Neverflekking i Sogn

Flekking av never til Kvammeloftet

I samband med at me skal legge om taket på Kvammeloftet, med never og torv, hadde me lyst å lære oss meir om neverflekking. Då det ikkje finns bjørkeskog av betyding, og spesielt ikkje skog som er stelt med tanke på neverflekking, hadde me ingen ambisjonar om å få nok never til tekking, men me hadde lyst å lære oss teknikken med å losne never, og også å stelle neveren under tørkeprosessen.

Etter gammalt skal det være muleg å losne never omkring jonsok tid, utan å skade treet. 2019 var eitt år med tidlig vår. 20 grader mange dagar i april, men også store temperatursvingningar utover våren og førsommaren. Området me hadde sett oss ut, og fått lov til å bruke, var det nedlagte småbruket, Rudsviki, som ligg heilt ned til fjorden, og har ein del bjørkeskog rundt den gamle innmarka.

1. forsøket blei gjort 3. Juni.
Neveren løsna dårlig, og det var ganske tørt mellom never og innerbork.
Konklusjon: for tidlig.

2. forsøk blei gjort 18. juni.
Det var betre losning, men langt frå optimalt, også no ganske tørt under neveren. Me fekk laus ein del flak, men langt frå nok til at det hadde vore muleg å ta never til noko tak.
Også denne dagen konkluderte me med at me var for tidlig ute.

Bileta er tatt denne dagen.
neverflekking

3. og siste forsøk vart gjort 5. juli.
Denne dagen var det like dårlig losning som 3. juni.
Konklusjonen denne gangen var eigentlig at me ikkje skjønner nokon ting.

I ettertid har eg lest at det i 2019 er unormalt stor frøsetting på bjørkeskogen. Dette på grunn av den uvanlig tørre og varme sommaren i 2018, då det var stort sett samanhengande tørke frå mai til august, og unormalt høg temperatur i heile perioden.
Våren 2019 har også vore spesiell, med tidlig varmeperiode i april (over 20 grader) etterfølgt av veldig kjølig vær med nattefrost og kald nordavind.

Spørsmålet eg stiller meg er om sommaren 2018, og/eller våren 2019, kan ha innflytelse på neverlosning i 2019, eller om me rett og slett har vore på feil stad til feil tid. I 2016 omlag 20 juni, tok eg nokre få neverflak i dette området, og dei losna heilt perfekt
Eg håper me kan følge opp i 2020 med nye forsøk.

Kaupanger 13/8 2019
Ole Fredskild

No i august 2019 var eg på handverksdagane på Røros, og der trefte eg Jon Godal som var kurshaldar i nettopp «tekking med materiale frå naturen». Eg hadde ein samtale med han om våre problem med neverflekking, og han hadde høyrt om liknande problem andre stadar i landet. Han hadde ikkje noko fasitsvar, men konklusjonen blei, at mykje tyder på at det er noko spesielt med dette året.
Kaupanger 9/9 2019

Ole Fredskild