dhs-sf

Førjulskveldar på museet 2019

Museumsnissen

Onsdag 4. og måndag 9. desember!

Velkomne til dei tradisjonsrike førjulskveldane på museet.
Ta med deg vener og familie, og finn den gode julestemninga hjå oss.

- Gå med graut til fjøsnissen kl. 16, 16.30, 17 og 17.30
- Kos dykk med julegraut, kaffi og kaker i kafeen
- Gå på julehandel i museumsbutikken og hjå dei lokale handverkarane

Gratis inngang.
Me gler oss til å sjå dykk her!

Nye utstillingar

Nye utstillingar 2019 DHS-SF

KISTER, SKÅP OG SKRIN

I kafeen og innover utstillinga viser vi eit utval av museet si store samling av framskåp, hengeskåp, kister og skrin. Dei er rosemåla og vakkert utskorne, og viser det fremste av folkekunst frå bygdene våre.

UTSYN FRÅ AMLA

Lars Asle Vold er mellom anna kjend for dei vakre fotografia i Levd liv, boka om museet. Fotoutstillinga viser møtet mellom det trygge Amla og det harde livet som fleire av vennene hans i Romania opplever.

Haugastova

Stova frå Haugen

HAUGASTOVA

Den tømra og bordkledde stova er bygd på garden Haugen i Krundalen i Jostedalen tidleg på 1800-talet. Ho har to etasjar, med loft og kjellar. I fyrste høgda er det tre rom: stove, kammers og gang med trapp til andre etasje.

Årbok for Sogn 2018

Presentasjon av forfattarane:

    Kåre Hovland: Kongevegen over Filefjell "Frå geitestig til Europa Nostra-pris".

    Torunn Løne Vinje: Den eldste Dølevegen.

    Hermund Kleppa: Dampskipet «Gudvangen», ein pioner i rutefarten i Indre Sogn 1866—1873.

    Terje Eggum: Det lange tunneleventyret i Sogn.

    Aage Engesæter: Ferdsla over Loftesnessundet.

    Oddmund L. Hoel: Forretningsmannen og målmannen Henrik Krohn.

    Henrik Krohn: Til fjells.

Familiedagen 2018

Familiedag på museet 2018

DE HEIBERGSKE SAMLINGER SOGN FOLKEMUSEUM

Søndag den 9. sept. k 12-17

Tema: «Eventyr, segner og overtru»,

Aktivitetar i husa med eventyrforteljing, flatbrødbakst, handverk, musikk og omvisingar - Gardsarbeid - Föring av dyr - Hesteskyss - Verkstad for barn - Eventyrskogen -

Aktivitetar med speidarane i Kaupanger og Ung husflid - Veteranbilar - Eventyrfigurar i vev og tre m.m.

Kafé: Sal av betasuppe, hellekaker m.m.

ALLE ER VELKOMNE!

Vanlege billettar, gratis inngang for alle med årskort

Museumsonsdagar 2018

Museumsonsdagar 2018

Kvar onsdag i tida 20. juni - 15. august kan du oppleva dette på museet:

onsdagskokkar

kl. 13 - 16: Onsdagstema. nytt tema kvar onsdag..
kl. 13 . 16: Frivillige og tilsette viser gardsarbeid og tradisjonelt handverk i hus og tun..
kl. 14 - 17: Lokale gjestekokkar serverer kortreist tradisjonsmiddag..

Stella

Stellahuset DHS-SF museum

In den 1980er Jahren startete das Museum ein Projekt, bei dem es darum ging, den heutigen modernen Hausbau zu dokumentieren. Ein Fertighaus der Firma Nordbohus, ein in Sogn weit verbreitetes Produkt zu dieser Zeit, wurde auf dem Museumsgelände errichtet und 1987 fertiggestellt. Die Einrichtung ist identisch mit der eines vergleichbaren Hauses einer wirklichen Familie. Da die Scheidungsrate auch im ländlichen Norwegen schon relativ hoch war, wurde eine alleinerziehende Mutter mit 2 Kindern gewählt.

Seiten

RSS - dhs-sf abonnieren