Gamle Vik prestegard

Den gamle Vik prestegard

Historia til prestegarden

Vik Prestegard er ein typisk embetsmannsbustad frå midt på 1700-talet. Vi har ikkje sikker kunnskap om opphavet til bygningen. Men kjeldestudiar syner at prestegardsbygningen truleg vart reist mellom 1764 og 1767, medan Jonas Daae var sokneprest i Vik. Huset vart til ved at to eldre bygningar ”Herrekammeret” og ”Borgstuen” vart samanbygt. Desse to husa var truleg frå slutten av 1600-talet.

Huset var så i bruk som prestebustad i Vik i over 160 år, fram til 1930. Då hadde huset vorte omvølt og endra fleire gonger, og det var i dårleg forfatning. Presten klaga over at det var helsefarleg og lite tenleg som bustad for huslyden hans, og fekk løyve hjå Kyrkjedepartementet til å leiga seg ny bustad. Den gamle prestegarden vart ståande tom utover på 30-talet og forfall meir og meir.

I 1937 tok grunnleggjaren og styraren av De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Gert Falch Heiberg, kontakt med Kyrkjedepartementet og ba om at prestegarden vart overdregen til museet. Han argumenterer i brev til departementet med at bygningen er ”en meget karakteristisk embetsmannbolig fra midten av det 18 århundrede, og den eneste virkelig gamle prestegårdsbygning som nu er igjen i Sogn, efterat Leikanger prestegårdsbygning blev flyttet til Norsk Folkemuseum, Bygdøy.”
Heiberg ville restaurera bygningen ”tilbake til oprindelig udseende” og nytta han til å samla gjenstandar frå embetsmannskulturen i Sogn.

Riksantikvaren tilrådde søknaden frå Heiberg, og april 1941 fekk De Heibergske Samlinger formelt overdrege bygningen, for flytting etter anvising av Riksantikvaren. Riving og flytting tok til i september same året, men på grunn av dei store kostnadene med prosjektet, og museets dårlege økonomi, kunne ikkje gjenopninga av prestegarden på museet i Amla skje før 31. mai 1949. Det skjedde på ei stor stemne der det også vart høgtida 40-årsjubileum for Historielaget for Sogn. Då var huset innreidd med mykje inventar frå fleire embetsmannsfamiliar i Sogn. Planen var også å nytta huset som kunstgalleri for gamal og ny sognekunst., men dette vart aldri realisert. I staden valde ein å nytta prestegarden til å syna ein typisk 1700-tals embetsmannsbustad.
Det vart også opparbeidd eit enkelt og tidsrett hageanlegg, og frå opninga i 1949 og fram til 1979 var Vik prestegard ein svært sentral del av De Heibergske Samlinger. Det var - utan samanlikning - den største antikvariske bygningen i museets eige, og den einaste som synte levemåten til dei ”kondisjonerte” i bygdesamfunnet. Prestegarden vart også brukt som motiv på museets postkort. Kortet nedanfor - frå 1960-talet - syner prestekontoret, storstova og bygningens sørside, med hageanlegg.