kvitevollstova

Kvitevollstova

Kvitevollstova på DHS-Sogn Folkemuseum

Kvitevollstova vart opphavleg bygt rundt 1840 på Kvitevollen ved Dale kyrkje i Luster, av kapteinsenkja Catarina Elisabeth von der Lippe de Knagenhielm Daae Oeding. I 186o vart det selt til lensmann Carl Bjørnholdt.

Kvitevollsstova er samanbygd av to eldre tømra hus med ein gang i midten, til eit midtgangshus i seinempirestil. Taket er halv-valma med pannestein, og stova har mange store vindauge.
Utanpå tømmeret er det liggjande bordkledning, der tre sider er kvitmåla. Baksida har raud måling, fordi den var billegare.

RSS - kvitevollstova abonnieren