Melheimhuset

Hagen ved Melheim

1940-tals hage. Matauk vart det store slagordet for hageeigarane gjennom dei mørke krigsåra. Mang ein plen vart endevendt for å gje dyrkingsareal. Grønsaker som kan lagrast var vanleg, t.d. lauk, kålrot, raudbeter, potet og nepe. Bønner og sukkererter var òg vanleg.
Av urter var karve, timian og skårekong/ oregano mykje brukt i mat. Bærbuskar og frukttre stod spreidd i hagen.

Få hadde grasklyppar. Graset vart i staden slege eit par gonger i løpet av sommaren og gjeve som fersk fôr til ”heimedyr”, eller tørka til høy.

Les meir om Melheimshuset

Emneord: