Foss anno 1880, foto K. Knutsen

Fabrikkar på Foss

Den gamle industrien på Foss i Sogndal

Av Per Sandal

Sogndal har aldri vore noko typisk industribygd. Men i mindre målestokk har vi i alle fall eit svært gamalt industrimiljø oppe ved Sogndalselvi, tre- fire hundre meter ovanfor elveosen. Vi tenkjer ikkje då spesielt på dei eldgamle kvernhjula som har surra her ved fossen, og som i alle fall er kjende i dokument heilt attende til 1320. Heilt fritt for annan industri var det likevel ikkje. Amtmann Aubert kunne såleis i 1855 i femårsmeldinga si melde om “— et Garveri i Sogndal, der aarlig tilbereder og afsætter et betydelig qvantum Læder og Skind af særdelis god Bonitet”. Men noko som likna fabrikk var dette ikkje.

Kring 1840 tok fyrstikkfabrikkane til å dukke opp — først laga dei desse farlege fosforstikkene som tende berre vi strauk dei langs bukselåret. Fosforet var også giftig. Sikkerheitsstikkene kom så frå tida kring 1860. Desse såkalla “krutstikkene” kunne kveikjast berre mot ei ripeflate, og var nokså like dei vi kjenner i dag.

Nøyaktig når fyrstikkfabrikken i Sogndal kom i gang, er litt vanskeleg å vite. Men amtmannen nemner i femårsmeldinga for 1851 55 at “ Sogndals Tændstikfabrik” var i drift. Men seinare i 50-åra låg han nede ei tid. Det er tydelegvis ein svenske, Karl August Sjøberg, som hadde kome hit og sett det heile i gang. I ei tinglyst kontrakt med grunneigaren, bonde Erik Foss (tinglyst i 1858), heiter det mellom anna at Sjøberg fekk “— have sin Fabrik staaende... ovenfor min Qværnedam”.

Den første fabrikken som vel laga dei svovelstikkene i papirtutar, stod etter alt å døme lenger nede mot den gamle kyrkjebrui. På den nye staden lenger oppe skulle han også få “— benytte Drivvand til ett Vandhjnl fra min (dvs. bonden på Foss) Qværnedam til samme Qvantum som forledne Aar”.

Vi ser såleis at fabrikken alt hadde gått nokre år. Årleg grunnleige skulle Sjøberg betale med 1 speciedalar (spd.) og 60 skilling når fabrikken var i drift, elles berre 60 skilling. Men for vatnet, når dette vart nytta, skulle han betale 3 spd. 60 skill. altså mest tre gonger så mykje.

Kvifor svensken hadde slege seg ned i Sogndal, er ikkje heilt visst. Men tilhøva måtte ha vore tillokkande av fleire grunnar: Her var god vasskraft, rikeleg råstoff frå ospeskogane oppetter liene i indre Sogn og rikeleg med arbeidskraft, både av menn, kvinner og born nede i strandsta den Sogndalsfjøra.
Vi veit at på denne tida fanst her etter måten mange lausarbeidarar i Fjøra som sikkert tok til takke med ein plass på fabrikken. Endå viktigare må det ha vore for kvinnene å få seg arbeid her, ettersom dei vala dei kunne finne, utanom tenar- og dagsarbeid på gardane, var svært så innskrenka. Når det gjeld skogen, finn vi dokument som viser at fabrikkeigarane på Foss kjøpte heile skogteigar på rot hjå grunneigarane og skreiv kontrakter som kunne gjelde for 10 år. Dette skjedde til dømes i 1876, då hafslobygdingen Kristen Beimseide ein ospeskog-teig han åtte i Okleviki for eit tidsrom av 10 år. Fabrikken skulle i denne avtaleperioden ha fri disposisjon i skogteigen. Grunneigaren fekk faktisk 1000 spd. for dette — det er like mykje som Sjøberg sjølv fekk for fabrikken då han seide han til den kjende bergensaren Henrik Krohn i 1860.

