Vegen til gamlemuseet i Amble

Ei ferd til museet i Amble

Av Jens Kvåle
Frå Årbok for Sogn 2009
Opprinneleg trykt i Sogns Tidende nr. 86 og 87, 12. og 15. november 1907

Onsdag i hi veka bar det i veg paa ferd til museet i Amble med skulefolket paa Helgheim. Sidan skulestyraren for ein maanads tid sidan hadde meldt um dagen, var det ein slags feber i blodet fyrr ungdomen endeleg kom i veg. Klokka 8 um morgonen var alle komne i motorbaaten under Steinbryggja. Og daa hadde dei baade svelgt bisken og vaska seg i andlitet, so dei blide, vakre andliti heldt godt maal med den reine haustlufti og morgonroden som spegla seg i den stavstille fjorden. Berre ein gut – fraa Fresvik – drygde fyrr han kom. Han hadde sett seg i hovude, at han vilde hava havrekakor til nista, og hadde so fare yver alle bakarane i byen og spurt etter denne nasjonale kosten, som hev vorte skjeldsynt i det siste.

«Eg ser dette landet, eit underlegt land» song Henrik Krohn. daa han i si tid rodde paa sin vesle baat ute på denne bugti, og i dag var det dei same kjenslor som la eld og liv i ungdomen sin song, daa motorbaaten seig yver til Kjørneslandet.
Fraa Kjørnes til Amble var det ein høveleg fottur gjennom den fraudige fureskogen under Valeberg, Vestreim og Kaupanger. Og ikkje var det mange av ungdomane som kvidde seg med bakkarne yver Drogi og yver Skogen. Og ikkje var spursmaalet um ny veg uppe millom denne ungdomsflokken den morgonen. At dei tri lærarane kom etter i kappmarsen, er ikkje noko aa nemna. Klokka 11 var me alt framme. Godseigar G. F. Heiberg, som ogso er eigar og styrar av museet Det Heibergske familiemuseum eller Folkemuseet for Sogn, var paa plass og tok i mot lyden, og det paa ein utifrå gild og venleg maate.

Sjølve bygningen er stor og fager, hev vakre utskjeringar ute og inne, ute serleg yver inngangsdøri, og ber her det minnerike aarstal 1905, daa bygningen var reist. Museet ligg med langsida mot fjorden og middagssoli, og lyser som eit kongesæte med ei natur ikring so fager, at du visst skal leita etter maken kor du ferdast i heile vaart fagre land. Herifraa hev du eit kringsjå (panorama) som maa frygda alle som hev augo til aa sjaa med. Fyrst sjølve Heibergsgodset til høgre og vinstre og nede under føtene dine, so i aust den logne herregard Nedre-Amble, og vest i ringen sjølve godset Kaupanger. Alt er utbytt millom skog og engjer, aakrar og frukthagar, og innimellom store vidder nyrudt land, der jordi også ser svart og rik ut. Og medan grunntonen so ofte kring bygderne i Sogn er gråstein og berg, so er det her skogen, fureskogen med sin friske sterke farge. Og midt i ringen ligg so fjordbugti med ein beinskoren opning sudover. Her var ikkje noko som vanta i dette naturbiletet i dag – utan dette: Dampskipet burde kome her med middagstider, helst med flagg uppe, og sett ei strima rundt i dette smørauga.

Naar eg kalla museet eit kongssæte so vilde det lite høva berre avdi det er ein storfager stad. Men eg meiner at den aand som kviler yver museet, dei tankar som liver i minni som vaker her, dei skal med rett ha eit raaderom no i vaart folkeliv. Aa liva berre paa minni fraa dei gamle er ikkje rett, og det folk som det gjer, gjeng sjølv i stein og misser magt og mod, hev ein av vaare skaldar sagt. Men etter 1905 er det so mykje framtidshug og trong til nyreising i folket, at vyrdnaden, kjennskapen og kjærleiken til den gamle nasjonale kultur vil vera den tryggaste undergrunn.

Med denne tanke var eg baade glad og fegen at me hev fenge dette museum her i Sogn, og daa me gjekk innum inngangsdøri, var det med ei kjensla som dei gamle visst ma hava, naar dei kjem inn i kyrkja og set seg med attletne hender i kyrkjestolen. Eg hev sjølvsagt vore i museet i Bjørgvin fleire gonger, i museum i Oslo og i København ogso – rike og store. Men eg hev aldri kjendt slik ei aand og mast yver meg som her, endaa dette er bere lite mot det andre eg her hev nemnt. Det er tvo ting som gjer dette: Det fyrste er at dette museum er i Sogn, med forvitneleg ting fraa di eigi bygd og ditt eige fylke. I dei ymse reidskap, dei ymse arbeid og saker møter du paa ein maate den gamle tid og dei gamle ætter, som førde sin livskamp paa dei same tufter som du gjer sjølv. Minni fær difor eit sterkt og naturlegt tak i deg, som ikkje er bunde til bøker og blad. Fedra-aandi kviler yver deg, som naar far og mor ser paa deg med sine kjærlege augo. Det andre som er med og reiser muset sit verd for deg, er dette at all fedraarv og alt som er vaart eige, hev vorte dyrt og heilagt for oss, sidan me vann oss fram til eit sjølveige folk i 1905.

