Gris

Gris

Skogsdyret som vart stovegris

SELSKAPSDYR

Tamgrisen stammar frå villsvinet. Dei første tamgrisane var selskapsdyr. I Sør Europa brukte kvinnene grisane til å lukte opp trøflar og anna mat i jorda. Jegerane nytta også grisen til jaktsporing. Seinare vart grisen brukt til pløying. Dei endevender jordsmonnet med trynet sitt når dei leitar etter røter, sopp, mark og anna mat. Dette gjer også grisane på museet — sjå kor dei herjar!
Grisen kan bli 15-20 år gamal. Den er reinsleg, har lett for å læra og er glad i kroppskontakt. I seinare tid har grisen på nytt vorte populær som selskapsdyr.

MATPRODUSENT

Dagens gris er ein raskveksande blandingsrase som er avla fram etter våre matvarekrav. Før var grisane feitare og hadde kortare kropp. Denne grisetypen er no prøvd rekonstruert. Museums-grisane er av ein slik type.