Henrik Krohn — kjend kulturperson, men mindre industrimann

Han var ein særmerkt person i det vestnorske kulturlivet alt før han kom til Sogndal. Han var ihuga målreisingsmann og skrivande menneske. Litt uvanleg kan det tykkjest at han, som kom frå ei rik kjøpmannsslekt i Bergen, gjekk så aktivt inn i Vestmannalaget i ei tid då norsk målreising var i sin tidlegaste fase.
Vi kan ikkje her gå meir inn på det, men han vedgjekk sjølv at han i forretningsdrift ikkje var heilt på høgde. Etter to års drift (1862) klagar han seg over dette, og seier mellom anna at “— Sjøberg, som var polyteknisk dannet, havde i alle Maader bedre for Forretningen end jeg, og var mer arbeidsdygtig. Jeg har derfor hidtil vært nødt til at holde en Mand mere end han under mig som lønnes med 150 spd”. Det er åtte— ti gonger så mykje som ein mannleg tenestedreng fekk i året.
Ein styrar som heitte Peder Olsen, hadde hatt ansvaret for fabrikken eit par år då Krohn overtok. Men som Krohn seier, hadde han gjort sitt til at “Fabrikken blev saa vanstyrt at hans Drift bragte et Tab af ca 500 spd.

Vidare seier han om stoda at “— ved min Overta gelse af Bestyrelsen vare Stikkene komne i saa stor Miskredit, at Afsætningen vanskeliggjøres. . . “.

Krohn hadde sine problem og han la dette for dagen i eit brev til “Ligningscommissionen” i Sogndal, der han nektar å betale fattigskatt, med 2 spd. i 1861 og 5 spd i 1862. Interessant er det elles å sjå at han hevdar til sitt forsvar at han hadde spart “— Fattigkassen for mange Penge, idet der aarlig er bleven udbetalt til Børn og til almindeligt Arbeide udygtige Folk som ellers maatte have nydt Fattigunderstøttelse, mindst 350 spd. aarlig”. Han argumenterer vidare med at “— Tiggeriet, efter troværdige Folks Udsagn, er aftaget siden Fabrikken kom i drift”.

Han er nok inne på realitetar her. Barnearbeidet ved fabrikken er ein realitet. Ei oppgåve som vart send inn i høve “Den nordiske Industri og Kunstutstilling i København” i 1872, syner at 20 born, alle gutar, var tilsette med ca. 14 skilling i dagløn. (Dette var faktisk det same som kvinnene fekk, medan menn fekk 42 skilling). Mest alle gutane gjekk på akkordarbeid. I tillegg til 9 menn og 7 kvinner på fabrikken i 1872, dreiv 10 andre kvinner arbeid for fabrikken heime hjå seg sjølve med å lage øskjer og tutar. Arbeidstida på fabrikken var på denne tida “10 Timer daglig og om Løverdagen 8 Timer”.
Arbeidsstokken med vaksne og born samantalde, nådde kort tid etter dette nært 60 personar.
I 1872 hadde fabrikken såvidt kome skikkeleg i gang etter brannen, eller den store “Ildsvaade” smil braut laus 8. juni 1870. Både bygningar og maskinar vart lagde i oske denne dagen. Fleire brannar skulle kome, til den siste storbrannen i 1939, då ullvarefabrikken brann ned og gjorde mange arbeidslause i lang tid.

Industrien på Foss vart hardt råka, mange gonger.

Etter at fabrikken vart bygd oppatt i 1870/71, voks drifta kraftig. I brevet som styraren og hovudaksjonæren, sivilingeniør Krogh, sende inn til amtmannen i 1875 (i høve femårsmeldinga), vart produksjonen ved fabrikken sett til ein verdi av 25 30.000 speciedalar (eller 100—120.000 kr) for året.

Produkta gjekk også no til oversjøiske land, og interessant er det å sjå at Krogh hevda at Kina “— antages at blive vort hovedmarked”. Eit aksjeselskap med hovudkontor i Bergen sat no som eigarar. Henrik Krohn hadde kjøpt storgarden Nedre Stedje, så han hadde sikkert meir enn nok å stelle med der.
Han døydde i Sogndal i 1879 og er gravlagd på Stedje kyrkjegard. Ei stor gravstøtte står like ved inngangen.
I 1875 fortel folketeljinga at her fanst 68 fyr stikkarbeidarar som budde i Fjøra, og 22 av desse var under 15 år. Men så i den neste tiårsperioden frå 1875 går alt nedoverbakke att. Pengefolka frå Bergen selde i 1881 fordi dei tente for dårleg på han. Men for bygdefolket betydde han noko heilt anna og avgjerande. Ein flokk av “bygdens beste menn” freista å halde drifta i gang.

