Do

Do

Kasse-forma do/toalett frå 1900 – 1910. Produsert av S. H. Lund & Co, Christiania

Bakre del høgre enn setedelen. Bakre del har hengsla topplok for påfylling av torvmold. Innvendig montert risteanordning som sender molda direkte til den lause blekkbytta under setet. Rundt hol på setet. Ekstra hengsla firkanta lok over setet. Sagflis er truleg brukt i staden for torvmold.
Doen kjem frå Luster Meieri og har truleg vore brukt av personalet ved meieriet ei tid. Meieriet er no nedreve.