Etablering av slåttemark

På bilete: brørne Nils Joachim og Christoffer Knagenhjelm, saman med museumsbonden vår Kjell Krogstad. Graset dei har raka saman ved Kvammetunet, skal spreiast på eit areal på hovudgarden.

Urterike slåttenger er eit av kulturmarkene som er under sterkt press i dagens landskap både i Noreg og andre land. Slike kulturmarksenger er artsrike, og mange kan innehalde raudlista arter. Årsaka til dette er mellom anna endring i driftsform med oppgjøding og tilplanting, og opphør av bruken med påfølgjande gjengroing. Slåttengene er òg viktige leveområde for ville pollinerande insekt.

I samarbeid med fylkesmannen i Vestland, Høgskulen på Vestlandet og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, blir det no etablert ei ny urterik eng på ein tidlegare granplantasje ved Kaupanger Hovedgård. Dette er ein del av eit prosjekt for å reetablere historisk korrekt kulturlandskap rundt Kaupanger Hovedgård og Kaupanger Stavkyrke.

Kunnskap om å reetablere enger finnes på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og på Høgskulen i Sogndal.

Metoden er enkel men arbeidskrevjande. Gras der som er i blomstring vert slått og raka saman her på museet. Det vert så frakta ned til Hovudgarden og vert spreidd utover arealet som skal bli slåtteng.

Både enga ved Kvammetunet og Vollane høyrer til dei engene i fylket som har høgast biologisk mangfald.

Det er 2 morenger som skal gje frø til dei nye engene. Den eine blei etablert på 1980 talet med gras vesentlig frå Haukåsen på Kaupanger. Den andre er et resultat av spreiing av grasfrø frå den første. Erfaringane for kor mykje gras ein treng, er to daa slått gras spreidd på eit daa nyetablert eng.