På ny så brenn det igjen, 7. mai 1881.

Hovudbygningen vart totalskadd — og som om ikkje det skulle vere hardt nok, så brann også eit lagerhus 19. august same året. Eigarane sleit hardt for å drive vidare, men vedtok i 1883 å selje fabrikken. Ein ingeniør som heitte Jens Undahl, som også hadde ein fyrstikkfabrikk i Bergen, kjøpte.
“Bergingsmennene” i Sogndal trudde vel då at drifta var i trygge og fagkunnige hender. Men så loga brannen atter ein gong laus, 3. okt. 1884. Alt vart totalt øydelagt. Etter dette vart her aldri meir laga fyrstikker i Sogndal.

Wilfred Burton Rowlei Kennedy — den nye industrireisaren

Industrisoga var likevel slett ikkje slutt. Ein nytidbolk i denne industrisoga tek til. Med denne svært så særmerkte mannen i vår lokale samanheng, kjem vi inn i ein ny fase av Foss- industrien si soge. Han var adelsmann frå Skottland (f. 1863), av noko som heiter Stone Cross Ulverstone, og kom hit sist i 1880- åra. Han kjøpte eigedomen Bahus, der Sogndal hotell i dag står, For 1200 kr (12.000 kr har eg fått opplyst ein stad), og slo seg ned der. Han døypte jamvel eigedomen om til Ulverstone. Før han kom hit hadde han vore ei tid i Afrika, truleg fordi han leid av astma. Men så hadde han vorte gift med ei russisk dame som hadde vore sirkusdanserinne eller noko slikt. Dette fall den adelege familien hans tungt å godta, og det er snakk om at han kom hit som nærast utstøytt og forvist.
Det var altså han som starta det første ullspinneriet på Foss, som seinare vart utvida til ullvarefabrikk. Han tok vassinntak frå Ingafossen og bygde røyrgate av tre heim gjennom Lenes til fabrikken. På Bahus heldt han tenarar her frå Sogndal. Per N. Uglum har fortalt mangt etter mor si, Anna Eriksdtr. f. Skjeldestad, f. i 1870. Ho stelte hjå familien Kennedy. Ho fekk eit gamalt kaminur etter Kennedy, som Per Uglum overtok og som enno går.
Astrid Foss Skjeldestad fortalde for nokre år sidan at Marta Vangestad var husbestyrarinne. Andre som tente der, var Gjertrud Granden (seinare Bjelle) Drengene var Johannes Olsen (“Halt Ola Johannes”) og Johannes Skjeldestad. Han hadde hytte både i Årøya og Beitehaugen. På hytta i Årøya hadde han av og til selskap for tenarane sine. Då laga han til alt sjølv, får vi fortalt.

Kennedy-paret fekk ein son her, og då guten var 2 år gamal, bestemte Kennedy seg til å slutte med morfinen. Men han gjorde det visst litt fort. Det er sagt at han døydde under eit sjukdomsanfall med guten i armane 16. august 1894, berre 31 år gamal. Etter dette kom familien hans hit frå Skottland. Dei tilbaud enkja livsopphald mot at dei fekk guten med seg, og det fekk dei.

Husbestyrarinna, Marta Vangestad, reiste med for å stelle med guten. Men ho vantreivst so sterkt i det svære slottet at ho seinare fekk reise heimatt. Kennedy brukte morfin, truleg på grunn av sjukdomen. Men han var vel i røynda narkoman. Dessutan hadde han ein velutstyrt vinkjellar, som til tider visstnok kunne bli misbrukt.
Såleis fór vel Kennedy litt stygt med si eiga helse. Som vaksen offiser, kom sonen tilbake hit straks før første verdskrigen. Han fekk då sjå
gravstøtta til far sin på Stedje kyrkjegard.

