Eivindvik prestegard

Eivindvik prestegard

på bilete: Kyrkja og prestegarden i Eivindvik kring 1870. Huset vart oppført i 1820 åra på Dahl sitt initiativ. Steinbryggja framfor huset er også hans verk. Ho er i god stand enno og i bruk. («Faksimile i Illustreret Nyhedsblad».)

Prestegarden i Eivindvik i prost Niels Griis Alstrup Dahl si tid, frå 1807 - 1852, av Aud Randal

Utdrag frå "Årbok for Sogn" 2005:

Det skjedde store ting på prestegarden i Eivindvik i Dahl si tid som sokneprest. Han sette straks i gang med eit omfattande nybrots­ og oppdyrkingsarbeid som på få år forvandla den usle prestegarden til eit mønsterbruk som det gjekk fråsegn om i vide krinsar. Avlinga vart mangedobla i hans tid. Dahl (1778–1852) var fødd på garden Nedre Fet i Kvinnherad. Faren var yrkesmilitær og Dahl vaks opp i Kapteinsgarden i Uskedalen. Han tok teologisk embetseksamen i København i 1800 og kom til Eivindvik prestegjeld i 1804. Dei første åra var han kapellan, men i 1807 overtok han sokneprest embetet.

På 1700 talet og eit stykke inn i 1800 var det mange embetsmenn som hadde svært høge tankar om jordbruket. Dei var patriotar, dvs. at dei såg på jordbruket som den mest naturlege næringa, og dertil den viktigaste og sikraste næringa. Jordbruk var det edlaste ein kunne drive med, og mange dreiv mønsterbruk på embetsgarden sin. Ikkje slik å forstå at embetsmennene ville ha mold på hendene sjølve. Nei, deira oppgåve var å administrere og finansiere så fekk andre gjere det praktiske arbeidet. Jordbruket måtte etter deira syn prioriterast framfor alle andre næringar som til dømes fiske og skogbruk, som vel også må seiast å vere naturlege næringar.

Dahl var også patriot, og då han dreiv prestegarden fram til mønsterbruket, og seinare la til rette for betre jordbruksdyrking i prestegjeldet, mellom anna gjennom eit omfattande jordskiftearbeid som han losa i hamn, var det nettopp den patriotiske over tydinga hans som var drivkrafta.
Det var ikkje lett å drive jordbruk i Eivindvik prestegjeld. Jorda var mager, klimaet fuktig og temperaturen låg. Kornet hadde vanskar med å bli moge. Det var berre havre og blandkorn ein kunne satse på ved sida av poteter. Hovudutsæden i prestegjeldet var havre. Den kjende statistikaren Jens Kraft skriv i 1830 i verket sitt Det Vestenfjelske Norge at Eivindvik prestegjeld er den staden i Sogn som eigna seg minst for åkerbruk. Vidare skriv han «Naar man i andre Egne regner Afdrotten i Smør af een Koe til 2 eller 3 Bpd. Om Sommeren, faaer man i Eivindvigs Hovedsogn neppe 1 Bpd». Dei dårlege jordbrukstilhøva synte seg også i folltala. Av poteter fekk ein i Eivindvik hovudsokn 8–10 foll medan gjennomsnittleg avling elles i Sogn var 10–12 foll. Av blandkorn avla ein i Eivindvik hovudsokn 4–6 foll medan gjennomsnittet for sognebygdene var 6–8 foll av dette kornslaget. (Kraft 1830).

Frå ussel prestegard til mønsterbruk

Prestegarden låg nettopp i hovudsoknet der det stod så dårleg til for jordbruket. Han hadde ein storleik på 1 2/3 laup og var stor i høve til dei små bondebruka i prestegjeldet som i gjennomsnitt var 1/2 laup. Men garden var i dårleg stand då Dahl overtok. Drifta låg nede og bygningane var til nedfalls. Den førre soknepresten Dresing, hadde ikkje vore nokon jordbruksmann. Garden var på ingen måte i den stand han skulle vere frå mann til mann som det heiter, og ille måtte det vere, for i ein ekstrarett i Eivindvik i 1809 vart Dahl tilkjend erstatning frå presteenkja og allmugen på til saman 437 Spd. Det var om lag ei halv årsinntekt for han på den tid. Den unge Dahl hadde såleis alle odds mot seg då han tok fatt i 1807. Men han var ung og sterk, berre 29 år, og strutta av pågangsmot og interesse.
Men det var ikkje berre rein jordbruksinteresse som dreiv Dahl. Han hadde også eit pedagogisk siktemål med arbeidet. Dette kjem mellom anna fram i eit brev han skreiv til Det Nyttige Selskap i 1830. Dahl dreiv både nybrotsarbeid og oppdyrkingsarbeid på prestegarden og utvida dyrkingsarealet mykje. Mellom anna vart dei berre knausane som stakk opp over alt, dekka til med jord som var henta frå utmarka. Garden vart såleis etter kvart ei samanhengande stor eng. Han sette i gang eit omfattande grøftingsarbeid og la stor vekt på betre gjødselstell. Heldigvis har vi nokre samtidsvitne som kan gje oss eit og anna glimt frå det eine ståande dyrkingsarbeidet. I august 1818 vart det halde syns­ og takstforretning på prestegarden.

