Ei industriverksemd i Ytre Sogn

Av Finn Førsund

Når det er tale om industri i Sogn, tenkjer vi helst på fabrikkane i industristadene Vadheim, Høyanger og Årdal, og på konservesindustrien til Lerum. Men omtrent like lenge har det førregått industriproduksjon i Leirvik, grunnlaget for det einaste skipsverftet ved Sognefjorden i vår tid, plassert ved munninga til Bøfjorden. Som vi skal sjå, dreiv dei her med ein mangearta industriproduksjon i mellomkrigstida.

Grunnleggjaren

Jonas Løland (1877 -1960) vaks opp på småbruket Øyna på Løland i Hyllestad, om lag 6 km opp frå Leirvik. Faren var ein kjend låsesmed, så det var gjerne ikkje så unaturleg at Jonas skaffa seg to år i smedlære i Bergen. Dette var den einaste
utdanninga hans, ved sidan av folkeskulen.

I 1902 vart han gift med Gjøa N. Værholm, og året før hadde han fått skøyte på bruket etter foreldra.

Jonas og Gjøa Løland

Jonas og Gjøa, trulovingsbilete frå 1902.(Foto utlånt av Gunnbjørg Ørnehaug)

I 1902 starta han med smie på heimegarden. Han var ei tid smed på veganlegg, og frå.1907 til 1911 på Rjukan-anlegget. Der lærte han å lage vassturbinar og småkraftverk. Seinare var han på anleggsarbeid som smed i Årdal og på veganlegg, m.a. i Hafslo.

Men så valde han å slå seg fram med smedarbeide kombinert med småbruket heime på Løland i Hyllestad. I smia si tok han til å lage turbinar til småkraftverk, og produserte elles barberknivar, kyrebjøller, stolvogner til persontransport, beslag til vognhjul og ror- og mastebeslag til jekter. Vognhjula vart laga av Gjert Raa i Lavik. Kol og stål til smiearbeidet fekk han frå Bergen. Jonas Løland vart kjend for å levere frå seg skapleg arbeid.

Saghus, verkstad og slipp

Saman med ein sambygding fekk han i 1914 hand om eit saghus i Bøelva, tett ved sjøen, ved Leirvik. Her vart det sett opp verkstad og smie, utstyrt med dreiebenk med verktøy. Her dreiv Jonas etter kvart vidare åleine med smedarbeide og motorreparasjonar.

Sagbruk ved Løland verft

Sagbruk med verkstad i Bøelva, fotografert ein gong mellom 1918-1928. Vi ser kvernhuset under vassloket til saga. Ovanfor ser vi våningshus og uthus på Vassbakken. (Foto utlånt av Audun Ås.)

I 1918 fekk han, saman med to medhjelparar, sett opp ein patentslipp ikkje langt frå verkstaden. Slippen kunne ta fartøy opp til 60 fot. 1918 vart starten på ein ny fase i Jonas Lølands verksemd, og er rekna som startåret for Løland Motorverkstad. Hans motiv for å starte eiga verksemd var å sysselsette sine seks søner. Det klarte han, men opplevde og at to søner omkom i arbeidsulykker på verkstaden i 1927 og 1939.

Den første slippen

I tiåret før 1918 skaut motorisering av fartøy fart. Motorane denne første tida trong tidt reparasjon og utskifting av slitne delar. Dei første generasjonar av båtmotorar vart utsette for stor ekstra slitasje, fordi motorane ikkje hadde slik forbrenning av oljen som seinare. På denne tida var det ikkje standarddelar til motorane. På dreiebenken kunne Jonas og sønene dreie motordelar som måtte skiftast.

Slippen bestod av to trikkeskinar og ei vogn med hjul på. Fartøya vart dregne opp på denne vogna, ved hjelp av ein 4-takts bensindriven motor. På denne slippen kunne dei dra opp båtar på 60 fot. Skifte og reparasjon av motor og propellar gav ein del arbeid. Då båten først var på slipp, kunne og anna vedlikehalds- og reparasjonsarbeide vere aktuelt. Slippen var i bruk til han vart rekvirert av okkupasjonsmakta den 1. februar 1944.