Vidare utvikling på Foss ullspinneri, veveri og elektrisitet

Etter Kennedy dreiv eit lutlag fabrikken. Men i 1907 kjøpte så K. Kvale “Sogns Uldspinderi og fargeri” som det då heitte. Han hadde vore kontormann der i 9 år. Han gav 40 000 kr for fabrikken. I 1910 skjedde her ei utviding, ved at veveri også vart sett i drift. i 1911 gjekk dei så i gang med eit eige elektrisitetsverk, med turbin på 200 kW. Dette er eit av dei aller første el-verka i Sogn, eller jamvel på landsbygda i Norge i det heile. Verket kunne også etter kvart levere straum til Fjøra. I 1913 vart kraftforsyninga utvida, slik at heile Fjøra, ja heilt frå Nes til Rutlin fekk straum. Det var visst stor oppstandelse då ein ny stor turbin kom på kaien, og den flotte merra dei kalla “Foss-gampa” skulle dra det tunge lasset opp den bratte bakken. Det klarte ho visst med glans.

Ei særleg rik kjelde til desse lokalhistoriske spadestikka, er den gamle avisa “Sogns Tidend” som kom ut i Sogndal, med Jens Kvåle som redaktør. (Avisa kom først ut i Lærdal, frå 1879). Han var redaktør mest i eit halvt hundreår, til sonen Hermund prøvde seg ei tid under og etter siste krigen. 17. juni 1911 les vi i ei annonse at fabrikken tok mot ull og filler til spinning, og at dei tilbaud stamping, farging og “beredning” av heimevove tøy. Dette galdt alle slags dresstøy, kåpetøy o.a.
I 1913 var her stor byggeaktivitet. Eit nytt kjelehus vart oppsett. Ein murmeister frå Sandnes vart henta, og han bygde ei pipe på 25 meter. I 1917 kom her nye eigarar. Det var kapitalsterke menn frå Bergen, med kjøpmann Kavli, Chr. Mohn, skipsreiar Kleppe og skipsreiar Østervold i spissen.
No heitte fabrikken “A/S Sognefjorden Uldvarefabrik”. Men berre eit år seinare var dette selskapet under avvikling. Seinare var her litt skiftande eigarar, til Arne Johannesen frå Strusshamn overtok som eigar i 1931.

Stor arbeidsplass i 1930-åra

I 1935, då Sogn Tidend har ein historikk i avisa, var her 60—70 arbeidarar, og svært mange kvinner. Dette er vel kjent. Men så i 1939, den 3. mai, brann så fabrikken for 6. gong. Kor sterk innsatsen var for å hindre og sløkkje brannen har vel mange enno ei meining om, men det var ein sorgens dag for folket i Fjøra som hadde arbeidet sitt her.

Med denne triste hendinga avsluttar vi den tidlege industrisoga om Foss. Her hadde i alle høve vore mangslungen og skiftande aktivitet i alle desse åra. Historia er lang, frå fyrstikker, til ullvarer, til saft og så “studentfabrikk”. Dessutan har fabrikkane her opplevd nær sagt “norgesrekord” i brannar. Men i dag er i alle høve elva si avgjerande rolle avslutta.

Kjelder /Litteratur:

Sogns Tidend, div. årg.
Lensmannsinnberetn. Til Statistisk Sentralbyrå over “Industrielle Anlæg og Virksomheter”, div. årg.
Pantebøker, Sorenskrivaren i Indre Sogn.
Brev frå H. Krohn til likningskommisjonen i Sogndal (1862).
Amtmannens femårs meldingar, og grunnlagsmateriale levert frå “Sogndals Tændstikfabrik”.
Rapport frå “Industri og Kunstutstilling” i København 1872
“Bedømmelseudvalgene” si innstilling same år.
Siv. ing. S. Bendiksen, Tekniske data for elektrisitetsverket (udat.)
0. J. Skjeldestad, Uprenta nedteikningar om elektrisitetsverket si historie (1982).
Gjøril Lerheim/Marit Eide, Fossbygget gjennom tidene.
Semesteroppgåve ved Lokalhistoriestudiet, HSF (1996).
Artiklar i “Heimbygdi vår” Årbok 1 (1921) og Sogndal Sparebank (1966).
L. Nordstrand, “Lys og kraft til bygdens behov . . .“. Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893—1993. (1993).