Gamlemuseet i Amla

Gjert Falch Heibergs museum

FRÅ MUSEUMSSOGA

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum har fått namnet sitt etter grunnleggjaren, Gert Falch Heiberg (1871-1944). Han var godseigar i Amla i Kaupanger og dessutan ein pasjonert samlar, og i åra rundt 1900 tok han til å samla bondeantikvitetar frå Sogn og reiskapar frå heile Noreg. Denne innsamlinga skulle visa seg å bli både starten på eit samlarlivsverk og eit folkemuseum i Sogn.

Dette skjedde om lag samtidig som Hans Aall grunnla Norsk Folkemuseum på Bygdøy utanfor Oslo og Anders Sandvig grunnla De Sandvigske Samlinger, Maihaugen, på Lillehammer. Ein kan derfor seia at desse tre er pionerane i utviklinga av friluftsmusea her i landet.
Dette skjedde i ei tid då det gjekk ei moderniseringsbølgje over dei norske bygdene. Gamle jordbruksreiskapar gjekk ut av bruk, og nye kom i staden. Byggjeskikk, kommunikasjonar og sosiale tilhøve var i endring.

Åra rundt 1905 var dessutan prega både av ei sterk nasjonalkjensle og ei aukande sjølvhevding av bygdekulturen. Alt dette danna grobotn for folkemusea i Noreg.

Heibergs museum starta som ei privat samling, men alt i 1909 overdrog han den til det nystifta Historielaget for Sogn. Samlinga omfatta alt då mellom anna 3000 gjenstandar, eitt hus og ein runestein.
G. F. Heiberg bygde opp museet i vakre omgjevnader på garden sin i Amla, og han styrte sjølv museet til sin døyande dag. Han bygde ein eigen museumsbygning alt i 1905, og i 1934 vart ein større museumsbygning oppførd til sognebåtane og reiskapssamlinga.
I åra 1903 til 1945 vart 17 større og mindre hus frå ulike bygder i Sogn flytte hit og plasserte i ein museumspark. Og då Heiberg døydde, var nesten 20 000 gjenstandar katalogiserte, med hans eiga sirlege handskrift.