HAGEDAG PÅ MUSEET 2018

HAGEDAG PÅ MUSEET

Laurdag 26.mai inviterer museet alle hageinteresserte til hagedag. Her kan ein skaffa seg nye og spanande planter, få ny kunnskap, kosa seg på museumskafeen og treffa andre hageentusiastar i vakre omgjevnader.

Som vanleg kan du få idear og ein god prat med erfarne hagefolk. Sogndal Hagelag stiller opp med stor kunnskap og nyttige hagetips. Du får møta Matias Hukseth, ein av dei aller fremste roseekspertane i fylket. I år kan du også verta kjent med tindved. Marco frå Aurland har dyrka desse bæra og delar gjerne med seg av sin kunnskap. Lurer du på korleis desse bæra, rike på vitaminer og antioksidantar, smakar kan du kjøpa små smaksprøver hjå han. På torget blir det eit stort utval av tradisjonsrike urter og staudar, grønsaks- og hagevekstar, sommarblomstrar og roser frå både Hukseth, Sogn Jord- og Hagebrukskule, Elvathun gartneri, hagelaget og andre. Urtetunet kjem og sel produkt laga av urter.

I tillegg er Simas til stades og orienterer om m.a. kompost og kompostering, og hagelaget viser bukashi, som er ein spennande måte å kompostera matavfall på. Den norske bokbyen i Fjærland kjem også og har med seg eit stort utval av hage- og plantebøker. Hugs å ta med kontantar når du skal handla!

Bytetorget har vorte meir og meir populært, og her brukar det å vera mange godbitar.
Det er Sogndal Hagelag som har ansvaret for bytetorget, og det fungerer slik at ein tek med avleggarar frå hagen heime og byter dei med andre på torget. Hagelaget oppmodar om at ein alltid brukar kjøpejord for å unngå spreiing av brunsnegl.

Museumskafeen er open og her serverer vi mykje god mat og drikke.

Det er vanleg inngangsbillett, dei som har årskort går inn gratis. Alle er velkomne!