Martin Luther og Reformasjonsjubileet i Sogn

REFORMASJONSJUBILEET I SOGN

Tysdag 31. oktober er det 500 år sidan Martin Luther slo opp 95 teser mot avlatshandel på kyrkjedøra i Wittenberg. Dette vart rekna som starten på den lutherske reformasjonen, og derfor er denne datoen sett som offisiell markering av reformasjonsjubileet – ikkje berre her i Sogn, men over heile verda.

Her i vårt distrikt blir det store jubileet markert denne tysdagskvelden med eit stort fellesarrangement mellom Sogn prosti og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, på museet. Etter eit musikalsk innslag opnar kvelden med føredrag av høgskulelektor Harald J. Krøvel, som vil fortelja om korleis reformasjonen skjedde her i Sogn. Var det stor dramatikk og raske omveltingar, eller skjedde endringane gradvis, utan opprør og protestar? Og ikkje minst: Var reformasjonen ei reint kyrkjeleg omlegging, eller fekk den følgjer også for andre delar av samfunnet?

Etter dette spennande føredraget blir det høve til å kjøpa kaffi og kaker i kafeen. Deretter blir det samling i Kyrkjeutstillinga på museet, der det blir stemningsfull Aftansong med levande lys, song og musikk og andakt ved fungerande prost Jermod Hausberg. Andre medverkande i Aftansongen er sokneprest Kjell Olav Høstaker Nordheim, organist Arild Slinde, Dalatrioen og Judith Vestreim.

Vanleg museumsbillett gjeld, men alle med årskort på museet har gratis inngang.

Alle er velkomne til ei stemningsfull og verdig markering av reformasjonsjubileet i Sogn!