Feiring av grunnlovsjubileet på Alværa, 29. juni 2014. Eit besøk i verda til Ole Elias Holck

I samband med fylkesmarkeringa av grunnlovsjubileet deltok De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum med ei miniutstilling på Alværa i Lavik.
Lars Asle Vold og Anna J. Avdem viste nokre av dei mange gjenstandane etter eidsvollsmannen Ole Elias Holck som finst i museumssamlingane. Musikkinnslaga var ved fiolinist Henri Eftevand, som spela frå notane i Holck-samlinga.
Om lag 130 menneske var innom den staselege stova på den gamle futegarden i Lavik denne søndagen.

Fotograf er Arve Ullebø.