Restaurering av Kvammeloftet

Museumsnettverk for tradisjonshandverk fekk i 2018 forskingsmidlar frå Kulturrådet til eit paraplyprosjekt der målet er å visa det kunnskapspotensialet som ligg i handverket med for å tolka fortidas bygningar og objekt. Ein skal både vinna ny kunnskap om byggeskikken og utvikla metodar for handverksforsking på tvers av profesjonane.

Nettverket lyste ut åtte delprosjekt. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum utvikla ein søknad på vegne av Musea i Sogn og Fjordane, og vart valt ut som eitt av dei åtte. Vårt prosjekt er knytt til restaurering av Kvammeloftet, ein freda bygning på museet, som truleg er bygd i to etappar på 16- og 1700-talet.

Prosjektet vårt har fått tittelen:

«Analyse av opphav og historie til Kvammeloftet frå Borgund gjennom handverkskompetanse og restaureringsarbeid".

I dette albumet vil vi visa ein del av grunnlaget for og arbeidet med restaureringa av Kvammeloftet.