Friluftsmuseet, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Friluftsmuseet

Husa på friluftsmuseet

Friluftsmuseet ligg i eit flott naturområde, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangevegar og stiar, leikeplassar og naturløyper, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små. Men først og fremst inneheld friluftsmuseet mest 40 antikvariske bygningar frå mellomalderen og heilt fram til vår eiga tid.

Den nyaste "antikvariske" museumsbygning er frå 1989, og vi har ei eiga avdeling med bygningar frå 1900-talet. Alle bygningane er forsøkt plassert i tidsrette omgivnader. Ei oversikt over nokre av husa på garden finn du her

Kulturlandskap og gardsdrift

På friluftsmuseet ønskjer vi å skapa eit mest mogleg heilskapleg intrykk. Vi har difor lagt stor vekt på landskapet kring bygningane, og at det skal samsvara med bygningane. Rundt dei eldre tuna har vi prøvd å attskapa bondens kulturlandskap med slåttemark, beite, hagemark, åker m.m. Hagen kring bustadane/ villaene skal ha attkjennelege hagar frå den tida som huset representerer. For å forsterka dei ulike kulturlandskapa ser du også tidstypiske planter og kulturlandskapselement (gjerdetypar, styvingstre, ryddingsrøys, lauvrauk etc.).

Arbeidet med eit heilskapleg kulturlandskap på museet tok fart på 80-talet og er i stadig utvikling. Stor del av det kulturlandskapet du ser, er knytt til 1800-talets jordbruk, og i sesongen kan du sjå døme på ulike arbeid som bonden utførte på garden. Om sommaren har vi også dyr av eldre, lokale raser. Vi har hest, kyr, sau, griser og høns. Museumsgarden skaper liv i museet, og ikkje minst for borna gir husdyra museumsbesøket ein ekstra dimensjon.

Sjå eit biletalbum frå garden...

Audioguide

Museet har utvikla ein audioguide (lydguide) til friluftsmuseet, på norsk, engelsk og tysk. Du kan leiga MP3-spelarar på museet, eller lasta ned lydfilene til din eigen spelar eller mobiltelfon. >> Gå til nedlastingssida for Audioguide