Den stiva konehua i Sogn

Den stiva konehua i Sogn

HANDARBEIDSKAFÉ PÅ MUSEET

Sogn Bunadnettverk presenterer prosjektet

«Den stiva konehua i Sogn»

Torsdag 14. oktober er det tid for ny handarbeidskafe på museet. Sogn Bunadnettverk vil presentere prosjektet «Den stive konehua i Sogn». Kunnskapen om hovudplagget til sognebunaden står i fare for å bli gløymt og borte.

Målsettinga for møtet og prosjektet er å spreie kunnskap, inspirere til bruk og at fleire skal lære seg å sy, stive og sette opp konehua. Bruk av hua er ein ubroten tradisjon frå middelalderen. Mange fleire bør ha på seg hovudplagg når dei kler på seg sognebunaden.

Sogn Bunadnettverk vil og vise fram materialpakkane sine som er til sals i museumsbutikken.

TORSDAG 14. OKT. KL. 18.30

Kafé – utlodding - museumsbutikk

Inngang kr.50,- /årskort museet gratis

Alle er velkomne!