Museet i Amble hev to høgder, og kvar høgd fleire rom, med store opne dører imillom. Og kvart rom er so vidt stort, at me som var her i dag – yver 60 menneskje – kunde vera samla um Heiberg som med makelaus samhug og kjennskap fortalde og synte fram eit og anna av dei mest forvitnelege ting.

I fyrste romet var det hengd upp kring veggjerne ymse reidskap, som hyvlar, navrar, skavlar klemmor. Sumt av det som var her var kome fraa Island og fortalde soleis kor nært sambandet hadde vore millom bygderne i Sogn og den gamle sagaøyi, der mange sogningar hadde slege seg ned.
I andre romet var ein rikdom av ting, Her var gamle mynter fraa millomalderen, syljor og spenner, vaapen, stridsøkser, runesteinar, bogar, leivningar fraa Urneskyrkja, runesteinar, brynesteinar fraa slaget ved Fimreite, brennevinskjelar og krukkor, lekkjorne som Gjest Baardsen hadde sete fast i o.m.m. Sumt av dette var utgamalt og var det einaste av sitt slag i heile landet.
I tridje romet var liekeeins mykje forvitnelegt. Soleis naalespel, som gjenta bruka naar ein gut fridde til ho, og ei kula som lærdølene hadde bruka i krigen mot svensken, brudeskeider, islegjer, nasjonalbunad fraa Sogn for kar og kvende, selehøvre, klavetre. Her var også ein hestesele som hadde tilhøyrt ei av dei danske dronningar.

I fjorde romet fekk ein høve til å ta i yversyn t.d. kjengor, norsk steinty, primstavar, gapestokkar o.s.v. o.s.v. Og han var ikkje lite modig ein skulegut som torde setja gapestokken um halsen paa seg. Det hadde vel elles ikkje alltid vore moro å setja dette pyntet um halsen paa seg. Her var ogso bodstikka og herpil, langeleik, kaffikvernar o.m.m.

I eit av dei nemnde rom var der nokre steinøkser som hadde vore einaste byggjereiskap i si tid. I femte romet var det gamle altertavlor, ljosekruna, høgsetefjøler, fjøler fraa Tomaskyrkja på Filefjell. Det meste av dette med innskorne bilæte som synte attende til den tid daa vaare fedrar livde i den katholske tru.
I andre høgdi var i den eine ende alle veggjer upptekne av maalarstykke, bilæte og byster av ymse ætlingar av den store vidgreinte Heibergslekt, som ned gjennom tidene hev havt so stor ein plass millom embætsmenn, statsmenn og bokmenn.
I den andre ende av denne høgd er boksamlingarne. Dei er ikkje smaae. Det var her i dag for liti tid til aa sjaa anna enn ryggjerne av ei og onnor her og der millom mengden, liksom ogso aa lyda paa naar Heiberg fortalde um dei eldste og synte fram korleis utstyret av bøkene var, medan boktrykkjingi i landet enno var i sine barneaar. Her kunde vera mangt å skriva um dette museum, ogso etter ei so kort vitjing, men det da helst verta ei upprekning utan den soga som høyrer med, og som ofte kan vera so forvitneleg, at berre ein einskild ting kann hava mykje verd. Men naar eg sluttar med dette, skal eg trøysta lesarane med at her G. F. Heiberg – so vidt eg veit– hev større arbeid for seg til utgjeving av eit par bøker um ymse greiner av det som høyrer museet til.

Eg vil daa legja til, at liksom det er godt at Sogn hev fenge sitt museum, so er det likeeins gildt at han som eig det og styrer med det, hev slik livande samhug for museet og for arbeidet med det, og at han hev den makelause kjennskap og dugleik som han raar yver, og at han attaat alt dette ynskjer å faa folk paa vitjing og sjaa paa det. Denne samhug og dugleik hjaa hr. Heiberg maa folk i Sogn dra seg til nyttes. Dei maa vera hæve til aa sjaa innum i Sogns folkemuseum. Paa den maate kan samlingarne her verta til aandeleg vokster og større vidsyn i folket. Og endå ein ting til. Folk kring bygderne skal vera hjelpsame med aa samla inn oldsaker til museet her.

Det er godt at bygderne hev noko for seg sjølve. I dei store samlingar i byarne kjem dei einskilde bygder og fylke so alt for mykje burt i mengden fraa alle kantar. Høgskulestyrar Olav Hauge sa takk til Heiberg for den velvilje han i dag hadde synt skulelyden. Heimturen gjekk ogso lett. Det vart ingen borte paa vegen. Og yve Sogndalsbukti fylgde me også no med motorbaaten. Det var ei hugnadsam og gild ferd.