I 1918 var det lite næringsdrift i Hyllestad utanom jordbruk og fiske. Utanom Lølands verksemd var det Smildens kalkbrenneri, Gjertsens sagbruk på Salbu og Storaker sagbruk, alle i Øn sokn. I nabokommunen Gulen sørom Sognefjorden var det eit par tønnefabrikkar, og eit salteri, m.a. ”Dingen tønde- og trævarefabrik”. I Solund fanst det ingen industriliknande anlegg. Nærast liknande verksemd låg i Stongfjorden i Askvoll, ”Stognfjordens slipp- og båtbyggeri”. Innetter Sognefjorden fanst det ikkje nokon slipp før ”Sogns skipsbyggeri og slipp” i Leikanger. Bak slike slippar stod det ofte smedar. Det er fortalt at Jonas Løland monterte motorar i båtar før han fekk opp slippen i 1918, og han er då ein av dei første i Sogn som monterte båtmotorar.

Då Jonas Løland etablerte seg i 1918 var altså heile Ytre Sogn eit næringsfattig distrikt, og har for så vidt vore det sidan. I tillegg til dei nemnde verksemdene finn vi berre fabrikkane i Vadheim og Høyanger som verksemder utanom primærnæringane i Ytre Sogn kring 1920. Ulikt distrikta i nord og sør har det av ymse årsaker vore eit påtakeleg næringsfattig område der den store fjorden møter kysten. Fjaler, nordafor Hyllestad, var derimot ein av fylkets fremste industrikommunar kring 1920, med ni industrianlegg og m.a. ein mekanisk verkstad. Der var det då også senterdanning på gang i Dale, medan det i Ytre Sogn då som seinare berre var spreidd busetnad.

Frå handfull til hundretals motorbåtar

I 1907 var det registrert 7 motorbåtar i Solund og 3 i Gulen. Vel 10 år seinare var talet stige til 120 i Solund, 53 i Gulen og 14 i Hyllestad. Over halvparten av motorbåtane var under 30 fot, dei fleste fiskefartøy. Innetter Sognefjorden til Leikanger var det kring 1920 eit trettitals motorbåtar. Motorverkstaden til Jonas Løland låg lageleg til også for desse båtane, som ikkje sjeldan hadde seg ein tur til kysten/Bergen. I tillegg til den lokale flåten var det tilreisande fiskarar til distriktet, som til det på den tid årvisse brislingfisket i Sognefjorden. I toppåret 1924 deltok 2.645 mann i dette fisket. Dette fisket hadde og eit stort omfang i 1940- og 50-åra og gav rikeleg med reparasjons- og vedlikehaldsoppdrag til verksemda.

Hugnad skøyta

M/K Hugnad var ein av dei mange sulebåtane vi finn som var innom Løland verkstad. Hugnad var 44 fot og bygd i Fjærland i 1939 til Wilhelm T. Færøy og sonen Bjarne. Båten vart brukt på fleire fiskeri, m.a. brislingfiske i Sognefjorden. (Foto/dok: Hanna Færøy).

Men dei årvisse vintersildefiskeria hadde endå større innsats av båtar og mannskap, og sjølv om dette fiskeriet føregjekk nord ved kysten av Sunnfjord, fann mange fiskarar det tenleg å nytte Jonas sin slipp og verkstad. I januar var det vanleg med ”kø” av fiskebåtar ved verkstaden. For åra 1926 til 1930 finn vi oppgåver over tal båtar som vart slippsette, og det kunne dreie seg om 60-70 båtar årleg. Det kosta 25 kroner å slippsetje ei 60 fot stor skøyte. Dei fleste båtane kom frå Ytre Sogn, nokre frå Indre Sogn. T.d. var Årdal Snurpelag innom med ein båt i mars 1927, elles var båtar frå Sunnfjord og utanfor fylket kundar. Denne type reparasjonsarbeid var på slutten av 1920-åra hovudaktiviteten på Løland Motorverkstad.

Eige El-verk og ny verkstad

I 1928 tok verksemda eit godt steg framover, då dei tok i bruk elkraft frå eigen kraftstasjon i Bøelva, rett ved saghuset dei til då hadde drive i. På leigd grunn ved sjøen, lengre ute på Bø vart det på same tid sett opp eit verkstadbygg. Dei neste femti åra vart dette staden for motorverkstad, saghus, nytt verkstadbygg, bustadhus, og etter krigen 1940-45 slipp og bedding til skipsbygging.

Nokre få hushald fekk og straum frå det nye el-verket, og hadde straum knappe tjue år før den allmenne elektrifiseringa av distriktet.

Sveisingas første tid

Elektrisk sveising var ein ny teknikk som vart teken i bruk i verkstadindustrien først på trettitalet. Ein del av det første sveiseutstyre på Løland Motorverkstad var heimelaga. Dei eksperimenterte og vart etter kvart sjølvlærde i den nye teknikken. I 1936 skaffa dei seg ein sveisetransformator då dei skulle lage den første Loftesnesferja. Den elektriske sveisinga kom først og fremst til nytte ved sveising av større einingar, og av grove dimensjonar, delar av jarn som var for stort å varme opp i smieessa.

