Ei tru med alt

Ei tru med alt

Utstilling av gjenstandar knytte til folkemedisin og overnaturlege fenomen.

Det er meir mellom himmel og jord

Utstilling av gjenstandar knytte til folkemedisin og overnaturlege fenomen.

Dess betre ein lærer De Heibergske Samlinger å kjenna, dess meir imponert blir ein både over kor store og mangfaldige samlingane er. Velkjent er det at museet har hus og båtar, innbu og reiskapar, tekstilar og klede, leiker og skulesaker. Samlinga av klenodium frå kyrkjene i Sogn er også storslegen, og desse gjenstandane er alle viktige uttrykk for tru og tenkjemåte hjå dei gamle sogningane. Slik sett kunne kyrkjesamlinga gjerne ha vore omtala i denne samanhengen. Det blir for omfattande, så ho skal heller få si omtale ved eit anna høve.

Dei fleste av gjenstandane knytt til folketru og folkemedisin er verken store eller prangande. Tvert imot er mange av del heller små og kvardagslege, og ofte kan ein ikkje i det heile sjå at det er noko spesielt med dei. For å forstå kva slags gjenstandar dette er, må ein med andre ord helst kjenna soga til kvar gjenstand eller ha ein inngåande kunnskap om emnet.

Lege og medisinalhistorikar lngjald Reichborn-Kjennerud skreiv i festskriftet til Heiberg på 70-årsdagen at:
"C. F. Heiberg er en museumsmann av de sjeldne. Han har den rette sporsans med syn for det som mange ikke ser, og et seigt tålmod som kan vente og holde ut til at tingene med tid og stunder faller som en moden frukt i hans hender."
Den utsegna er vi mange som kan skriva under på. Ikkje minst interessa og blikket hans for gjenstandar knytt til vage og nesten «usynlege» tema som folketru og folkemedisin, gjer at Heiberg fortener denne karakteristikken.

Viktig var det også at etterfølgjaren til Heiberg, Svein Vold, følgde opp dette feltet med ei levande interesse og stor kunnskap. Vold la sjølv også vekt på det banebrytande arbeidet til Heiberg, som gjorde at museet har ei så stor samling av «ymse slags gjenstandar som hev vorte brukt i svartekunsten,» og han la til:
"Han var ikkje berre samlar, men ogso ein ihuga granskar, og takka vere honom hev ein no tyding på ei lang rekkja folkemedisinske saker som før var ukjende."

Truleg er det få norske museum som har ei større samling av gjenstandar knytt til folketru og folkemedisin enn den vi finn i De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum. Dei har ikkje vore fast utstilte etter at museet vart flytta frå Amla til Vestreim, men no har dei fått sin faste plass i utstillingane, under overskrifta "Ei tru med alt".

Her er ein liten smakebit:http://dhs.smbjorklund.no/fotoalbum/ei-tru-med-alt

Ta turen innom museet og sjå heile den fasinerande utstillinga.