Familiedagen 2018
DE HEIBERGSKE SAMLINGER SOGN FOLKEMUSEUM
Søndag den 9. sept. k 12-17
Tema: «Eventyr, segner og overtru»,
Aktivitetar i husa med eventyrforteljing, flatbrødbakst, handverk, musikk og omvisingar - Gardsarbeid - Föring av dyr - Hesteskyss - Verkstad for barn - Eventyrskogen -
Aktivitetar med speidarane i Kaupanger og Ung husflid - Veteranbilar - Eventyrfigurar i vev og tre m.m.
Kafé: Sal av betasuppe, hellekaker m.m.
ALLE ER VELKOMNE!
Vanlege billettar, gratis inngang for alle med årskort
Her er nokre tidspunkt:
kl. 12.00 Eventyr i Stavedalstova
kl. 12.30 Eventyr i Stavedalstova
kl. 13.00 Eventyr i Stavedalstova
kl. 14.00 Fòring av dyra i Indre Sogn-tunet
kl. 15.00 Vandring med segner og overtru. Oppmøte i Stavedalstova
kl. 16.00 Omvising i utstillinga "Ei tru med alt".
Gjennom heile dagen er det ope i Haugastova, der Oddlaug som vanleg har mykje spennande å fortella. I Leirmostova vert det handverk og flatbrødbakst. På verkstaden kan du få laga ditt eige troll, medan Ung husflid kan hjelpa deg å laga din heilt eigne trollhale.
Det vert også smiing i smia vår, skjering av korn, folkemusikk og ikkje minst køyring med hest og kjerre. Vi gjer merksam på at frå klokka 14.00 til klokka 14.30 treng hesten å kvila og få seg litt mat..
I tillegg kjem både Speidaren og Automobilklubben, så her vert det mykje spennande både å sjå og gjera!
Inne i hovudbygningen kan de sjå på utstillingane våre. Spesielt denne dagen er dei utstilte eventyrfigurane i vev og rinutar.
Kafeen er open, og me serverer heimelaga betasuppe, hellekaker og mykje meir.
Fjordmuseet er også ope denne dagen.