Slippsetjing, skips- og motorreparasjonar

Utover i 1930-åra kom det opp ein del nye slippar i distriktet, m.a. på Skjerjehamn i Gulen, og på Lågøy i Solund. På Løland Motorverkstad var prisane på slippsetjinga den same ut gjennom trettiåra. På denne tida låg slippen ikkje langt frå utlaupet til Bøelva, nokre hundre meter over bukta inst i Bøfjorden, slik at dei måtte ro mellom slippen og verkstaden med det som skulle reparerast på verkstaden. Ny slipp på verkstaden vart sett opp i 1946.

Skifting av propellveng på båtar var noko som ofte vart utført på verkstaden. Skøytene hadde til vanleg to propellvenger, kvar ny veng vart laga etter modell av den som sat att. Fram mot 1950 vart det mindre reparasjonsarbeid på båtar. Skipsmotorane vart etter kvart betre. 1953 representerte eit vendepunkt. Fram til då hadde skipsreparasjonar vore tyngda av omsetninga, men frå no av vart det skipsbygging.

På verkstaden vart det elles laga kne og reidarar av jern, til forsterking av trebåtar. Det vart reparert gardsreiskapar, og produsert trillebårer, traller og stubbebrytarar, særleg til Vegvesenet. I 1950-åra tok desse produksjonane slutt.

Kraftverksproduksjonen

Jonas Løland starta fabrikkering av turbinar i 1920-åra, og monterte mindre kraftstasjonar, dei aller fleste leverte i Sogn og Fjordane fram til 1953. Utetter i mellomkrigstida vart det sett opp ei rad private småkraftverk i Sogn og Fjordane. Små grendekraftverk skaffa lys til heimane. Frå 1912 til 1935 auka talet på slike anlegg frå 10 til 143, og i 1950 til 252.

Kraftstasjonen i Bøelva, Løland

Kraftstasjonen i Bøelva fotografert i 1938. Vi ser to turbinrøyr, det eldste nedst. Saghusmurane ovanfor, der vi kan skimte kvernhuset i elvekanten. (Foto: Bjarne Råsberg, SFF 88192-0035).

Lølandskarane skaffa seg førstehandserfaring med å setje opp eigen kraftstasjon i 1928. Sønene til Jonas tok no over dette arbeidet. I førstninga var det den nest eldste av sønene, Nils Løland, som stod for dette arbeidet, med sjølvlærd kunnskap om elektrisitet, og med offentleg autorisasjon.
Nokre av kraftverka dei bygde eller hadde leveransar til har vi kunna spore opp. Det gjeld leveringa av ein turbin til Hermund Tenningen, Balestrand i 1928, eit kraftverk til Olav Mjølsvik, Instevik i Høyanger i 1939, og same året ein turbin til Feigum Elverk, Luster. Til J. Rumohr på Frønningen var det tre leveransar, i 1941, 1946 og 1951 (Frønningen Skog- og Sagbruk). I 1942 gjekk det ein turbin til Nils Yndesdal m.fl. i Hafslo, og endeleg til Måren Kraftlag i 1953. flest kraftverk vart det levert til Hyllestad og Gaular, og elles til Sunnfjord, Nordfjord og einskilde til Hordaland.

”Ljosfest"!

Det var eit storhende då folk fekk straum og lys i heimane sine i mellomkrigstida. Då kraftstasjonen til Olav Mjølsvik var ferdig seinhaustes 1939, inviterte han til ”ljosfest”. Og frå Leirvik drog lølandskarane innover til Instevik med motorbåt. Det var mykje folk til stades. Til festen var det bryggja heimebrygg.

Monteringa av Måren Kraftverk var det einaste lølandskarane bygde som fekk statstilskot. Årsaka var dei store avstandane til alternativ kraftkjelde i Høyanger. Enno først på 1990-talet var to av kraftstasjonane lølandskarane monterte i drift, eitt i Norddalsfjorden og eitt i Breim.

Montering av slike bygdekraftverk representerte relativt store kontantutlegg for utbyggjarane i mellomkrigstida. Av den grunn kunne det gå lang tid mellom den første planlegging og realisering. Då Jonas ein gong var på eit planleggingsmøte for eit kraftverk i Nordfjord, kom det naturlegvis på tale kor store kostnader som ville falle på kvar av oppsitjarane. Etter at Jonas hadde greidd ut om dette, var det ein bonde som spurde sidemannen. ”Kor mange sylvrevskinn må det til?” Reveal gav mange stader dei beste kontantinntektene for bøndene i mellomkrigstida.

