. Måsen heldt trufast lag og synte lei til dei kom til Skottland. Vel i landkomen i Skottland, møtte han kjøpmannen som han til vanleg handla med i Bergen. Denne kjøpmannen hjelpte han med å selja farm og jekt, og han kom seg vel heim til Ortnevik. Somme seier at han var borte lenger, og dei meiner at det var heile 6 år, og dei seier og at kona hans var attgift når han kom heim.

På ferdi over havet tok Mads den lovnaden at kom han seg vel frå dette, så skulle han gje ei gåve til kyrkja på Kyrkjebø. Denne lovnaden heldt han, men han kosta seg også eit anna bilete med same motivet som bilete på Kyrkjebø kyrkje: ein mann står til rors på ei jekt, med ein måse flygande føre. Dette andre bilete skulle vera heime på garden hans i Ortnevik.

Ein annan variant om same hendingi lyder slik: Mannen som for til Skottland heitte Ola Fitje, for ein gamal mann med same namnet (han var oppattkalla etter Skottlandsfararen) fortalde soga om jekti som rak av til Lasse Førsund. Han fortalde så vidare til Jens Lasseson Førsund og Berge Taraldson Førsund. Denne Ola Fitje meinte hendingi hadde bore til på slutten av 1700-talet.

Endå skottehandelen helst var konsentrert til bygdelagi i Hardanger og Sunnhordland, finn me såleis også merkje etter hopehav og kjennskap til skottane i Sognebygdene. Om dei siglde ytre leii, sa jektesiglarane til og med at dei då kunne høyra korleis skottane banda tønner. Dette skulle då framom alt tyda på at dei rekna ikkje Skottland så langt av vegen.