Eng

På friluftsmuseet er det enger kring dei fleste tuna.

Slåtteeng

Enga slår ein for å få vinterfôr til dyra. På primstaven er 10. juli, kalla «Knut med ljåen», starten for slåttonna. Gamle urterike enger vart slegne seint på sommaren. Graset var tørka på plass. Med mykje nedbør er det på Vestlandet vanleg å tørka graset i hesjer. Ved godvêr kan ein vurdera å bakketørka graset. Ved å la graset tørka på plass har frø frå plantene moglegheit til å detta av og gro i enga. Når høyet er tørt vert det frakta inn til løa eller lagt i høystakk. Gjødsel var først og fremst brukt på åkeren, men var det noko til overs kunne ein spreia det på enga. Enga kunne beitast litt på våren før dyra vart tekne til støls og likeins på hausten når dei vart komne ned frå fjellet.

Haukåsengi

Haukåsengi

Ei av engene på museet, er spesielt urterik og er med i fylket sin handlingsplan for slåtteenger. Museet har derved inngått ein langsiktig kontrakt med fylkesmannen om å skjøtta enga i samsvar med utarbeidd skjøtselsplan og får då også økonomisk støtte.

I 2010 er første gongen artsmangfaldet er observert. Ein botanikar frå høgskulen i Sogndal talte då 62 artar i enga. Det var mellom anna funne brudespore og hjertegras, artar som ofte vert sedd på som indikatorartar for lang hevd. For å følgja med på endringar i enga er det starta opp eit forskingsprosjekt. Det er lagt ut ni fastruter der ein skal registrera alle planter og følgja med over tid. Dette er eit prosjekt i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal.

Vi ser at engartene spreier seg og i 2019 vart området i handlingsplanen utvida til også å inkludera også Kvammetunet, tunet rett over Haukåsengi.

Riktig skjøtsel er viktig for å ta vara på artmangfalden i enga. Ved å ta vare på plantene gjev ein også livsgrunnlag for insekt. Spesielt bier og sommarfuglar er avhengig av denne type habitat.

Skjeldne enger

Urterik slåtteeng

Slåttenger med mange sortar blomar og gras vert kalla for urterike slåttenger. Dei er no så sjeldne at dei vert rekna som biologiske kulturminne. Urterike slåttenger er skapt av menneska som har hausta graset gjennom mange år. Plantene har tilpassa seg denne driftsmåte, og dei må stellast på same måten for at dei skal overleva.

Flytta eng til museet

Då museet vart etablert her, var delar av området forsumpa og prega av attgroing. Området vart drenert. Gras vart henta frå ei urterik slåtteng på Haukåsen og lagt på. Enga har vorte slegen seint på sommaren, gjødsla lite og beita forsiktig i snart 20 år.
Denne enga har vorte teken vare på gjennom tradisjonelt stell, og ho er no blant dei få urterike engene som finst att i kommunen.