FRÅ FOLKEDRAKT TIL SOGNEBUNAD

FRÅ FOLKEDRAKT TIL SOGNEBUNAD

Mange har eit nært og positivt forhold til sognebunaden. Den er eit festplagg ein ber med stoltheit. Det synleggjer band og nærleik til Sogn og til kommunen der ein bur, har vakse opp eller har slekta si. Sognebunaden har sine særtrekk, både stakkekanten, den vakre skjortesaumen, jentebandet og konehuva er spesielle kjenneteikn for vår bunad.

Onsdag 20 juni opnar ei ny utstilling på De Heibergske samlinger - Sogn folkemuseum. «Frå folkedrakt til Sognebunad» er eit samarbeid mellom museet og Sogn Bunadnettverk.

Utstillinga viser utviklinga av sognebunaden på 1900-talet, og nokre av kvinnene som stod bak. Sognebunaden har ein felles lest, men publikum vil sjå at det gjennom hundre år er stort mangfald og variasjon i fargar, utforming og materialbruk. Og folk vil sjå at bunaden har band og nærleik til dei eldre folkedraktene frå Sogn.

Utstillinga presenterer kvinnebunader som er henta fram frå museet sine samlingar, i lag med sognebunader som er innlånte og donerte medan utstillinga vart planlagt. På det viset har rause sogningar sjølve bidrege til at ei bunadsutstilling kunne gjennomførast.

Utstillinga opnar 20. juni. Kl. 17:00