Annan verkstadproduksjon

I mellomkrigstida produserte Løland Motorverkstad ei rekkje reiskapar, der vegvesenet var største kunde. Det var stubbrytarar, trillebårer av tre eller jarn, det var i 1936 desse leveransane starta opp. Tidlegare hadde verksemda hatt tilfeldige leveransar av trillebårer til vegvaktarar rundt om i distriktet. Fleire veganlegg kom i gong på slutten av trettitalet, og då auka naturleg nok trongen for utstyr til vegbygginga. Dette var og eit ledd i sysselsetjingstiltak for arbeidslause.

Fram til kring 1950 var vegvesenet ein av Løland Motorverkstad sine største kundar. År om anna kunne leveransane dit utgjere mellom fem og ti prosent av omsetninga. Dei tidlegaste trillebårene var berre av tre. Etter kvart fekk dei jernhjul, ramme av jern med trekarmar, og endeleg vart heile trillebåra laga av jern. Elles vart det laga traller (vagger) og dynamittkassar med lås. I tillegg kom ein del reparasjon av anna utstyr for vegvesenet, vegskraper, snøplogar, skjer og av karosseri og karmar på lastebilar. For verksemda fungerte ein del av denne produksjonen som utfyllingsarbeid når det ikkje var så travelt med båtreparasjonar.

Loftesnesferjene

Før Loftesnesbrua i Sogndal vart bygd i 1958, vart trafikken over sundet teken hand om av ei lita pendelferje. Ferja vart tinga av vegsjef i Sogn og Fjordane, Alf Torp. Den første ferja vart levert frå Løland Motorverkstad i 1938. Etter at denne sokk under slep til reparasjon i Leirvik, vart ei ny av same slaget levert i 1944.
Som vi har sett, hadde vegvesenet teke imot diverse anleggsreiskapar frå verkstaden, og var ikkje ukjende med dei. Torp hadde oppsøkt Jonas Løland, og forklart at han trong ei «ferje» over Loftesnessundet. Torp hadde som mål å få mest mogeleg av vegvesenets utstyr fabrikkert i fylket. Overfor Jonas hevda han at etter det omdømet verkstaden hadde, tvilte han ikkje på at dei kunne byggje den farkosten han trong. Ferja vart bygd og levert våren 1938. Ho skal ha vore ei av dei aller første heilsveisa stålbåtane i landet. Som båt minna ferja lite om BJØRGVIN, den første ordinære ferja som vart levert frå verkstaden i 1962. Loftesnesferja var 15 m lang og hadde plass til fire personbilar. Ho vart dregen av ein vaier over sundet. Vaiertrekket hadde ein motordriven vinsj, med ein Sleipner dieselmotor på 7,6 HK.

Produksjonen av den siste av dei to ferjene gjekk i rykk og napp frå februar 1942 til levering den 23. juni 1944. Tidsbruken skuldast hovudsakeleg den vanskelege materialstoda under krigen, der m.a. jernplater var vanskeleg å få fatt i. Ferja kosta i alt kr 22004,03.

Pendelferja vart erstatta av Loftesnesbrua i 1958. Dette var den første bompengefinansierte brua (og vegprosjekt i det heile) i fylket. Det var Sogndal kommune som stod føre bygginga, og brua var nedbetalt på seks år

Pendelferja ved Loftesnes

Pendelferja ved Loftesnes

Vi har ikkje her foto av den siste Loftesnesferja som vi har omtalt bygginga av i teksten. Dette er den første, fotografert etter sjøsetjinga sommaren 1938. Då ho forliste under sleping til reparasjon på verkstaden, måtte det byggjast ei ny. På dekket står arbeidarane og ein del tilreisande. Dette var ein heit sommardag, og ved rekkja ser vi ei balje. Denne var fylt med heimebrygg i høve storhendinga. (Foto: Bjarne Råsberg. SFF 88 192 0007),

Kjelder/litteratur:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF 93013 Kverner Kleven Leirvik.
Finn Borgen Førsund: Skipsverftet ved Sognefjorden, 1993.
(1918-1969: Løland Motorverkstad. 1969-1980: Løland Verft. 1980-1990: Kleven Løland Leirvik. 1990-2000: Kværner Kleven Leirvik. Frå 2000 Havyard Leirvik).