Stellahuset

Hagen ved Stellahuset

1980-tals hage. Mange kvinner hadde no vorte yrkesaktive, og hadde mindre tid til hagestell. Hagen skulle vera presentabel, men lettstelt. Form og fargeverknad er stikkord. Vintergrønt vart mykje brukt, og buskar erstatta arbeidskrevjande bed. I staden kom det blomsterkasser på verandaer og krukker i hagen.

For å gjera lukinga enklare, brukte ein markdekkande arter eller bork til jorddekking.

Les meir om Stellahuset