Rapporten dei la fram opnar slik:
«Siden Presten Dahl kom til at boe her i Eivindvig, ere saavel Bøen som Agrene betydelig forbedret da mange nye stykker ere opbrudte og kostbare Holveite tilveijebragte, for at du trekke Vandet frå de sumpige Steder».
«Holveitene» det er snakk om var steinsette grøfter, 2–2 1/2 alen breie og 2–3 alen djupe. Minst ein av skjønsmennene hadde vore med på arbeidet, og kunne gå god for dei veldige dimensjonane.

Eit anna samtidsvitne er biskop Neumann. Han var biskop i Bergens Stift frå 1822 til 1848 og vitja Eivindvik i 1823. Han fortel levande om korleis Dahl mønster gyldig har dyrka opp ei våt myr på prestegarden. Han skreiv i Budstikken i 1824:
«Prestegaardens hele, ikkje store Mark bestaar af en eneste Myr, til hvilken Vandet strømmer ned paa alle Sider frå de omkringliggende Høider og Fjelde. Denne Mark var, om ikkje megen Anstrengelse kom til, aldeles tabt for Agerbruget. Men Dahl har trodset Naturen. Han har i alle Retninger, hvor det kunne tene til Øiemedet, bygget steensatte – eg tør neppe kalde det Grøfter, men Canaler, indtil paa 2 ½ Alens Høide og Bredde, der obtager det overflødige Vand, og føre det du i Søen. Hans Myr ere saaledes vandfri, og bærer den rigeste Afgrøde, indtil 15 Fold Havre og 20 Fold Potatos». Denne myra er i dag gravplass i Eivindvik.

Dette var svært høge folltal samanlikna med t.d. gjennomsnittet for sognebygdene i 1830. Der var avlinga 10–12 foll poteter og 6–8 foll blandkorn. Ein må til dei gjevaste mønsterbruk på Austlandet for å finne slike folltal. (Kraft 1830.)
Men biskopen la også merke til korleis Dahl utnytta «gjødselvandet». Han skriv vidare: «langs Gjerderne ere i en vis afstand frå hinanden smaa Fæhuse anlagte, i hvilke Qveget vekselvis flyttes, paa det at de underliggende Jorder kunne nyde godt af Gjødnings:Safterne». Dahl såg seg lei på korleis bøndene i omeigna vanskjøtta gjødselen. Møkkhaugane låg ute under open himmel heile vinteren, og var heilt kraftlause når våren kom. Han ville lære dei betre gjødselstell. På prestegarden vart det bygd mura gjødselkjellarar under alle større fjøsbygningar og under hovudfjøsen som stod på pålar, vart det laga kompost etter beste oppskrift.

Steingarden

Samstundes med alt dyrkingsarbeidet vart det sett opp ein svær steingard kring prestegarden som skjerma mot utmarka. I 1818 målte takstmennene han til 229 famnar, i 1824 målte han 520 famnar, og til slutt om lag 800 famnar eller 1.5 km. Muren er 2 1/2 alen brei og nesten 3 alen høg. Steingarden er i dag eit av dei få synlege merke som minner om Dahl sitt storverk på prestegarden i Eivindvik. Når Dahl skulle forsvare kvifor han sette opp denne svære steingarden, viste han til to viktige føremoner. For det første sparde han på skogen som alt var overbeskatta og som sårt trongst til brensel, og for det andre slapp han bryet og kostnadane med vedlikehald for framtida.

Avling og dyrehald

Det veldige dyrkingsarbeidet gav seg sjølvsagt utslag både i avling og dyrehald. Vi har nokre oppgåver som syner utviklinga. Tala for 1807 og tala for 1817 er henta frå syns­ og takstforretninga på prestegarden i 1818. Tala for 1827 og 1843 er henta frå Dahl si oppgåve til biskopen over avling/utsæd og dyrehald på embetsgarden. Tala for 1846 er henta frå «Indberetning» til amtmannen. Denne oppgåva omfattar også Næsset. Det går fram av «Indberetningen».

Næsset treng ei forklaring. Det var eit stykke av prestegarden som Dahl braut opp og dyrka frå grunnen av. I 1817 avla han 12 tø havre der og fødde ein bra stor buskap. Dette stykket fekk Dahl bygsel­ og bruksrett til i 1818. Difor er det ikkje teke med i oppgåvene til biskopen i 1827 og 1843, men i oppgåva til amtmannen i 1846 er heile prestegarden med.

År 1807, avling: 25–30 tø. havre, potetes?, 30 kyr, 30 sauer, 20 geit og 2 hestar. (Før Dahl.)
År 1817, avling: 70 tø havre, 50 tø poteter, 23 kyr, 50 sauer, 40 geit og 4 hestar
På Nesset, «:12 tø havre, poteter?, 9 kyr, 10 sauer, 2 bukkar og 1 hest.
År 1827, avling: 80 tø havre, 70–80 tø poteter, 40 kyr, 80–90 småfe og 2 hestar.
År 1843, utsæd: 14–16 tø havre, 12 tø poteter, 40 kyr, 150 småfe og 3 hestar.
År 1846, utsæd: 20 3/4 tø havre, 15 1/2 tø poteter, 39 kyr, 168 sauer, 68 geit og 4 hestar.

Vi ser at avlinga i havre auka til om lag det 3­doble på dei ti åra mellom 1807 og 1817. Dette var ein stor auke på så kort tid. I tillegg kom potetene. Før 1807 var det svært lite potetdyrking i prestegjeldet. Det var først då naudsåra sette inn i 1807 at det vart sving på potetdyrkinga. I naudsåra som ein reknar frå 1807 til 1814, svalt folk her i landet. Ein del svalt i hel, særleg på austlandet. I desse kriseåra kom det pålegg frå departementet om å auke potetdyrkinga. Dette vart gjort, og ein kan trygt seie at potetdyrkinga slo igjennom og fekk sin viktige plass i hushaldninga her i landet i desse åra. Dahl gjorde ein stor innsats for å skaffe settepoteter i sitt prestegjeld.

I 1827 legg vi merke til at potetavlinga er komen opp på same nivå som havren, og heldt seg seinare slik. Frå dette året ligg det føre ei oppgåve over avling og dyrehald på alle prestegardane i Sogn. Her er det interessant å sjå skilnaden/spriket i avling og dyrehald mellom mønsterbruket i Eivindvik og dei vanleg drivne prestegardane i Ytre Sogn.

Lavik prestegard, 28–30 tø. havre, 20–30 tø. poteter, 16 kyr, 30 sauer og 1 hest.
Leikanger «, 25 tø. bygg, 8 tø. rug, 20 tø. poteter, 14 kyr, 24 sauer og 1 hest.
Vik «, 30 tø. bygg, 150 tø. poteter, 18 kyr, 20 sauer og 2 hestar. Vik hadde og har svært gode vilkår for potetdyrking.

Avlinga på prestegarden i Eivindvik var dette året 80 tø. havre, 70–80 tø poteter, 40 ky4, 80–90 småfe og 2 hestar og enno var ikkje heile prestegarden med fordi Dahl hadde fått bygsla eit stykke (Næsset) til seg personleg. Som vi ser er skilnaden stor både i avling og dyrehald i høve til dei andre prestegardane i Ytre Sogn, men så var prestegarden i Eivindvik også mønsterbruk.

Så er vi framme ved året 1846. Både avling og dyrehald på mønsterbruket i Eivindvik har nådd sitt høgste nivå. Det ugreie er at vi får oppgjeve utsæden og har ikkje sikre folltal. Men ser vi attende til myra på prestegarden som biskop Neumann skriv om i 1824, ser vi at ho kasta av seg heile 15 foll havre og 20 foll poteter alt då. Sjølv om dette var store tal er dei kanskje likevel for små i 1846, for Dahl eksperimenterte med gjødsling og jordblanding heile tida. Men nyttar vi likevel desse folltala kjem vi til ei avling på om lag 300 tø havre og om lag 300 tø poteter i 1846. Berre med eit blikk ser vi at avlinga i havre har auka til det 10 doble sidan 1807 då Dahl overtok prestegarden. I tillegg kom potetene og ein auke i dyrehald frå 82 til 279 dyr. Etter det biskop Neumann skriv i Budstikken, var Mønserbruket i Eivindvik eineståande i sitt slag på heile Vestlandet og sjølv på Austlandet måtte «det vekke til Agtelse».

Heile artikkelen kan du lesa i "Årbok frå Sogn" 2005...

Emneord: